Ramma var fin, resultatet stinka!

Postet av Frank Hool den 16. Mai 2023

Kevin Hoddevik skyt fra 17 meter. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Publikum gjorde sitt for å skape ei god ramme rundt kampen. Her er ein fin bukett damespelarar med plakat og ropert! Sterkt levert.


Det klassiske 16.mai-oppgjeret mellom Stryn og Eid gjekk i år på Stryn stadion. Mykje publikum, livlig russ og smilande politi var nokon av ingrediensane. Men Stryn måtte dessverre sjå seg slått av erkerivalen Eid, i ein kamp heimelaget føler dei kunne fått så mykje meir ut av.

- Vi har våre gode periodar, men dei blir dessverre for korte i dag. Eid er fysisk robuste, og er sterkare enn oss i duellspelet. Vi vinn også for få andreballar. Der har vi mykje å gå på. I tillegg er Eid meir effektive enn oss, då blir det dessverre slik. Hadde vi vore nærare vårt maksnivå i dag, kunne dette blitt moro. No er det berre surt å stå igjen med ingenting, sa trenar Jon-Terje Tjellaug etter kampen.

Eit lysglimt for Stryn i dag, var debuten til unge Ola Holmlund Ørjasæter (2008-modell). Han spelte høgrekant dei siste 22 minutta, og synte fram sine spennande ferdigheiter ved fleire høve. Ein usedvanlig spennande spelar!


Stryn er dermed på 9.plass på tabellen, etter ein tung start på årets sesong:
https://www.fotball.no/fotballdata/lag/tabell/?fiksId=178643

Les Firda Live-referatet her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209880/


Og sjå fleire bilder frå kampen på haugenfotball.no etter kvart:

https://www.haugenfotball.no/



Stryn - Eid: 0-3 (0-2)
Kretsligaen, Stryn stadion, onsdag 16.05.2023

Mål:
0-1 Kristian Lefdal (11 min)
0-2 Sindre Årskog (38 min)
0-3 Sindre Årskog (49 min)

Stryn:

12 Christian Svoren Strand
4 Jørgen Trøsken
7 Ole-Ivan Glosvik Espeland
8 Emil Richard Allesøe (5 Johannes Fredheim i 33 min)
16 John-Erlend Bø
9 Jan Marius Klepp Brekke (19 Tomas Eikenes Tjellaug i 6 min)
11 Saeed Tajik
17 Kevin Hoddevik (3 Johannes Garlid Tenden i 32 min)
18 Steinar Hauge
6 Hubert Karol Wdowiak (2 Ola Holmlund Ørjasæter i 22 min)
20 Vegard Sæten Hopland

Øvrige innbyttarar:
1 Karsten Hauge
13 Mohamed Ahmed Ahmed Said
14 Jesper Endal Jepsen














Emil Allesøe vart dessverre skada i leggen, og frykta ein avriven leggmuskel.
I verste fall rauk akillesen.
Ironisk nok enda han på sjukehuset på....ja, nettopp: Eid.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.