Klubbhistorie


Familien Flo – Ein stor del av Stryn 

Flo-familien har gjennom historia hatt stor innverknad på Stryn. Både gjennom og ha dei på laget, og som ei investering. Det er først og fremst 4 Floarar vi ser tilbake på, Jostein, Kjell Rune, Tore Andre og Håvard. Der Jostein, Tore Andre, og Kjell Rune er brødre, medan Håvard er fetteren deira. Men også i nyare tid har det også kome fram to nye unggutar som ser ut til å vere store talent, Per Egil og Ulrik.

Den første til å forlate Stryn til fordel for ei proffkarriere var Jostein. I 1987 velde han å reise til Molde. Der han spelte i 3 år før Kjetil Rekdal i 1990 fekk lokka han til Belgia og Lierse. Men Molde fekk same året Kjell Rune på laget, so Flo namnet skulle fortsett befinne seg i rosebyen. Jostein fekk året etter tilbodet om å oppleve ein av barndomsdraumane sine, og flytta deretter tilbake til heimlandet for å spele for Sogndal. Der var Håvard allereie i klubben, han kom til Sogndal i 1990, så det var dobbel Flo på Fosshaugane.

 

1993 var eit stort år for familien Flo. Jostein reiste ut i verda, til Sheffield United, samtidig som Tore Andre og broren Jarle kom til Sogndal for å spele saman med Håvard. Dette året la også Kjell Rune skoa på hylla for Molde, og eigentleg frå topp fotballen i det heile. Men det tok mange år på Stryn før Kjell Rune verkeleg klarte å gje slepp på fotballen. I 1994 fekk Håvard for første gong smake på utlandet, då han signerte for AGF Aarhus. Der var han til 1996 før han reiste til Tyskland for å spele for Werder Bremen. Dette er den største klubben Håvard nokon gong har vore i, og i ein vanskeleg liga blei likevel Håvard ein supporterane likevel trykte til brystet. Same året som Håvard reiste til Tyskland hadde Jostein fått nok av utlandet. Han velde å reise ”heim” for å spele for Strømsgodset. Strømsgodset såg sjansen i at Jostein kunne bli ein publikumsfavoritt, og var det største namnet som hadde på seg Godset drakta på den tida.


Tore Andre skulle berre fortsetje og utvikle seg i Norge. Han skifta til ein større klubb omlag kvart år. 1995 Sogndal - 1996 Tromsø - Brann. Og etter 2 år i Brann, og etter at han imponerte stort i ein treningskamp mot Liverpool, hadde ulike lag på balløya for alvor fått auga opp for ungguten. Det skulle ikkje gå lenge før han i 1997 etter berre 2 sesongar i Brann blei snappa opp av Chelsea.

 

Den neste av Flo familien som skulle legge opp var Jarle som spelte sine siste kampar i Sogndal drakta i 1998. Han hadde hatt ei lang og god karriere i Sogndal, men i forhold til brørne kom han heller ikkje lenger.


Jostein fortsette i Strømsgodset-drakta heilt til han la opp i 2002. Men etter det har han hatt rolle i trenarteamet og styret til Strømsgodset, så det er vel ingen tvil om kva klubb som er klubben i hans hjerte. Då var plutseleg Tore Andre og Håvard dei einaste igjen av den Flo generasjonen som var aktive. Etter tida i Werder Bremen, gjekk Håvard i 1999 til Wolverhampton, før han kom heim igjen til saftbygda og Sogndal Fotball sommaren 2002. I 2007 ville Brann hente Håvard på lån, men både sportsleg leiar Anders Giske og Håvard sjølv takka nei. Han la opp hausten 2008, og opprykkskampen mot Aalesund vart siste kampen i Sogndal-drakta. Tore

I 1999 skreiv Tore Andre under på ny 5-års kontrakt for Chelsea, men denne skulle han ikkje få fullføre. For   

allereie i 2000 gjekk han til skotske Rangers for å prøve lukka der, dette var dessutan den dyraste overgangen til ein norsk spelar gjennom tidene med ein prislapp på 161 millionar kroner. Men han hadde sett sitt preg på Chelsea med over 100 kampar.


