Siger i ujamn generalprøve

Postet av STRYN HERRER den 8. Mar 2024

(foto Stig Høynes, haugenfotball.no)


Stryn - Stranda: 2-1 (2-1)

I den siste kampen før cupkampen mot Florø, vart det ein knapp siger mot Stranda.

Stryn synte mykje bra i første omgang, og var det førande laget. Midstoppar Marcel Kucab scora allereie etter knappe ti minutt, då han dreiv framover i bana og til slutt enda opp aleine med keeper. I reine Darwin Nunez-stil chippa han ballen elegant over Stranda sin sisteskanse. Vakkert av 2007-modellen Kucab, som elles danna eit solid midtstopparpar saman med Jesper Jepsen.

Stryn hadde mykje ball før pause, men trenar Jon-Terje Tjellaug og assistent Mats Solheim skulle gjerne sett færre balltap og betre nøyaktighet framover i bana.

Likevel var det heimelaget som også scora det andre målet. Lars Midthjell Gjørven (på prøvespel frå Hornindal) brukte kjempekreftene sine då han meir eller mindre brøyta ballen i mål etter ein halvtime. I angrepet før scoringa til Gjørven, klinka Stranda ballen i tverliggaren.

I ein omgang der Stryn kanskje burde leia med både 3 og 4 mål, enda det heller med at Stranda fekk ei noko underleg straffe. Den vart sett sikkert i mål, og laga gjekk til pause med 2-1 i målprotokollen.

Etter pause var det litt blanda drops, og Stryn makta ikkje å sette Stranda på dei heilt store prøvane. Bortelaget hadde eit par enorme sjansar til utlikning, den største vart på magisk vis redda på streken av nemnde Marcel Kucab.

Det var gledeleg å sjå Justas Busmic tilbake i strynedrakta, då han fekk den siste halvtimen som innbyttar. Justas har vore mykje skadeplaga dei siste åra. 

Lukas Lødemel (også på prøvespel frå Hornindal) spelte ca ein halvtime for Stryn. Den unge honndølen synte spennande kvalitetar på venstrebacken, og kan være svært nøgd med eigen innsats.

Mål:
1-0 Marcel Filip Kucab (10 min)
2-0 Lars Midthjell Gjørven (32 min)
2-1 (straffe, 42 min)

Stryn sitt lag:
Kjell August Ytreeide (Martinus Hesjedal i 30 min, Christian Strand i 30 min)
Jonas Hopland (Lukas Lødemel i 32 min)
Marcel Kucab (Jesper Jepsen i 6 min)
Jesper Jepsen (Sokrates Ullebø Hool i 11 min)
Johannes Fredheim
Ole Ivan Glosvik Espeland
Tomas Tjellaug
Jan Marius K. Brekke (Justas Busmic i 32 min)
Sigve Aabrekk (Simen Hopland i 36 min)
Lars Midthjell Gjørven (Kevin Hoddevik i 45 min)
Mohammed Ali