Stryn fyrte på fleire sylindrar enn Vik

Postet av STRYN HERRER den 3. Jun 2023

Den første halvtimen var av medium kvalitet for Stryn sin del, då var også Vik småfarlege på nokre kontringar. Men etter eit kvarter med sjampisfotball og flotte scoringar, kunne Stryn ta pause med ei svært så romsleg 4-0 leiing. 

Stryn har god kontroll etter pause, og trenar Tjellaug prioriterte å gje godt med speletid til alle innbyttarar. 

Nokre av dagens viktige hendingar:
- Johannes Fredheim og Ola Holmlund Ørjasæter scora sine første mål i Kretsligaen for Stryn
- Håvard Kroken gjorde comeback etter langvarig skadeavbrekk
- Sondre Erdal gjorde comeback etter endt skuleår
- Keeper Karsten Hauge debuterte, og fikk sine første minutt i Kretsligaen for Stryn
- Johannes Fredheim vart kåra til dagens stryning

Trenar Jon-Terje Tjellaug oppsummerer kampen slik:
- Sjølv om Man United tapte FA Cup-finalen, er dette ein bra dag uansett. Det er lenge sia vi har scora 5 mål, og produsert så mange sjansar. I vårt etablerte spel er vi blitt betre til å løyse opp, og opne spelet når det blir trangt. Det er bra. Elles er vi trygge med ball, og vi tar betre valg offensivt enn på lenge.

Les referat frå Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209859/

Les om kampen i Fjordingen her:
https://www.fjordingen.no/sport/i/P4w9Rb/klampen-i-baann-paa-stadion


Stryn - Vik: 5-1 (4-0)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 03.06.2023

Mål:
1-0 Johannes Fredheim (30 min)
2-0 Hubert Wdowiak (36 min)
3-0 Ola Holmlund Ørjasæter (41 min)
4-0 Hubert Wdowiak (45+1 min)
5-0 Steinar Hauge (54 min)
5-1 Martin Stadheim (73 min)

Stryn:
Christian Strand (Karsten Hauge i 13 min) - John-Erlend Bø, Jesper E. Jepsen, Jørgen Trøsken, Johannes Fredheim - Ole-Ivan Glosvik Espeland (Jan Marius Brekke i 28 min), Kevin Hoddevik (Sondre Erdal i 14 min), Tomas Eikenes Tjellaug (Håvard Kroken i 35 min) - Ola Holmlund Ørjasæter (Vegard Hopland i 28 min), Hubert Wdowiak, Steinar Hauge (Johannes G. Tenden i 35 min).




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.