Stor fotball-kveld på Stryn Stadion tysdag

Postet av Stryn Fotball den 2. Okt 2023

Tysdag 3.oktober blir ein fin kveld for alle som er glad i lokalfotball! Heile 3 kampar står på menyen og vi har Open kiosk!

Programmet ser slik ut:
17.30   J14 Stryn 1 - Sandane 2
19.00   J14 Stryn 2 - Selje/Flatraket
19.00   6.div herrer: Stryn 2 - Hyen

Vi oppfordrar alle til å ta ein tur til Stadion i morgon, dette blir moro!

NB! Kiosken er open frå 17.30!




Stryn 2 avdelingsvinnar i 6.div avd 4!

Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2023

Stryn 2 har hatt ein strålande sesong i 6.div avd 4, og toppkampen mot Måløy 2 på Skavøypoll Stadion tysdag kveld endte med siger 5-2. Med 2 kampar igjen er det dermed ingen som kan ta frå Stryn 2 sigeren i avdelinga. 

Det var imidlertid heimelaget som kom best i gong og tok leiinga etter 28 min ved Ingar Røsok Kvalheim. Det varte ikkje lenge, 2 min seinare utlikna Saeed Tajik for Stryn 2.
Simen Reed Hopland har vist seg som ein notorisk målscorar i 6.div og scora 3 nye mål i går. Han står dermed på totalt 13 mål på 7 kampar denne sesongen. Tajik vart 2-målsscorar før Kasper Bakke Øvrebø reduserte til 2-5 etter 70 min. 

På biletet ser du glade strynespelarar/trenar etter at avdelingsmeisterskapet var sikra! (Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball)



Seinare i haust skal det spelast kvalik-kampar om opprykk til 5.div mot vinnarane for dei 3 andre avdelingane i 6.div. Vi kjem tilbake til dette når det nærmar seg. 

Stryn Fotball vil også rette ei stor takk til Stig Høynes som velvillig lar oss bruke bileta hans. Han gjer ein fantastisk jobb for fotballen i Sogn og Fjordane fotballkrets! Under ser de nok eit blinkskot frå han. 

                                                                    Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball 



Eit-måls tap for Stryn i 3.div damer

Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2023

Det vart tap med knappast mogleg margin for Stryn når Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 vitja Stryn Stadion tysdag kveld. Gjestane kom best i gong og 2 kjappe scoringar av Kaja Rekkedal tidleg i kampen sørga for at det stod 0-2 før 20 min var spelt.

Stryn kom imidlertid til hektene igjen og 2 scoringar av Malin Eikenes Tjellaug, derav ei på straffe, gjorde at laga gjekk til pause på 2-2. Men sogningane var frampå tidleg i 2.omgong også, Nathalie Høgi gav Sogndal leiinga på nytt berre 6 min etter kvilen. Det vart ikkje fleire scoringar til tross for at Stryn pressa på mot slutten og kampen endte dermed med eit litt surt 2-3 tap.

Arrangementsgruppa til Stryn sørga som vanleg for ei fin ramme rundt kampen, spesiell takk til Jenter 8 år som var med under innmarsjen. (Foto:Thomas Thaule/Fjordingen)



Stryn 2 med ein god dag på Sandane

Postet av Stryn Fotball den 25. Sep 2023

Stryn 2  (G11) har hatt ein røff start på hausten, men mandag kom endelig oppturen. Etter å ha havna bakpå eit par gongar i første omgang så klarte dei å snu kampen med god laginnsats. Denne blide gjengen er Keeper: Alexander, fremste rekke frå v: Håvard, Eirik, Gabriel, Jørgen, Markus. Bakerste rekke frå v: Julian, Aksel, Adrian og Jakob. Vi håpar framgangen fortsett siste tre kampane.



Dugnad og Laurdagstrening

Postet av Stryn Fotball den 23. Sep 2023

Laurdagstreningane er populære blant klubbens yngste spelerar, i dag var ca 25 stykker klare frå morgonen av. Som vanlig var kyndige Stian Sandal ein av instruktørane, her med den eldste gruppa. Nesten halvparten av dei som var med i dag var jenter, kjempebra!


 Odd Rune Flo er også en av instruktørene som regelmessig stiller på tidlig lørdagsmorningane, i dag med ansvar for den yngste gruppa.


Samtidig som lørdagstreninga går, er denne gjengen på dugnad på stadion med nødvendig vedlikehold rundt gamlebana. Dugnadssjæf Torfinn Moen har med seg John Einar Aaberg, Hallvard Leirgulen, Jonn Beines, Olav Tenden, Knut Sandbakk, Arnt Magne Fredheim. Gunnar Lindvik tar vedlikehold på buss.


Olav Tenden i fin driv opp langsida


Ein god blåsar, Arnt Magne, bles reint på innbyttarbenkane før Herrelaget skal spele mot Høyang


Vi ønsker at det skal sjå ordentlig ut på stadion og vi håpar at fleire vil bidra. Det treng ikkje være så mykje. 

  • Kast søpla i dunken.  Det er lov å plukke opp søppel som andre har kasta frå seg og.
  • Parker syklane vekke frå bana / asfaltkanten rundt, vi har ungar som snubla i syklar og skada seg.
  • Sjå over bane / innbyttarbenkar etter trening og kamp, rydd opp.
  • Ta med alle kle / alt utstyr heim
  • Det er lov å seie frå til andre som ikkje ryddar etter seg, men dette skal gjerast på ein respektfull måte.

Klubben = medlemmane, alle har litt eigarskap, så vær litt stolt, ta ansvar, så blir dette bra.


Det kjem seg.