Jon-Terje Tjellaug ny hovedtrenar for Stryn sitt herrelag

Postet av Frank Hool den 2. Des 2022

Jon-Terje Tjellaug blir ny hovedtrenar for Stryn sitt herrelag.
Han overtek etter Øystein Hesjedal som har hatt jobben dei 2 siste sesongane.

Tjellaug får også med seg Mats Solheim i trenarteamet!

Jon-Terje har lang fartstid i strynefotballen og er ein kjent og kjær person i miljøet. Han er den spelaren med flest A-kampar for Stryn, og har også Kretsligakampar i 2022-sesongen. 
Han har i fleire år vore trenar for aldersbestemte lag i Stryn, både på gute- og jentesida, og trente Stryn G15 denne sesongen.

Med i trenerteamet blir altså også Mats Solheim frå Loen. Mats er nyleg flytta tilbake til Loen, etter fleire år som spelar på toppnivå både i Eliteserien (Sogndal og Stabæk) og Allsvenskan (Kalmar og Hammarby). Han har også A-kampar både for Stryn og Loen.

Ein spennande duo med god kjennskap til lokalfotballen og vi er veldig glad for at dei takka ja til jobben.

Stryn Fotball vil rette ei stor takk til Øystein Hesjedal og Jørn Peder Sætre som har gjort ein strålande jobb dei to siste åra, og ynskjer Jon-Terje og Mats lukke til i sesongen som kjem!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.