Sandane-Stryn 4-1. - Vi må nullstille

Postet av Frank Hool den 22. Apr 2023

Trenar Jon-Terje Tjellaug var svært skuffa etter å ha tapt grundig mot nyopprykka Sandane på bortebane i dag.

Stryn var bra med i starten av kampen, men likevel var det ingen tvil om at Sandane synt meir vilje, aggressivitet og duellstyrke. Stryn fekk svært sjeldan tempo i pasningspelet, og balltapa vart unødvendige og mange. 

- Ja, kva skal ein seie til dette? Vi får kjenne på denne gjennom helga, nullstille og trene godt neste veke. Som trenar tek eg ansvar for at vi ikkje klarar å utnytte ferdigheitene i laget, og framstå som eit godt lag både defensivt og offensivt. Kva knappar eg skal trykke på for å rette opp dette, må eg tenke litt gjennom. Vi har hatt mange gode treningsøkter, men klarar ikkje å overføre det til storbanespel. Det må vi få orden på. Det blir større avstandar, vi må springe meir, stå meir samla og tilpasse oss forholda vi spelar under, oppsumerer Tjellaug.

Kaptein Jørgen Trøsken var også ein skuffa mann etter tapet mot blåtrøyene frå Gloppen.

- Vi vil ikkje like mykje som dei. Av ein eller anna grunn manglar vi vilje, energi og speleglede, seier Jørgen.

Søndag 30.april blir neste sjanse til å syne betre takter.
Då er Førde 2 motstandar på Stryn stadion. Avspark kl 15:00.

Sandane - Stryn 4–1 (2–0)
Kretsligaen, Sandane idrettspark, laurdag 22.04.2023

Mål:
1–0 Fredrik Gjøen (33. min)
2–0 Robert Auflem Vik (45. min)
3–0 Sander Rauset Skogli (76. min)
4–0 Mathias Eikenes (80. min)
4–1 Johan Teigum-Ytreeide (83. min)

Stryn:
Christian Svoren Strand, Vegard Sæten Hopland, Sander Sande Tenden, John-Erlend Bø, Jan Marius Klepp Brekke, Tomas Eikenes Tjellaug, Steinar Hauge, Ole-Ivan Glosvik Espeland, Jørgen Trøsken, Saeed Tajik, Hubert Wdowiak.

Innbytarar:
Sigve Heggdal Aabrekk, Emil Lindvik Aaning, Dan Marius Glosvik Espeland, Cato Gundersen, Mohamed Ahmed, Johan Teigum-Ytreeide.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.