Knepent tap mot seriefavoritten

Postet av Stryn Fotball den 21. Apr 2023

Stryn sitt damelag serieopna i kveld heime mot seriefavoritt Førde. Det enda med eit knepent 2-3 tap.

Allereie etter ca 5 sekund sjokkopna sunnfjordingane, etter scoring av Kaja Johannesen Skrede. Til tross for denne kalddusjen, slo strynedamene fort tilbake.
Først fekk Gunnalug Tenden eit skot blokkert, men etter 11 minutt kom Stryn sitt aller første seriemål i 2023. Og for ei kanon!
Malin Eikenes Tjellaug klinka til frå 27-28 meter, og ballen fauk i nettmaskene utan sjanse for keeper!

Resten av omgangen var jamnspelt, der begge lag hadde sina sjansar. Like før pause kontra gjestane, og Inga Hoff scora aleine med keeper.
Like etter pause auka Førde leiinga på nok ei kontring. Og igjen var det Inga Hoff som scora. Dermed 1-3, og alt tyda på at Førde skulle cruise inn ein komfortabel seier.

Men Stryn jobba seg inn i kampen, og mellom anna klinka Emma Dorthea Lødemel ballen i tverliggaren.

Etter 69 minutt fekk Stryn corner, som Malin Eikenes Tjellaug svinga inn i feltet. Der dukka Emma Dorthea Lødemel opp, og heada ballen kontant i mål!
2-3 og ei svært nervepirrande avslutning vart det. Sjølv om Stryn hadde eit par sjansar til å utlikne, ville det seg ikkje.

- Kjekt å vere i gang igjen. Surt med to kjappe mål i starten av kvar omgang, men eg syns vi står godt mot eit bra Førde-lag. Og vi viste absolutt at vi også har ein del å kome med. Vi heng ikkje med hovudet etter denne kampen, og ser framover mot neste. Kjekt med god stemning på stadion!, sa Malin Eikenes Tjellaug etter kampen.

Trenar Lise Flægstad var naturleg nok ikkje nøgd med null poeng, men fann likevel ein god del å glede seg over etter Førde-kampen.

- Det blei eit surt og knepent tap. Vi er ikkje påskrudd frå start, og får eit superraskt mål i mot. Det samme skjer i andre omgang. Vi har ein veldig varierande prestasjon i første omgang, så der har vi ein del å gå på. Vi gjer ein god andre omgang og er då heilt på nivå med Førde. Vi er generelt godt nøgde med det vi presterer og jentene gjorde ein kjempeinnsats!, er trenar Lise si oppsummering.

Les meir om kampen på Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/692647/2268423/

Ein lokal jury kåre Malin Eikenes Tjellaug til Dagens Stryning 
Som Dagens Stryning, fekk Maling gåve kort frå Isehaug Kafeteria, og ein plakett spons av Fluor-Lux. 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.