Siste del av stordomstida til Tore Andre kan vi vel seie var i Rangers, deretter kom klubbytta hyppigare enn tidligare og han klarte ikkje å bli stabil i nokon klubb. Frå Rangers reiste han i 2002 til Sunderland, ein betydelig mindre klubb enn både Rangers og Chelsea. Etter eit år i Sunderland virka det imidlertid som om at Tore Andre hadde kome tilbake til godt gammalt slag, når han blei tilbydt kontrakt med serie-A klubben Siena. Men det var vanskeleg for Tore Andre å finne seg til rette i Italia, sjølv om han spelte mange kampar var han ikkje den same måljegeren som før. Samtidig som Tore Andre flytta til Italia, velde familien å bli buande i London store delar av året, dette var kanskje også noko som han tenkte på. Etter 2 år i Italia ville han ikkje meir, og blei tilbydt kontrakt med Vålerenga tilbake i heimlandet i 2005. Vålerenga hadde som mål å vinne seriegull og dei håpte på at Tore Andre skulle vere nøkkelen til dette, men ting gjekk ikkje som dei hadde håpa på. Tore Andre fann ikkje formen i Vålerenga i tillegg til at han sleit med store skadeperiodar. Så etter vel ein sesong i Vålerenga blei han ikkje tilbydt ny kontrakt.

 

Men Tore Andre hadde ikkje tenkt å legge skoa på hylla enda, sjølv i ein alder av 33 år. Han blei tilbydt kontrakt av sin gamle lagkamerat frå Chelsea, Dennis Wise, som trente Leeds i den engelske 1.divisjonen Championship. Tore Andre debuterte for Leeds 6. januar 2007 i ein FA-cupkamp mot West Bromwich Albion, der WBA vann 3–1. I sin første seriekamp for Leeds 20. januar, igjen mot West Bromwich, scora han allereie etter tre minutt. Han var på bana i 24 kampar for Leeds og scora fire mål.

 

Tore André annonserte den 11. mars 2008 at han la opp som profesjonell fotballspelar. Men han sakna fotballen etter han var med i Skal Vi Danse, og 21. november 2008 blei det klart at han gjer comeback for den engelske klubben MK Dons.

 

Flo-familien og landslaget 


Både Jostein, Tore Andre og Håvard har også vore på landslaget i si karriere. Først ute av dei var 

Jostein som debuterte på landslaget allereie i 1987. Deretter blei han ”gløymt” nokre år. Før han i 1992 igjen fekk spele på landslaget under Drillo mot Skottland. Han var også med til VM i 1994. I 1995 kom derimot Tore Andre også med på landslaget, han skulle då ta over for Jostein, og debuterte på Ullevaal mot England 15. oktober. Men Jostein gav seg ikkje på landslaget sjølv om lisjebroren prøvde å ta plassen hans. I staden for kom der ein 3. Floar på landslaget i 1996 då Håvard debuterte mot Ungarn 9. oktober. Håvard var faktisk den første av Floarane som scora eit VM mål, sjølv om han var siste mann til å debutere. Men det var heilt klart Tore Andre som utmerka seg mest på landslaget, med to kampar mot Brasil der han viste Søramerikanarane korleis ein verkeleg spela sambafotball. I det siste har ingen av Floarane vore i landslagsdiskusjonen, men kanskje Tore Andre kan få eit overraskande ”comeback” om han imponerar på klubblaget.

 

Den nye generasjonen Flo

 

Per Egil som er nevø av Håvard, og Ulrik som er sonen til Kjell Rune er den nye generasjonen Flo som har utmerka seg på fotballbana. Begge var tidleg ute med å debutere og spele seg fast på Stryn, trass i deira unge alder.

 

Per Egil var den første til å ta steget vidare til høgare nivå og Sogndal. Der han no spelar omlag fast når han er skadefri, sjølv om han berre er 21 år. Han har også utmerka seg på aldersbestemt landslag der han var kaptein på U-17, men blei flytta opp på U-18 eit år før tida pga. sitt store talent. Mange har sagt at Per Egil er det største Flo talentet gjennom tidene, å dette seier litt når ein ser på dei tidlegare Floarane.

 

I 2006 signerte også Ulrik for Sogndal, etter prøvespel med bl.a. Aalesund og Strømsgodset. Ulrik fekk ikkje debutere på a-laget til Sogndal med det same, dette fordi han har vore utlånt til Stryn pga skulegang. Ulrik har også vore innom U-18 landslaget, men har hatt vanskeligare for å spele seg fast på laget enn Per Egil.

