Krutsterk treningskamp av Stryn sitt herrelag!

Postet av Frank Hool den 3. Mar 2023

På bortebane mot solide Bergsøy vann Stryn 2-1 i kveld.

Trenar Jon-Terje Tjellaug var svært godt nøgd med sitt mannskap etter kampslutt.
- I dag viste gutane kva potensial som bur i dei. Engasjement, speleglede og gode ferdigheiter. Veldig aggressive, flytta bein og var gode både i presspelet, og med ballen i laget. Trur dei følte dei var ein spelar meir i dag. God stemning, og det er akkurat dette som gjer fotball kjekt, seier Jon-Terje.


Hubert Wdowiak (bildet) scora begge måla til Stryn.

Stryn sin første obligatoriske kamp er laurdag 18.mars kl 15.
Då er det 1.kvalikrunde i NM-cupen borte mot Eid.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.