Stryn 2 avdelingsvinnar i 6.div avd 4!
Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2023
Stryn 2 har hatt ein strålande sesong i 6.div avd 4, og toppkampen mot Måløy 2 på Skavøypoll Stadion tysdag kveld endte med siger 5-2. Med 2 kampar igjen er det dermed ingen som kan ta frå Stryn 2 sigeren i avdelinga.
Det var imidlertid heimelaget som kom best i gong og tok leiinga etter 28 min ved Ingar Røsok Kvalheim. Det varte ikkje lenge, 2 min seinare utlikna Saeed Tajik for Stryn 2.
Simen Reed Hopland har vist seg som ein notorisk målscorar i 6.div og scora 3 nye mål i går. Han står dermed på totalt 13 mål på 7 kampar denne sesongen. Tajik vart 2-målsscorar før Kasper Bakke Øvrebø reduserte til 2-5 etter 70 min.
På biletet ser du glade strynespelarar/trenar etter at avdelingsmeisterskapet var sikra! (Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball)
Seinare i haust skal det spelast kvalik-kampar om opprykk til 5.div mot vinnarane for dei 3 andre avdelingane i 6.div. Vi kjem tilbake til dette når det nærmar seg.
Stryn Fotball vil også rette ei stor takk til Stig Høynes som velvillig lar oss bruke bileta hans. Han gjer ein fantastisk jobb for fotballen i Sogn og Fjordane fotballkrets! Under ser de nok eit blinkskot frå han.
Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball
Eit-måls tap for Stryn i 3.div damer
Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2023
Det vart tap med knappast mogleg margin for Stryn når Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 vitja Stryn Stadion tysdag kveld. Gjestane kom best i gong og 2 kjappe scoringar av Kaja Rekkedal tidleg i kampen sørga for at det stod 0-2 før 20 min var spelt.
Stryn kom imidlertid til hektene igjen og 2 scoringar av Malin Eikenes Tjellaug, derav ei på straffe, gjorde at laga gjekk til pause på 2-2. Men sogningane var frampå tidleg i 2.omgong også, Nathalie Høgi gav Sogndal leiinga på nytt berre 6 min etter kvilen. Det vart ikkje fleire scoringar til tross for at Stryn pressa på mot slutten og kampen endte dermed med eit litt surt 2-3 tap.
Arrangementsgruppa til Stryn sørga som vanleg for ei fin ramme rundt kampen, spesiell takk til Jenter 8 år som var med under innmarsjen. (Foto:Thomas Thaule/Fjordingen)
Stryn 2 med ein god dag på Sandane
Postet av Stryn Fotball den 25. Sep 2023
Stryn 2 (G11) har hatt ein røff start på hausten, men mandag kom endelig oppturen. Etter å ha havna bakpå eit par gongar i første omgang så klarte dei å snu kampen med god laginnsats. Denne blide gjengen er Keeper: Alexander, fremste rekke frå v: Håvard, Eirik, Gabriel, Jørgen, Markus. Bakerste rekke frå v: Julian, Aksel, Adrian og Jakob. Vi håpar framgangen fortsett siste tre kampane.
Dugnad og Laurdagstrening
Postet av Stryn Fotball den 23. Sep 2023
Laurdagstreningane er populære blant klubbens yngste spelerar, i dag var ca 25 stykker klare frå morgonen av. Som vanlig var kyndige Stian Sandal ein av instruktørane, her med den eldste gruppa. Nesten halvparten av dei som var med i dag var jenter, kjempebra!
Odd Rune Flo er også en av instruktørene som regelmessig stiller på tidlig lørdagsmorningane, i dag med ansvar for den yngste gruppa.
Samtidig som lørdagstreninga går, er denne gjengen på dugnad på stadion med nødvendig vedlikehold rundt gamlebana. Dugnadssjæf Torfinn Moen har med seg John Einar Aaberg, Hallvard Leirgulen, Jonn Beines, Olav Tenden, Knut Sandbakk, Arnt Magne Fredheim. Gunnar Lindvik tar vedlikehold på buss.
Olav Tenden i fin driv opp langsida
Ein god blåsar, Arnt Magne, bles reint på innbyttarbenkane før Herrelaget skal spele mot Høyang
Vi ønsker at det skal sjå ordentlig ut på stadion og vi håpar at fleire vil bidra. Det treng ikkje være så mykje.
