God innsats av strynelaga under KM-Futsal i helga!

Postet av Stryn Fotball den 7. Mar 2022

Laurdag og søndag vart det arrangert KM-Futsal aldersbestemt på Sandane og i Stryn. 150 jente- og gutelag frå 13-19 år var i aksjon og vi fekk sjå stor idrettsgled og mykje fin fotball på begge plassar i helga.

Stryn stilte med mange lag og her er ei oppsummering av korleis det gjekk i dei ulike klassane:

G13:
Her stilte Stryn med 2 lag, 1 av laga gjekk vidare til 1/8-finale der det vart tap 1-3 for Dale.
Kretsmeistrar: Sogndal

G14:
Stryn sitt lag i G14-klassa gjekk også vidare frå gruppespelet, her vart Måløy for sterke i kvartfinalen og vann 3-1.
Kretsmeistrar: Måløy

J15:
Stryn stilte med 1 lag i J15-klassa. Jentene fekk det tøft i gruppespelet med 3 tap og uavgjort 0-0 mot Heia.
Kretsmeistrar: Sogndal

G15:
I G15 klassa gjekk Stryn heilt til topps i KM. Med 10 poeng tok stryningane gruppesigeren i avd 1. Med sigrar over Sandane (1/4-finale) og Førde (1/2-finale) var det klart for finale mot Måløy som enda med siger 5-1 og KM-tittel!
Kretsmeistrar: Stryn

J16:
Jentene gjekk vidare frå gruppespelet på betre målforskjell enn Askvoll/Holmedal, og i kvartfinalen vart det knepe tap 1-2 for Førde. Dei siste kreftene vart henta fram i bronsefinalen mot Jotun og etter ein spennande kamp og 2-1 siger kunne Stryn J16 motta pokalen for 3.plass i KM!
Kretsmeistrar: Førde

G16:
Gruppesiger også i denne klassa for Stryn. I semifinalen vart Kaupanger slått 5-1, men i finalen var det Førde som var hakket kvassare og vann til slutt 2-1.
Kretsmeistrar: Førde

J19:
Med 12 poeng og heile 15-2 i målskilnad i gruppespelet gjekk Stryn sitt J19 lag til semifinalen. Med siger 1-0 over Sandane i semien venta Førde i finalen. Etter ein jamn og spennande kamp snudde to raske scoringar kampen i Førdes favør  og dermed vart det sølvmedalje til Stryn.
Kretsmeistrar: Førde

G19:
Solid gruppespel også for dei eldste strynegutane, 10 poeng og 14-0 etter 4 kampar. I semifinalen vart det derimot tap for Jotun, og det var dermed duka for bronsefinale mot Vik som enda med 2-0 siger og 3.plass i KM!
Kretsmeistrar: Jotun

J13:
Kretsmeistrar: Sogndal

J14:
Kretsmeistrar: Førde

Stryn Fotball gratulerer alle kretsmeistrane. Vi vil også takke spelarar, trenarar, publikum, dommarar og ikkje minst alle frivillige som har stilt på dugnad i helga! Dette var moro!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.