Tine Fotballskule 2023

Postet av Stryn Fotball den 25. Jun 2023

Måndag brakar det laust med Tine Fotballskule på Stryn Stadion!
75 born er påmeldt og spelarar frå seniorlaga våre stiller som instruktørar!
Vi starter måndag kl 10.00 med utdeling av t-skjorter og sekkar frå Tine! 
Dette blir moro:-)



Stryn 2 tukta Hornindal - so vidt!

Postet av Stryn Fotball den 21. Jun 2023

På bildet ser vi Runar Tvinnereim med ei sugande takling på John-Erlend Bø (Foto: Thomas Thaule, Fjordingen).


Toppoppgjeret i 6.divisjon lokka mange stryningar og honndøler til Stryn stadion tirsdag. Denne godbiten vart altså prioritert foran landskampen på TV. Det er triveleg.

Første omgang vart eit lite antiklimaks. Hornindal låg lavt og kompakt, noko Stryn 2 ikkje fann særleg ut av. Ingen av laga skapte store sjansar dei første 45 minutta.

Hornindal heldt fram med å prioritere det defensive også etter pause, men etter kvart opna det seg meir opp for Stryn 2. Litt betre balltempo og meir bevegelse, gjorde at sjansane kom. Men det gjorde ikkje måla, til tross for stolpeskot og redning på strek.

Stryn 2 fikk frispark på ca 19 meters hald langt på overtid. Jørgen Trøsken har synt seg farleg i slike situasjonar før, og heile 7 minutt etter ordinær tid klinte han frisparket i nettmaskene bak ein sjanselaus keeper Kristoffer Grodås. 

Like etter dette slo Hornindal eit langt frispark inn i Stryn 2 sin 16-meter, og det vart fullstendig kaos. Bortelaget fikk 2-3 sjansar til å få ballen over streken, men keeper Kjell August Ytre-Eide og eit par andre stryningar klarte med nød og neppe å hindre baklengs.

Ein fortent siger til Stryn 2, som tek ferie på tabelltopp!

Les referat frå Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/692479/2268276/

Les om kampen i Fjordingen her:

https://www.fjordingen.no/sport/i/veG6Xj/stryn-stengde-kiosken-og-hornindal-stengde-nesten-maalet


Stryn 2 - Hornindal: 1-0 (0-0)
6.div avd 4, Stryn stadion, tirsdag 20.06.2023

Mål:
1-0 Jørgen Trøsken (90 + 7 min)

Stryn sin tropp:

  • 1 Kjell August Ytre-Eide
  • 4 Emil Lindvik Aaning
  • 8 Jørgen Trøsken  
  • 32 Sokrates Ullebø Hool
  • 39 Cato Sæten Gundersen 
  • 2 John-Erlend Bø
  • 5 Sondre Erdal
  • 6 Erick Vhiestrox Medina
  • 39 Sander Sande Tenden
  • 42 Dan-Marius Glosvik Espeland
  • 3 Mohamed Ahmed Ahmed Said
  • 7 Alexander Stefan Ekström
  • 9 Rasmus Skaare Tjellaug
  • 10 Tarjei Tøfte Heimlid
  • 20 Vegard Sæten Hopland
  • 41 Ola Holmlund Ørjasæter


Hornindal sin tropp:

  • 12 Kristoffer Grodås
  • 4 Elias Helset
  • 7 Eskil Nordang Seljeset
  • 13 Trygve Myrold
  • 35 Runar Stensaker Tvinnereim 
  • 10 Sander Misund Haugen
  • 14 Emil Haugen-Sebastian
  • 18 Lukas Olai Lødemel
  • 31 Martin Aaland 
  • 27 Lars Midthjell Gjørven
  • 33 Jakob Sæther
  • 1 Andreas Sollid
  • 6 Endre Lødemel
  • 9 Chrisander Lødøen Øen
  • 15 Magnus Midthjell Gjørven
  • 25 Håvard Sollid
  • 29 Mathias Espe Lødøen
  • 34 Aksel Kornelius Sollid Seljeset




Hold på hatten! Stryn 2 møter Hornindal i kveld kl 20.

Postet av Stryn Fotball den 20. Jun 2023

Kven skal ta ferie på tabelltoppen? Svaret får du i kveld. Eit durabeleg lokaloppgjer er i emning. Toppkamp i 6. divisjon. I kveld brakar naboane Stryn 2 og Hornindal saman på Stryn stadion kl 20.00.

Stryn 2 toppar tabellen med 18 poeng, Hornindal er to poeng bak. Dette blir ein thriller!

Skal Dagmund Evebø og Gunnar Grodås klare å senke gamleklubben?

Skal alle dei tidlegare strynespelarane, med brøytebilen Lars Gjørven (bildet) og granittblokka Endre Lødemel i spissen, ta tre poeng på Stryn stadion?
Blir evigunge Svein Olav Solum med i troppen til Hornindal?
Klarar dommar Muhamet Barla å halde styr på dei to laga?