 

Utanom dette har dessutan begge vore til utlandet på prøvespel for Portsmouth, dette i ein alder av 17 og 18 år.

 

I 2011 spelar Sogndal i Tippeligaen igjen, og Per Egil og Ulrik får også prøve seg på øverste nivå slik som Tore Andre, Jostein, Håvard, Kjell Rune og Jarle har gjort tidlegare. Det første gong sidan 1994 at ein Floar debuterer i Tippeligaen. 


 

Intervju med Per Sætre

 

 

 

 

 

Når vart Stryn fotballklubb oppretta og kven var med på å etablere klubben?

 

Stryn vart oppretta i 1922, og av ildsjelane var det i særleg grad Peder Berg som sto for grunnlaget.

 

Når hadde Stryn si stordomstid i dine auge, og kva var spesielt i denne perioden?

 

Opprykket i 1968 var berre eit blaff og ein rykte ned igjen året etter. Stryn låg deretter å vippa mellom 4, 5 og 6. divisjon. Det var ikkje noko særleg spelarstall som kunne nyttast, og leiinga valde ikkje å prioritere fotballen. Dette var også noko som førte til at interessa for fotballen i Stryn var lita.

 

I 1981 tok Per Sætre over som trenar når dei var i 5. divisjon. I 1982 vart det opprykk til 4.divisjon og dette førte til at det vart ein eksplosjon i interessa i bygda. Per Sætre hadde tidlegare trena eit gutelag, og drog med seg bl.a. Jostein Flo med seg på seniornivå. Som 16-åring fekk han under Per Sætre sin a-lagsdebut. I denne perioden blei det også oppsett eit skikkelig styre som kunne ta seg av alt rundt det sportslege, dette førte også til at det blei lagt meir til rette for og satsa meir på aldersbestemt fotball.

 

I 1984 fekk Per Sætre med seg Ed Nordang og Jan Aabrekk med seg i ein trenartrio, dette førte til ein jubelsesong. Det var opprykkskamp til 3.divisjon på Stryn stadion med heile 1460 tilskodarar. Det var dessutan Noregs beste dommar på denne tida som dømte kampen, Svein-Inge Thime. Denne kampen vann Stryn 2-1 i ein kamp der resultatet var avgjerande i begge endar av tabellen. Når Stryn vann rykte dei opp i 3.divisjon, medan motstandar Tornado måtte ta vegen ned i 4.divisjon.
Stryn

 

Ifrå 1985 har Stryn vore dei 2-3 beste laga i Sogn og Fjordane, det er berre Jotun og Sogndal som har vore betre.  

 

Har Stryn hatt nokon faste tilskodarar opp gjennom tidene, og korleis vil du framstille interessa rundt Stryn fotball (sponsorar, publikum og administrasjon)? 

 

Per dags dato er det ei fast kjerne på omlag 100 stk som er på kampane. Dette er ikkje hardbarka supporterar men tilskodarar. Det er litt skuffande at det ikkje er eigen supporterklubb, det kunne gitt klubben ein ekstra piff.

 

Det har heller aldri vore nokon kamp om å få vere sponsor av Stryn, men på den andre sida har det heller aldri vore noko problem og skaffe sponsorar. Begge bankane i Stryn, Nordea og Sogn & Fjordane Sparebank har bidrege mykje for Stryn fotball.

 

Vi har også hatt ein god administrasjon innanfor fotballgruppa sidan 1981, sjølv om det nokre gongar har vore litt problem med formann. Stryn har også prøvd seg med daglig leder, som har vore tilsett på heiltid, men dette vart ikkje nokon stor suksess. Så administrasjonen, som er så utruleg viktig for at ting skal gå rundt i organisasjonen, krev menneske som orkar og har mogelegheit til å gjere ein innsats for klubben etter at dei er ferdig i deira ”normale” jobbar. Utan desse flinke og pågangsvillige personane i Stryn kunne det blitt vanskeleg å holde klubben i gang.

 

Når kom Strynehallen og kunstgrasbana? Har Stryn Fotball fått mykje positivt ut av dette? 

