Fjøra bresa seg mot Stryn

Postet av Frank Hool den 5. Mai 2023

Kevin Hoddevik (bildet) scora sitt første mål for Stryn i dag, men sleit naturleg nok med å finne fram smilet etter kampen.

Eit råsterkt Fjøra lag, med 3 x Flo i startoppstillinga, vart ei umulig oppgåve for det unge strynelaget i kveld.

Stryn står dermed framleis med kun 3 poeng hittil i Kretsligaen, og trenar Jon-Terje Tjellaug er fast bestemt på at dei skal klare å snu den negative trenden.

- Fotball er av og til veldig brutalt. I dag møter vi eit rutinert lag som rett og slett er veldig mykje betre enn oss på absolutt alt, det må vi erkjenne. Så er det og slik at fotballkampar raskt blir historie, og nye muligheiter kjem. Om ei veke ventar Bremanger heime. Vi må gjere alt vi kan for å snu trenden no. Det er kun vi, trenarar og spelarar, som kan snu dette. Og det skal vi klare, seier Tjellaug.

Fjøra - Stryn: 13-1 (5-0)
Kretsligaen, Fosshaugane Campus, fredag 05.05.2023

Mål:
1-0 Malvin Gjerde (1 min)
2-0 Malvin Gjerde (18 min)
3-0 Ulrik Flo (22 min)
4-0 Malvin Gjerde (41 min)
5-0 Malvin Gjerde (45 min)
6-0 Sjølvmål (46 min)
7-0 Andreas Lerheim Olsen (51 min)
8-0 Malvin Gjerde (55 min)
9-0 Malvin Gjerde (57 min)
10-0 Andreas Lerheim Olsen (63 min)
11-0 Mathias Sunde Årdal (73 min)
12-0 Mathias Hovland (79 min)
12-1 Kevin Hoddevik (83 min)
13-1 Ulrik Flo (87 min)

Stryn:
Christian Svoren Strand, Vegard Hopland, Sander Tenden, Johan Teigum Ytreeide (Sokrates Ullebø Hool i 7 min), John-Erlend Bø, Ole-Ivan Glosvik Espeland, Kevin Hoddevik, Tomas Eikenes Tjellaug, Emil Aaning (Vegard Guddal i 28 min), Saeed Tajik, Mohamed Said (Sigve Aabrekk i 7 min)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.