- Kast søpla i dunken. Det er lov å plukke opp søppel som andre har kasta frå seg og.
- Parker syklane vekke frå bana / asfaltkanten rundt, vi har ungar som snubla i syklar og skada seg.
- Sjå over bane / innbyttarbenkar etter trening og kamp, rydd opp.
- Ta med alle kle / alt utstyr heim
- Det er lov å seie frå til andre som ikkje ryddar etter seg, men dette skal gjerast på ein respektfull måte.
Klubben = medlemmane, alle har litt eigarskap, så vær litt stolt, ta ansvar, så blir dette bra.
Det kjem seg.
- Vi jobba sokkane av oss
Postet av Stryn Fotball den 23. Sep 2023
Kevin har nettopp heada inn 1-1 mot Høyang (foto: Stig Høynes, haugenfotball.no)
Etter ein nervepirrande kamp, med bl.a. to raude kort, drog Stryn i land 3 poeng etter ein kraftanstrengelse i andre omgang. Målscorarar var dei to Selje-karane Kevin Hoddevik og Mohammad Ali.
Dagens stryning: Ole-Ivan Glosvik Espeland.
Trenarane Jon Terje Tjellaug og Mats Solheim var svært fornøgde med at alle poenga vart igjen i Stryn.
Les referat på Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209818/
Stryn - Høyang: 2-1 (1-1)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 23.09.2023
Mål:
0-1 Mentasenote Girmissi (21 min)
1-1 Kevin Hoddevik (29 min)
2-1 Mohammad Ali (74 min)
Stryn:
Karsten Hauge- John-Erlend Bø (Sigve Aabrekk i 3 min), Sigurd Fotland Fænn, Vegard Hopland, Johannes Fredheim - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug (Mohammad Ali i 23 min), Kevin Hoddevik - Ola Ørjasæter (Marcel Kucab i 9 min), Steinar Hauge, Saeed Tajik
Takk til alle som stiller opp!
Postet av Stryn Fotball den 18. Sep 2023
Denne helga er eit godt bevis på at Dugnadsviljen i Stryn lever i aller høgste grad!
Stryn Ping Pong Club har arrangert landets største Oktoberfest med ein enorm dugnadsinnsats frå "heile" bygda vår! Dette set verkeleg Stryn på kartet!
Stryn Fotball har arrangert Kretsligakamp fredag kveld og Kongleriket Miniputt turnering søndag, ikkje like store arrangement men likevel basert på dugnad. Vi vil takke alle foreldre i Stryn Fotball som har stilt opp for oss denne helga med kiosksal, kampvertar,. flytting av 3ar baner, parkeringsvakter, sekretariat osv osv! Ekstra stor takk til arrangementansvarlege på Kongleriket, Kamilla og Dorien, som sørga for ei strålande turnering for dei minste borna i Nordfjord!
Vi lar ungdomen representere alle som har stilt opp i helga. På biletet ser de ein glad og flink gjeng frå Stryn G13/14 som velvillig stilte opp på laurdag og hjalp til med rigging av 3ar banene før turneringa!
Kongleriket miniputt 2023
Postet av Stryn Fotball den 17. Sep 2023
Då er vi endelig i gong med eit av årets fotballhøgdepunkt, Kongleriket Miniputt i Stryn
Det tok ikkje lange stunda før sola klatra over Årheimsfjellet og under flotte forhold er lag frå Sandane, Olden, Vikane, Loen, Breimsbygda , Veten/Hardbagg, Hornindal og ikkje minst Stryn i gong med fotballglede og høg aktivitet på Stryn Stadion.
Tema for denne runden er "Trafikksikre miniputtar"
Kretsen har i samarbeid med Trygg Trafikk ein fotokonkurranse med dette tema, for å delta i denne sender ein inn eit bilde + ein kort rapport om kva ditt lag gjer for å sette fokus på trafikktryggleik.
Sendast til hildegunn.hove@fotball.no frist 6. oktober 2023
Så håpar vi alle har ei kjekk oppleving på Stryn Stadion og etter turneringa så kjører ein forsiktig heim. Husk bilbelte!