 

Kunstgrasbana kom i 2006, medan Strynehallen kom så tidleg som i 1986. Spesielt kunstgrasbana var eit særs godt tilskot til fotballen. Dette førte til mykje betre treningsforhold for alle, men særleg for aldersbestemt. I tillegg ligg det betre til rette for alle å kunne trene med normal størrelse på bane heile året rundt. Hallen var viktig med tanke på kunne trene best mogleg i vinterhalvåret, og for å forbetre teknikken, men sjølv om hallen kom til var ein så mykje så mogleg utandørs. Det har også blitt innført innandørsturneringar, noko som har sett eit sosialt preg på fotballen.

 

Føler du at Stryn fotball har utvikla seg dei siste 20 åra?

 

Det er eit høgt nivå på Stryn fotball generelt, og i dei seinare åra har Stryn også utmerka seg som ein talentfabrikk. Det som Stryn absolutt bør bli betre på er utdanning av trenarar og leiarar innanfor fotballen.

 

Stryn har dei siste åra som sagt blitt sett på som ein talentklubb, som har forma mange unge talent. Har det alltid vore slik at Stryn har vore ein mellomstasjon for unge spelarar? 

 

Så klart merka ein på spelarane at dei følte dei var gode nok, og ville ut og prøve seg i større klubbar. Forutan Flo-familien har spelarar som Asbjørn Sunde, Gunnar Beinnes og Harald Os ”kome seg ut”. Men dette var i tidlegare år.

 

I ”nyare” tid har vi utvikla spelarar som t.d. Steinar Tenden, Asbjørn Tenden og Eivind Karlsbakk reist frå Stryn til større klubbar. Berre dei siste åra har Stryn selt 3 spelarar til Sogndal i 1. divisjon. Ulrik Flo, Per Egil Flo og Mats Solheim har fått tillitt i 3.divisjon og blitt oppdaga av klubbar på grunn av sine prestasjonar. I tillegg er det mange lovande fortsatt på a-laget og på aldersbestemt fotball i Stryn. Men noko som også heilt klart må vere viktig for at Stryn kan skape fleire talent er at klubbane som ligg i nærområda rundt Stryn ikkje går under. Mange av talenta som Stryn har fått fram kjem nemlig ikkje direkte frå Stryn. Går klubbane i nærområda under, kjem Stryn også til å tape på det.

 

Men eksporten av talent har klubben alltid hatt og det kjem ein til å fortsette med å ha fokus på.

 

For mindre klubbar som Stryn er det viktig og få støtte av lokalbefolkninga. Har det nokon gong vore problem med å få midlar som t.d. dugnadshjelp, eller har dette gått av seg sjølv?
I det siste har budsjettet alltid blitt halde. Det er viktig at økonomien er under bra styring. Her er det viktig å ta vare på sponsorane og ein kan gjerne dra dei med klubben inn i miljøet. Det er dermed mogleg å få dei til å gje meir pengar når dei veit kva arbeid som ligg bak.

 

I 1983 tok dei eit initiativ eigentleg på eiga hand. Grusbana vart rydda for snø og gjort klar til å spele fotball på. Som eit ledd i vintertrening tok ein kontakt med Molde FK for å få til ei impulssamling i Stryn. Dei tok kontakt med Torkhild Brakstad (trenar for Tromsø), Jan Fugleset (trenar for Molde) og Erik Johannesen (Keeper Viking) og Torleif Bergsås (Molde). Ein hadde 4-5 slike samlingar som var utruleg vellukka og som utan tvil bidrog til opprykket året etter. Men dette ville koste pengar, og det var veldig vanskelig å få til dette økonomisk. Det som då vart gjort var at ein sette inn annonse om kronerulling i lokalavisa. Dette gjekk over all forventning, ein fekk inn pengar til både flytur og hotellopphald til dei som kom.

 

Trur du at Stryn nokon gong kan vere med å hevde seg i ein av dei to øvste divisjonane? Eventuelt kvifor/kvifor ikkje? 

 

Per dags dato ser ikkje dette ut som noko ein kan få til. Men 2.divisjon bør vere eit realistisk mål, men her kjem også problemet med økonomi tilbake, og ein må då skaffe seg sponsorar med meir tyngde. Ein ting som kan kome negativt med tanke på økonomi er at om ein skal spele i 2.divisjon kan ein ikkje selje talenta.

