- Eit ærleg forsøk, og positive tendensar

Postet av Stryn Fotball den 18. Jun 2023

John-Erlend Bø og Kevin Hoddevik gratulerer Steinar Hauge med 1-0 scoringa. Bilde: Stig Høynes, haugenfotball.no

Det vart ein meir forrykande kamp enn venta, i varmen på Stryn stadion på laurdag. Stryn tok tidleg leiinga, men topplaget Årdal snudde kampen utan at dei fikk rista av seg eit heiltent heimelag.

Spenninga heldt seg heilt til sluttsignalet kom 6-7 minutt på overtid, og Stryn stod då igjen med null poeng og eit 3-4 tap. Likevel var dette ein god kamp av Stryn, og trenar Jon-Terje Tjellaug har nok vore lenger nede etter eit tap enn denne gang.

- Dette var ein kamp som kunne bikka i vår fordel med litt flyt. Vi gjær eit ærleg stykke arbeid, og det er nesten godt nok til å slå topplaget i Kretsligaen. Eg er nøgd med viljen og innsatsen, og at vi scorar 3 mål. Samtidig slepp vi ikkje inn noko på dødball, vi er tøffe i eige felt. Sjølvsagt er der ting å jobbe med, som å vinne fleire andreballar, men vi tek med oss mykje positivt frå denne kampen, sa Tjellaug etter kampslutt.


Vegard Hopland spelte ein god kamp i midtforsvaret, og vart kåra til dagens stryning. Bilde: Stig Høynes, haugenfotball.no


Jon-Terje og Mats med nøyaktig samme caps! Dette var neppe avtalt på førehand. Bilde: Stig Høynes, haugenfotball.no

Sjå fleire bilder frå kampen på haugenfotball.no her:
https://www.haugenfotball.no/fakta230617strynardal.htm

Les Firda Live-referatet her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209815/


Stryn - Årdal: 3-4 (1-1)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 17.06.2023

Mål:
1-0 Steinar Hauge (5 min)
1-1 Joachim Furset (34 min)
1-2 Truls Hovland (50 min)
1-3 Truls Hovland (54 min)
2-3 Saeed Tajik (55 min)
2-4 Julian Lægreid (81 min)
3-4 Steinar Hauge (90 + 2 min)

Stryn:
Christian Strand - John-Erlend Bø, Jesper E. Jepsen, Vegard Hopland (Cato Gundersen i 8 min), Sondre Erdal - Ole-Ivan Glosvik Espeland (Jan Marius Brekke i 32 min), Kevin Hoddevik, Tomas Eikenes Tjellaug (Håvard Kroken i 45 min) - Saeed Tajik, Steinar Hauge, Hubert Wdowiak.

Ubenytta innbyttarar: Kjell August Ytre-Eide, Emil Aaning, Vegard Guddal, Mohamed Ahmed.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.