Kampoppsett Kongleriket Stryn 17.september
Postet av Stryn Fotball den 15. Sep 2023
Søndag er det klart for Kongleriket miniputt turnering i Stryn! Vi startar kl 10.30 og skal gjennomføre totalt 148 kampar for gutar og jenter 6-9 år! Her finn du kampoppsettet for turneringa:
Kampoppsett Kongleriket Stryn 2023.xlsx
Ola Holmlund Ørjasæter debuterte på landslaget!
Postet av Stryn Fotball den 14. Sep 2023
Strynespelar Ola Holmlund Ørjasæter fekk i dag sin debut på landslaget i G15-kampen mot Sverige i Falun. Ola kom inn som innbyttar etter 64 min i kampen som endte med 2-1 siger til Sverige.
Søndag er det nye muligheter for Ola og dei andre i landslagstroppen når laga møtes til ny kamp i Falun.
Stryn Fotball gratulerer så mykje med debuten og ynskjer lukke til på søndag!
Guttelaget tilbake på vinnarsporet!
Postet av Stryn Fotball den 13. Sep 2023
Stryn sitt guttelag har hatt ein noko tung start på haustsesongen. Uavgjort mot Eid og tap mot både Vik og Sogndal, var fasit før kveldens kamp mot Måløy.
Men no er gutane definitivt tilbake på vinnarsporet, og publikum fikk virkelig servert mange godbitar under flomlyset på Stryn stadion i kveld.
Heile fire scoringar av Mohammad Ali og kvar si scoring av Jonas Hopland og Tomas Tjellaug, gjorde at Stryn kan bokføre haustsesongens første tre-poenger. 6-3 vart sluttresultatet.
Stryn sin tropp:
Martinus Myklebust Hesjedal
Marcel Filip Kucab
Oddmund Hauge Otterdal
Tarjei Tøfte Heimlid
Bjørnar Tøfte Heimlid
Jesper Endal Jepsen
Jonas Rand Hopland
Sigve Heggdal Aabrekk
Tomas Eikenes Tjellaug
Oliver Veka Brath
Nftaleim Henok Asfaha
Mohammad Ali
Henrik Hesjedal
Nikolas Ullebø Hool
Theo Sande Tenden
Strynespelarar imponerte på sonetiltak, Enivestserien U13 i Florø
Postet av Stryn Fotball den 10. Sep 2023
Laurdag 9. september var det sonetiltak på for gutar og jenter 13 år i Florø. Sonetiltaket er kampar mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. På jentesida har Sogn vore det beste laget tidlegare, men denne helga, med heile 5 strynejenter på laget, viste Nordfjord seg som det beste laget. Etter først å ha spelt 1-1 mot Sunnfjord, var det eit heiltent Nordfjordlag med 5 Strynejenter frå start som kjempa favoritten ut av stilen, og fekk ein solid 2–0 siger. I siste kamp slo Sogn-Sunnfjord også 2-0, så resultat messig var Nordfjord best denne dagen.
Foto: Hege Guddal
Fv: Merry Abrham, Solveig Fure, Mathea Vik, Alma Svidal, June Guddal Kirkeeide og Henning Haugen (trenar)
På gutesida var Stryn denne gongen representert med Håvard Gjerde Sandal. I første kamp blei det 5-2 tap mot Sunnfjord, medan det i siste kamp blei siger 3-1 mot Sogn. Måltjuven frå Stryn scora scora eit mål i kvar av kampane.
3 poeng, vind og ekstremt gode sveler
Postet av Stryn Fotball den 9. Sep 2023
Ein glad gjeng etter kampslutt i Bremanger, med dei fire målscorarane i front. Håvard Kroken, Sigurd Fotland Fænn, Tomas Tjellaug og Mohammad Ali.
Stryn var i dag ut til vakre Bremanger for å knive om tre poeng i Kretsligaen.
Eit heiltent heimelag kjempa Stryn ut av stilen frå start, og tok leiinga på ei kontring etter 14 minutt. Etter Bremanger sin friske start, synte Stryn seg som det beste laget.
Utlikninga kom då Tomas Tjellaug klinka til frå 18 meter, og via ein Bremanger-forsvarar suste ballen i nettmaskene bak keeper.
Resten av omgangen var meir eller mindre eit konstant press mot eit lavtliggande heimelag, og Stryn burde definitivt leia til pause. Mellom anna hadde Vegard Hopland eit frispark i stolpen, og Steinar Hauge ei heading i tverliggaren.