Svara får du på Stryn stadion i kveld, kampstart kl 20.00.

Vi ynskjer Hornindal hjarteleg velkomne! 

(Alle bilder: Stig Høynes, haugenfotball.no)



- Eit ærleg forsøk, og positive tendensar

Postet av Stryn Fotball den 18. Jun 2023

John-Erlend Bø og Kevin Hoddevik gratulerer Steinar Hauge med 1-0 scoringa. Bilde: Stig Høynes, haugenfotball.no

Det vart ein meir forrykande kamp enn venta, i varmen på Stryn stadion på laurdag. Stryn tok tidleg leiinga, men topplaget Årdal snudde kampen utan at dei fikk rista av seg eit heiltent heimelag.

Spenninga heldt seg heilt til sluttsignalet kom 6-7 minutt på overtid, og Stryn stod då igjen med null poeng og eit 3-4 tap. Likevel var dette ein god kamp av Stryn, og trenar Jon-Terje Tjellaug har nok vore lenger nede etter eit tap enn denne gang.

- Dette var ein kamp som kunne bikka i vår fordel med litt flyt. Vi gjær eit ærleg stykke arbeid, og det er nesten godt nok til å slå topplaget i Kretsligaen. Eg er nøgd med viljen og innsatsen, og at vi scorar 3 mål. Samtidig slepp vi ikkje inn noko på dødball, vi er tøffe i eige felt. Sjølvsagt er der ting å jobbe med, som å vinne fleire andreballar, men vi tek med oss mykje positivt frå denne kampen, sa Tjellaug etter kampslutt.


Vegard Hopland spelte ein god kamp i midtforsvaret, og vart kåra til dagens stryning. Bilde: Stig Høynes, haugenfotball.no


Jon-Terje og Mats med nøyaktig samme caps! Dette var neppe avtalt på førehand. Bilde: Stig Høynes, haugenfotball.no

Sjå fleire bilder frå kampen på haugenfotball.no her:
https://www.haugenfotball.no/fakta230617strynardal.htm

Les Firda Live-referatet her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209815/


Stryn - Årdal: 3-4 (1-1)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 17.06.2023

Mål:
1-0 Steinar Hauge (5 min)
1-1 Joachim Furset (34 min)
1-2 Truls Hovland (50 min)
1-3 Truls Hovland (54 min)
2-3 Saeed Tajik (55 min)
2-4 Julian Lægreid (81 min)
3-4 Steinar Hauge (90 + 2 min)

Stryn:
Christian Strand - John-Erlend Bø, Jesper E. Jepsen, Vegard Hopland (Cato Gundersen i 8 min), Sondre Erdal - Ole-Ivan Glosvik Espeland (Jan Marius Brekke i 32 min), Kevin Hoddevik, Tomas Eikenes Tjellaug (Håvard Kroken i 45 min) - Saeed Tajik, Steinar Hauge, Hubert Wdowiak.

Ubenytta innbyttarar: Kjell August Ytre-Eide, Emil Aaning, Vegard Guddal, Mohamed Ahmed.





Hauge sikra fjerde sigeren på rad!

Postet av Stryn Fotball den 11. Jun 2023

Saeed Tajik og Håvard Kroken stormar til for å gratulere Steinar Hauge med det som vart matchvinnerscoringa mot Måløy. Fornøgde gutar! Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

- Sjølv om det vart resultatmessig tett og oppjaga på slutten, var dette 3 veldig fortjente poeng. Eg er fornøgd med mykje i dag, og spesielt den viljen spelarane syner for å vinne kampen. Vi jobbar knallhardt for å sikre sigeren. Så må vi fortsette å jobbe med bevegelsar og balltempo på siste tredjedelen av bana. No gler vi oss til å møte serieleiar Årdal i siste seriekamp før sommarferien, var oppsummeringa til ein nøgd og letta trenar Jon-Terje Tjellaug.

Sjå fleire nydeleg bilder frå kampen på haugefotball.no her:
https://www.haugenfotball.no/fakta230610maloystryn.htm

Her er referatet frå Firda Live:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209869/


God stemning i garderoben etter kampslutt!


Måløy - Stryn: 1-2 (1-1)
Kretsligaen, Skavøypoll stadion, laurdag 10.06.2023

Mål:
1-0 Bastian Djuvik (6 min)
1-1 Vegard Hopland (str. 35 min)
1-2 Steinar Hauge (71 min)

Stryn:
Christian Strand - John-Erlend Bø, Jesper E. Jepsen, Jørgen Trøsken, Johannes Fredheim (Marius K.Lødemel i 11 min) - Ole-Ivan Glosvik Espeland (Sondre Erdal i 19 min), Kevin Hoddevik, Tomas Eikenes Tjellaug - Saeed Tajik (Mohamed Ahmed i 6 min), Vegard Hopland (Håvard Kroken i 45 min), Steinar Hauge.

