Stryn spratt over Spretten!
Postet av Stryn Fotball den 20. Mai 2023
Stryn gjennomførte ein uhyre sterk bortekamp i dag, og det var ein glad gjeng som kunne juble etter kampslutt. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.
Jon-Terje Tjellaug var glad og letta etter den imponerande 3-poengaren.
- Dette fortente spelarane våre. Eg er imponert av at dei har stått i nokre tunge opplevingar, og reiser seg på denne måten. Vi har fokus på utvikling, og tok nye steg i dag. I dag var vi betre og meir tålmodige med ball, og får etterkvart store rom å spele i som vi klarar å utnytte. Skryt til ALLE spelarane. Innsatsen ligg i botnen. I dag er vi der vi skal vere, og dei fullfører 100% sjølv om det er blytungt for enkelte mot slutten. Det er akkurat slik det skal vere.
3 poeng i dag gjorde at Stryn spratt over Studentspretten på tabellen.
Hubert Wdowiak scora hat-trick i dag! Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.
Jubel i garderoben, og vi ser at Stig Høynes er tett på der det skjer.
Sjå fleire bilder frå kampen her: https://www.haugenfotball.no/fakta230520studentsprettenstryn.htm
Studentspretten - Stryn:1-4 (0-1)
Kretsligaen, Fosshaugane Campus, laurdag 20.05.2023
Mål:
0-1 Hubert Wdowiak (45 min)
1-1 (61 min)
1-2 Hubert Wdowiak (66 min)
1-3 Steinar Hauge (77 min)
1-4 Hubert Wdowiak (90 min)
Stryn:
Kjell August Ytre-Eide, John-Erlend Bø, Jesper E. Jepsen, Jørgen Trøsken, Johannes Fredheim, Ole-Ivan Glosvik Espeland, Kevin Hoddevik, Tomas Eikenes Tjellaug, Ola Holmlund Ørjasæter, Hubert Wdowiak, Steinar Hauge.
Benytta innbyttarar:
Mohamed Ahmed, Jan Marius K. Brekke, Sander S. Tenden og Cato Gundersen.
Inge Arne Bøe var stødig bussjåfør til Sogndal i dag. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stryn Fotball

Heimetap for Stryn i 3.div damer søndag
06.06.2023

Ola tatt ut på G15-landslaget!
06.06.2023

Årsmøte i Stryn T&I
30.05.2023

Tine Fotballskule 2023
24.05.2023

Stryn 2 slo topplaget i nimålsthriller!
19.05.2023