Stryn 2 med sterk bortesiger!

Postet av Frank Hool den 25. Apr 2023

Seriestarten i 6.divisjon enda med full pott for trenar Geir Inge Rake og Stryn 2.

Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

 

Kampen mot Haugen gjekk på sagnomsuste Klenkarberget Stadion. Grasbana var fin, årstida tatt i betraktning. Men fleire av dei yngste strynespelarane kunne avsløre at dei aldri har spelt på gras før. 

Og for Stryn 2 sin del, kan nok underlaget forklare ein del av dei unødvendige balltapa. Likevel var Stryn det beste laget før pause, og leia 1-0 etter eit sjølvmål. Keeper Einar Dons Brath fikk ingen skot mot seg dei første 45 minutta, men var trygg og god langs bakken då han vart involvert.

Rett etter pause scora Johan Teigum-Ytreeide med eit velplassert skot frå 16 meter.

Etter kvart kom heimelaget betre med, mykje på grunn av innbytet av ex-strynespelar Karl-Erik Aarsheim. Teknikken til Kalle vart ei vrien utfordring for Stryn sitt forsvar, men dei løyste det likevel bra.

Haugen fekk si redusering etter 58 minutt, men Stryn drog sigeren og dei 3 poenga i land.

- Herleg å starte med tre poeng, på ei bane med eit utfordrande underlag. Elles syns eg mange av dei unge spelarane syner mykje bra, sa trenar Geir Inge Rake etter kampen.

Han hadde også med seg nokre veteranar i dag. Ein av dei var Einar Dons Brath, som i ein alder av 40+ debuterte som keeper! Han stod ein prikkfri kamp, og bidrog blant anna med to solide redningar i andre omgang. Ein solid 8`er på børsen.

Haugen - Stryn 2: 1-2 (0-1)
6.div avd 4, Klenkarberget stadion (gras), tirsdag 25.04.2023

Mål:
0-1 sjølvmål (40 min)
0-2 Johan Teigum-Ytreeide (47 min)
1-2 Mons-Arne Totland Gillesdal (58 min)

Tropp:

  • 12 Einar Dons Brath (keeper)
  • 2 Hans Teodor Opsahl Haugen
  • 3 Cato Sæten Gundersen
  • 4 Jørgen Trøsken
  • 5 Emil Lindvik Aaning
  • 8 Sokrates Ullebø Hool
  • 9 Tarjei Tøfte Heimlid
  • 10 Erick Vhiestrox Medina
  • 11 Tobias Balthazar Bruhn-Henriksen
  • 13 Mohamed Ahmed Ahmed Said
  • 14 Johan Teigum-Ytreeide
  • 15 Jarle Fretheim Konstali-Lødemel
  • 16 Brage Skåre Hogrenning
  • 17 Frank Hool

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.