Rune Ommedal ny leiar i Stryn Fotball!

Postet av Frank Hool den 22. Mar 2023

Stryn Fotball hadde sitt Årsmøte tysdag kveld.
Styreleiar, Ivar Paulsen, og sportsleg leiar, Heidi Holmlund, hadde på førehand takka nei til gjenvalg i sine roller.

Rune Ommedal vart valgt til ny leiar og Øystein Hesjedal overtek etter Holmlund som sportsleg leiar.

Paulsen blir med vidare i styret som sekretær. Det nye styret i Stryn Fotball ser dermed slik ut:
Rune Ommedal - leiar (ny)
Øystein Hesjedal - sportsleg leiar (ny)
Ivar Paulsen - sekretær
Johann Sigurdsson - medlem (ny)
Roar Haugstveit - medlem (ny)
Oddvin Myklebust - medlem (ny)
Veslemøy Ulen - ungdomsrepresentant

Eit spennande styre som kjenner klubben godt, vi ynskjer dei lukke til med arbeidet!
På biletet ser du frå venstre Rune Ommedal, Øystein Hesjedal, Heidi Holmlund og Ivar Paulsen. Foto: Stryn Fotball


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.