 

Kva tiltak har Stryn gjort gjennom tidene for å framheve klubben? Og får å skaffe glede til spelarane (cupar o.l.)?  

 

Det Stryn har vore gode på er å gje spelarane tryggleik i klubben og gje dei følelsen av å vere ein del av klubben. Alle bryr seg om alle. Igjen fokuserar vi på

 aldersbestemt fotball skal vere moro, noko som er veldig positivt. Det er ei fast kjerne, som er med på det meste innanfor fotballen i Stryn, noko som er viktig for å halde klubben saman og for å gje dei nye ein best mogleg velkomst. I tillegg har det blitt danna cupar som har gjeve glede til mange unge fotballspelarar. Sognefjordcup er ein cup som har fått stor omslutning. Og i denne samanhengen har Stryn fått mykje positive tilbakemeldingar. I tillegg har det blitt arrangert Flo fotballskule som heilt klart har vore med på å framheve strynefotballen. Dette er ei aktivitetsveke for unge fotballspelarar som får vere med på mykje interessant, ikkje berre fotball, sjølv om den er i hovudfokus. Dei kjente Flo spelarane som har mogelegheit til å møte opp gjev ungane leksjonar innanfor fotball i tillegg til eit stort antal instruktørar. Dette arrangementet har fått mange positive tilbakemeldingar, og kjem nok til å halde fram i åra som kjem. Eit viktig steg for å fremje klubben og la andre få innsikt i kva som skjer i Stryn fotball har vore opprettinga av eiga nettside.

 

I dag finst det mange lag rundt om i regionen rundt Stryn som t.d. Loen, Hornindal og Veten/Hardbagg. Var det like mange lag rundt før i tida, og kor viktig trur du det blir å ha kontakt med klubbane rundt, for det blir vel viktig med tanke på rekruttering? 

 

Det er viktig å ha kontakt med klubbane rundt. Men ein kan også sjå på kor mykje spelarar det er rundt om i området. Noko som fører til at Stryn kan samarbeide med dei, med tanke på talentutvikling og speletid for unge spelarar. Stryn har eit tett samarbeid med Hornindal, der ein leiger ut spelarar til Hornindal og Stryn hentar inn talent frå Hornindal. På denne måten håpar ein på at begge klubbane kjem godt ut av situasjonane og kan få eit tettare samband med kvarandre, og gjere det som er best for enkeltindivida for å få den beste utviklinga.

 

Har det nokon gong vore problem å skaffe spelarar til Stryn? 

 

På 1970-talet og utover har det vore veldig bra med spelarar til Stryn. Men det problemet som kan oppstå utan andrelag er at steget frå aldersbestemt og opp på seniornivå kan bli stort med tanke på at a-laget spelar i 3.divisjon. Difor er det også viktig å halde kontakt med klubbane rundt som nemnt tidligare. Men det har alltid vore attraktivt å spele for Stryn, og det har ikkje vore store problem med å skaffe spelarar frå år til år. Det har vore situasjonar der har vore litt problematisk med folk. Men det har vore i samanhengar der kanskje mange ”gamle” spelarar legg opp på same tid, men det har alltid løyst seg. Og når dette skjer så må ein jo berre danne ein ny generasjon med unge spelarar. Det å blande etablerte spelarar med unge talent har vore eit hovudmoment i Stryn fotball som igjen har gjeve mange gode talent.

 

Kva er den største prestasjonen og opplevinga du har hatt med Stryn fotball? 

 

Som aktiv var det krinsmeisterskapet i 1962. Og som trenar var det opprykket i 1984 til 3.divisjon. I tillegg har det vore kjempemorosamt å sett på innspurtane dei siste to åra der Stryn har klart å drage heim igjen krinsmeisterskapet som vinnarar av 3. divisjon.

 

Kva tankar har Stryn om framtida? 

 

Slik det er no er det fantastisk. Det må likevel vere ei klar målsetjing å bli betre. Opprykk til 2. divisjon og å kunne etablere seg der trur eg må vere målsetjinga. I tillegg håper eg at dei lovande generasjonane med unge spelarar som er i Stryn no, kan vere med på å markere og gjere ein kjempeinnsats for å markere Stryn Fotball.

 

Kjelder: Skuleoppgåve av Kurt Erik Rauset, Kristian Brynestad og Mats Solheim, Wikipedia.com