Men Stryn måtte vere tålmodige i relativt sterk vind på Bremanger stadion. 6 minutt etter pause svinga Ole Ivan G. Espeland inn ein presis corner, og Mohammad Ali si heading var like presis.
Første halvdel av andre omgang var Stryn sin beste periode i kampen. Mykje vart avgjort då Tomas Tjellaug sin corner fann Sigurd Fotland Fænn inne i feltet. Sigurd si heading var strålande, sjølv om han i følge seg sjølv kneip igjen augo og håpa på det beste.
Håvard Kroken fastsette sluttresultatet til 1-4 då han utnytta litt panikk i Bremanger sine bakre rekker, og enkelt kunne trille ballen i mål frå 3 meter.
- Det vart ei tålmodighetsprøve for vår del. Vi møter eit kompakt og defensivt heimelag, som vi måtte bruke tid på å opne opp. Til slutt vinn vi fullt fortent, seier ein nøgd trenar Jon Terje Tjellaug etter kampslutt.
Etter kampslutt fikk bortelaget servert kaffi og ekstremt gode sveler. Svelene var smurt inn med smør og sukker. Smaken stod til terningkast 6. Høg klasse. Stryn Fotball takkar Bremanger for kampen, og god servering!
Bremanger - Stryn: 1-4 (1-1)
Kretsligaen, Skavøypoll stadion, laurdag 10.06.2023
Mål:
1-0 Vebjørn Igland Nigardsøy (14 min)
1-1 Tomas Eikenes Tjellaug (22 min)
1-2 Mohammad Ali (51 min)
1-3 Sigurd Fotland Fænn (59 min)
1-4 Håvard Kroken (68 min)
Stryn:
Karsten Hauge- John-Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn, Vegard Hopland, Johannes Fredheim (Marcel Kucab i 19 min) - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug (Jesper Jepsen i 28 min), Jan Marius K. Brekke - Steinar Hauge (Mohamed Ahmed i 10 min), Mohammad Ali (Saeed Tajik i 28 min), Håvard Kroken
Heimesiger for Stryn mot Selje/Åheim
Postet av Stryn Fotball den 4. Sep 2023
Fredag kveld tok Stryn i mot Selje/Åheim i 3.div damer. Det vart ein målrik batalje der Stryn til slutt vann meget fortent 6-2.
Det var imidlertid bortelaget som scora fyrste målet, allereie etter 4 min sørga Lene Refsnes for at det stod 0-1 på resultattavla. Stryn tok meir og meir over kampen og Emma Lødemel (28 min) og Victoria Bøe Fotland (33 min) sørga for at heimelaget snudde til 2-1 som og var pauseresultatet.
I andre omgong dominerte Stryn frå start til mål og produserte fine angrep på løpande band. 2 nye scoringar av Lødemel pluss 2 frå Malin Tjellaug trygga heimesigeren, og sjølv om gjestane reduserte til 2-3 etter 60 min var sigeren i realiteten aldri truga.
Etter at alle laga har spelt 3 kampar ligg Stryn no på 2.plass i 3.div med 4 poeng, bak Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 som toppar med 6 poeng.
- Dei har tatt veldig godt imot meg
Postet av Stryn Fotball den 3. Sep 2023
Mohammad Ali kom til Stryn frå Selje før haustsesongen, og 2006-modellen har allereie spelt 2 kampar og scora 1 mål for Stryn sitt herrelag i Kretsligaen.
Mohammad er ein ung og ambisiøs spelar, med mange spennande ferdigheiter. Vi tok ein prat med han om bytte av klubb, og ein del andre ting.
Men først haurde vi med trenar Jon Terje Tjellaug om dette nye tilskuddet til spelarstallen.
- Mohammad er eit nytt og friskt tilskot i troppen vår. Ung, ambisiøs, lettbeint og hardtarbeidande teknikar. Veldig spennande spelar som vi er kjempeglade for valde å kome til Stryn og bli ein del av Stryn Fotball. Eg såg Mohammed først for ca 5 år sidan i Selje. Allereie då var det lett å sjå at her er ein gut du kjem til å sjå meir til. Selje har vidareutvikla desse ferdigheitene på ein fin måte. Vi er kjempeglade for at Mohammed valde å kome til Stryn og kombinere fotball og skule. Ein knakande kjekke kar som vi kjem til å få mykje glede av, seier Tjellaug.
