Siger i seriestarten!

Postet av Frank Hool den 15. Apr 2023

Stryn sikra seg årets første 3 poeng i seriestarten mot Jølster i dag.

Til tross for at trenarane Jon-Terje Tjellaug og Mats Solheim føler at laget spelemessig har meir å gå på, kom smilet fram etter kampslutt likevel. 

Dagens stryning vart Jørgen Trøsken, som også scora heimelaget sitt første mål.


Oppsummering av kampen frå Firda Live:

"Dette var ein klassisk slitesiger for heimelaget. Likevel må det seiast at det er fortent at Stryn stikk av med alle poenga i dag. Jølster var godt med, men sleit med å skape veldig mange store sjansar. Heimelaget føler nok at dei har meir å gå på, samtidig som ein må vere nøgde med at dei 3 første poenga er i boks."


Sjå lagoppstillingar og les meir om kampen på Firda Live her.


Jørgen Trøsken vart kåra til dagens stryning,
og fekk gåvekort på Isehaug Kafeteria, samt ein plakett sponsa av Fluor-Lux.





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.