Ubenytta innbyttarar: Martinus Hesjedal, Cato Gundersen, Emil Aaning.



G12: - Krutsterk innsats av gutane!

Postet av Stryn Fotball den 9. Jun 2023

Bak frå venstre: Eirik Skaare, Yamen Persson, Christian Frøyset, Julian Sandal, Mohamad Alubaani og Rowan Mustafa. Framme frå venstre: Erik-August Flo-Thorsdal, Herman Konstali-Lødemel, Liam Krossen og Endre Øvreberg.

Torsdag kveld var det eine G12-laget på tur til Måløy, for å spele ein, i utgangspunktet, vanskeleg bortekamp.

Men dei unge og lovande strynegutane varta opp med storspel! Raudtrøyene vann komfortabelt denne vakre sumarkvelden, og trenaren var stolt av gutane etter kampslutt.

- Krutsterk innsats av gutane! Mange fine lagmål, og full kontroll i forsvar. Ein av dei beste kampane for sesongen, mot eit godt Måløy lag, var trenar Stian Sandal si lystige oppsummering.

Gratulerer med seieren, til ein herleg gjeng!



Solid bortesiger for Stryn

Postet av Stryn Fotball den 9. Jun 2023

Stryn tok ein sterk bortesiger mot Måløy i 3.div damer torsdag kveld!

Heimelaget låg før kampen på andreplass i 3.div med 16 poeng, likt med serieleiar Førde. Stryn var imidlertid revansjelystne etter ein litt svak poengfangst siste 3 kampane og tok tak frå start. Etter 2 kjappe scoringar av storscorar Emma Lødemel stod det 0-2 i målprotokollen etter 12 spelte minutt.

Stryn fortsatte trøkket og eit langskot frå Malin Tjellaug etter 40 min sikra 3-0 leiing til pause.

I andre omgong kontrollerte Stryn sigeren inn. Det vart ingen fleire scoringar og dermed klatra Stryn opp til 3.plass på tabellen.

På biletet ser vi jublande strynespelarar og trenarar etter kampen! (Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball)

 



Heimetap for Stryn i 3.div damer søndag

Postet av Stryn Fotball den 6. Jun 2023

 

 

Stryn tapte 0-4 heime for Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 søndag ettermiddag. Gjestane opna friskt og allereie etter 10 min stod det 0-2 på måltavla. Sogndal var klart best i 1.omgong og dette var også stillinga til pause. 

Heimelaget heva seg i andre omgong og hadde fleire muligheter til redusering utan å få uttelling. I staden var det Sogndal 2 som kontra inn 0-3 etter at dei fekk avklara ein corner til Stryn. 10 min før full tid fastsatte Kaja Frøyd sluttresultatet til 0-4.

På biletet ser vi midtstoppar Maria Kleiv Jensen som vart kåra til "Dagens stryning" og vann med det gåvekort på Isehaug Kafeteria og plakett gjeve av Fluor Lux!



Ola tatt ut på G15-landslaget!

Postet av Stryn Fotball den 6. Jun 2023

Equinor talentleir i Porsgrunn er frå 24. til 28. juni. I forbindelse med det, er Ola Holmlund Ørjasæter tatt ut i troppen til G15-landslaget!

Ola har vore mykje skadeplaga det siste året, og har vore svært tålmodig før han gradvis har auka kamp-belastninga utover våren. No er han skadefri og fit for fight, og er belønna med ein landslagsplass!

Stryn Fotball gratulerer med uttaket, og ynskjer lukke til på samlinga!

Tropp G15-landslaget:

Eryk Lukaszka - Bodø/Glimt
Matteus Nguyen - Brann
Nicholas Wik - Brann
Sebastian Ademola - Brighton
Oliver Sigernes - FC Zurich
Philip Holseter-Karlsen - Eik Tønsberg
Jesper Johnsson Solberg - Fredrikstad
Lukas Holter Busterud - HamKam
Markus Østerud - HamKam
Olav Mengshoel - HamKam
Einar Bøe Fauskanger - Haugesund
William Valenza - Haugesund
Henrik Haraldsen - Start
Kasper Vangen - Bjarg
Herman Sjåvik Opsahl - Kristiansund
Elion Krosa - Odd
Fredrik Dørrum Berg - Rosenborg
Lamin Huchard Nije - Sandefjord
Leon Dahlstrøm - Skeid
Richard Alexsander Ferrington - Stabæk
Szabolcs Buki - Stabæk
Suleiman Osman - Stabæk
Ola Holmlund Ørjasæter - Stryn
Aksel Olausson Tveit - Viking
Magnus Oftedal - Viking
Jesper Renhusløkken - Vålerenga
Wahib Fadil - Vålerenga

Les om uttaket på fotballforbundet sine sider her:
https://www.fotball.no/barn-og-ungdom/landslagsskolen/2023/uttak-equinor-talentleir-gutter2/