Endeleg – vårens vakraste eventyr – seriestart i Kretsligaen!

Postet av Stryn Fotball den 12. Apr 2024

Trenar Jon Terje Tjellaug har ordet, i forkant av serieopninga mot Studentspretten i morgon (laurdag) kl 14.


Assistent Mats Solheim og hovedtrenar Jon Terje Tjellaug. Foto Fjordingen.

Helga er komen. Seriestarten er her. Ein utfordrande vinter, der spesielt kulden har vore hard, er over. Lauva sprett ut på trea, og fotballen begynne og rulle. 

På TV går eliteserien sin gong, vi føl med spelarar med tilknyting til Stryn både i Sarpsborg og Sogndal. No er det vår tur til å gå ut på bana og kome i gong med vår eigen sesong. Vi gledar oss. 

I november starta vi opp med innandørstrening. Godt å koble av, ha det kjekt og halde den fysiske forma litt ved like. Etter kvart bevega vi oss ut, forholda vart meir stabile, og etter vinterferien har vi vore ute.  På stadion har Jarle fiksa og ordna, og gjort så godt han kan for at vi skal ha gode forhold. 

Etter vinterferien har vi trent 4 gongar i veka, og spelt nokre treningskampar, med varierande resultat. Vi har fått inn nokre nye fjes, det er alltid godt i ei gruppe. Lars Gjørven og Lukas Olai Lødemel har meldt overgong frå Hornindal. Desse to supplerar gruppa vår på ein fin måte. Daniel Gjervik er på veg mot eit lite comeback etter at fjoråret var prega av ein kneskade. Utanom det er det mange kjente fjes. Ei ung spelargruppe, med mykje gode ferdigheiter. 

Som mange andre lag saknar vi spelarar i alderen 20+. Vegard, Jan Marius, Kjell August og Ole Ivan får stå for rutinen forløpig. Desse får være litt hærførarar og bidra med rutine og positivitet. Resten av gjengen held junioralder, men er likevel eitt år eldre enn i fjor. Dette håpar vi å sjå. 

Det blir litt for enkelt å seie at dei eldre må ta ekstra tak. Her må dei unge brette opp armane og våge ta endå større ansvar. Vi er avhengig av at dei vågar å ta dette ansvaret, viser seg fram, og bidreg på ein positiv måte både for seg sjølv og laget. Kvar einskild må gjere jobben sin, stille krav til seg sjølv, ikkje berre stille krav til alle rundt seg. Her er spennande spelarar som heilt sikkert har ei framtid i fotballen foran seg, det håpar vi å sjå spor av allereie laurdag. 

Vi er no 37-38 spelarar, og har til no opptredd som ei spelargruppe. Dette har ført til at vi om lag har vore 25 i snitt på trening. Ny situasjon i Stryn, lenge sidan det har vore slik. Det er både kjekt og utfordrande på same tid. Men vi har to lag som skal igjennom seriespel, så vi treng alle mann alle. 

I løpet av våren får vi litt påfyll i troppen. Jørgen Trøsken er i militæret, men kjem heim til nokre kampar i vårsesongen, og blir ein viktig mann for oss. Sondre Erdal kjem som sommarvikar mest sannsynleg frå studiar i Trondheim. Fin fyr som vil bidra positivt den perioden han er her både i trening og kamp. 

Nytt fjes inn i troppen frå midten av mai blir Isak Skogen. Isak har trent med oss tidlegare, men har studert vekke, siste året på Folkehøgskule i Oslo, der han har gått fotballinja. Spelar no for Skeid og har ein gammal kjenning frå Styn, Martin Dolvik som trenar. 

Nokre spelarar er vekke frå i fjor. Vi har ein Bergensgjeng (studentar) som dette året vil spele fotball i Bergen. Det har dei sjølvsagt fått lov til, sjølv om vi gjerne skulle hatt dei her. Sigurd F. Fænn og John-Erlend Bøe spelar for Baune, medan Håvard Kroken har meldt overgong til Nymark. Lukke til med sesongen i Bergen! 

Vi gledar oss til kampen mot Studentspretten i morgon. Endeleg er vi i gong. Ein ung og forhåpentlegvis svolten gjeng har lyst på ein god start på sesongen. Vi skal love å gjere så godt vi kan. Mange kvikke bein vil fylle grasmatta, vi satsar på at det er Stryn som er kvikkast. Håpar dette kan skape gode stunder og positivitet på stadion. 

Vi skal i alle fall gjer vårt beste.

Helsing Jon Terje


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.