Så pepra vi Mohammad med ei del spørsmål, for å bli litt meir kjende med denne unge, blide og sympatiske karen frå Selje.
Kvifor bytta du klubb? Og kvifor vart det Stryn?
- Eg valgte å bytte klubb fordi eg vil satse på fotball, og eg har høyrt at Stryn er ein klubb som er flink å utvikle unge spelarar. Samtidig kjente eg mange i spelargruppa frå før, som Kevin, Sokrates, Emil, Jesper og fleire av dei yngste.
Har det gått fint å kome inn i spelargruppa? Har dei tatt godt imot deg?
- Det har gått kjempefint! At eg var med Stryn på Norway Cup, gjorde at eg vart kjent med endå fleire. Alle har tatt veldig godt imot meg i Stryn.
Mange lurer på om du er oppkalla etter bokselegenda og navnebror Muhammad Ali?
- Ja, det er eg faktisk! Pappa likte veldig godt boksaren, så då vart eg kalla opp etter han.
Kva gjer du på fritida når du ikkje spelar fotball?
- Då trenar eg på gymmen, er med vennar eller spelar FIFA på PlayStation.
Favorittlag og favorittspelar?
- Barcelona og Messi, ingen tvil.
Favorittmat?
- Kylling og ris.
Så litt om dine nye lagkameratar. Kven er den mest jålete?
- Kevin Hoddevik
Den med dårligast humor?
- Cato Gundersen
Den med finast sveis?
- Tomas Tjellaug
Den mest morsomme?
- Mohamed Ahmed.
Dersom du fikk ei papegøye, kva er det første du hadde lært den å seie?
- Darwin Nunez
Hjarteleg velkomen til Stryn Fotball, Mohammad!
Til slutt vil Stryn Fotball takke Selje for konstruktive forhandligar i forbindelse med denne overgangen.
Stryn tukta nesten serieleiaren
Postet av Stryn Fotball den 2. Sep 2023
To sentrale figurar for Stryn i dag. Keeper Karsten Hauge var Stryn sin beste spelar, bror Steinar hadde også ein god kamp og scora eit mål (gjer merksam på at dette smilebildet ikkje er frå i dag).
Stryn si startoppstilling i dag, hadde ein snittalder på 17,5 år (!). Det særedeles unge strynelaget var ikkje favoritt mot serieleiar Fjøra, med 13-1 tapet frå vårsesongen friskt i minne.
Likevel var det Stryn som synte seg skarpast før pause. Steinar Hauge avslutta eit fantastisk flott angrep med å kline ballen i nettaket frå 11 meter, og eit minst like flott solomål av Ola Holmlund Ørjasæter sørga for at heimelaget kunne gå til pause med ei voldsomt sterk (og noko overraskande) 2-0 leiing.
Fjøra var definitivt med på notane dei første 45 minutta, men ein god keeper Hauge kombinert med nokre svake avslutningar gjorde at sogndølene måtte gå svært skuffa i garderoben. Strynelaget synte voldsom vilje, og fikk godt betalt.
Andre omgang starta vanskeleg for Stryn, då eit Fjøra-innlegg gjekk via midstoppar Jesper Jepsen og i mål. Resten av omgangen kjempa Stryn litt mot overmakta, og kriga heroisk med nebb og klør for å unngå at alle poenga forsvant til fruktbygda.
Det heldt berre nesten. 6 minutt før slutt sette Malvin Gjerde inn sigersmålet for dei neongule frå Sogndal.
- Dette er eit surt tap. Men vi viser at vi er sterkare enn i vår, og vel å fokusere på prestasjonen. Kjekt å sjå at våre spelarar har tru på eigne ferdigheiter. Vi er tøffe i eige felt, vi har bra tempo i forflytningane både defensivt og offensivt. Vi vågar å spele sjølv om vi har press på oss. I andre omgang blir vi straffa på nokre overgongar i takt med at kreftene tek slutt og dei unødvendige balltapa blir fleire. Uansett er det ingen tvil om at vi kjem til å plukke mykje poeng i haust dersom vi fortset på samme nivå, seier trenar Jon Terje Tjellaug etter kampen.
Les referat, kampfakta og lagoppstillingar frå Fird Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209858/