Mange Stryne-spelarar uttekne på Kretslag!

Postet av Stryn Fotball den 22. Des 2023

NFF Sogn og Fjordane har no teke ut troppane til dei ulike Kretslaga, og her er mange stryningar representert!

For 2011-kullet blir komande år fyrste møte med kretslagsaktivitet. Spelarutviklar i kretsen har no teke ut fyrste troppen til G13 og heile 6 spelarar frå Stryn Fotball er tekne ut:
Eirik August Flo Thorsdal, Noah Heggestad Ommedal, Julian Sandal, Christian Frøyset, Hermann Konstali-Lødemel og Mats Eikenes Tjellaug.  

Stryn sitt G-2011 lag er ein stor og ivrig gjeng, på biletet ser de heile laget samla på Kiwi Bama cup i Volda i november.


Stryn er også representert på kretsen sine jentelag, Solveig Fure er teken ut på J14 og Kornelia Trøsken er teken ut på J15! På biletet frå ei eliteturnering frå tidlegare i haust ser de Kornelia t.v og Solveig t.h i lag med Mathea Vik som også deltok på denne turneringa. 


Stryn Fotball gratulerer med uttaka og ynskjer alle saman lukke til!




God Jul og Godt Nytt År!

Postet av Stryn Fotball den 22. Des 2023

Nok eit aktivt år i Stryn Fotball er gått! Ca 400 små og store fotballspelarar har nytta det flotte anlegget vi har på Stryn Stadion til trening og kampar med laga sine, og til fri fotball-leik i lag med vener. Akkurat slik vi ynskjer det!

Vi har delteke på cupar, både i nærområdet og litt lengre vekke, med overnatting. Norway Cup vart ei fantastisk oppleving for laga våre i ungdomsfotballen og  Ekebergsletta formeleg krydde av folk med raude gensarar frå Stryn Fotball!
Fleire lag frå barnefotballen har delteke på Hessa Cup i Ålesund og Lerum Cup i Sogndal, og dei aller minste har vore med på Kongleriket Miniputt-turneringane til Kretsen. Stryn United fekk også sin årlege tur til Landsturneringa, denne gongen på Lillehammer. Alle saman har representert heimbygda si og klubben sin på ein fantastisk fin måte, både på og utanfor bana!

I kretsligaen endte vi på 4.plass - bak Eid på 3.plass og suverene Årdal og Fjøra heilt på topp. Stryn 2 vann 6.div avd 4, men i kampen om KM-tittelen vart det tap 1-2 for Anga. I 3.div damer endte Stryn på 2.plass i haustsesongen, bak Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2.

Stryn Fotball vil gjerne takke alle spelarar, trenarar, lagleiarar, medlemmar i styret/utval og alle dykk andre som har stilt opp for klubben i året som har gått!

Ei ekstra stor takk til alle våre gode og trufaste sponsorar som gjer det mogleg for oss å oppretthalde den store aktiviteten vi har. 

Vi ynskjer alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År!

Helsing Stryn Fotball





Sølv til både dame- og herrelaget på KM-Futsal i helga!

Postet av Stryn Fotball den 4. Des 2023

Stryn stilte med 5 lag under KM-Futsal senior i Førde i helga, 2 damelag og 3 herrelag. Det vart finalespel i begge klassane og motstandar var Førde 1 for både herre.- og damlaget.

Det viste seg at dette var Førde sin dag, for begge finalane endte med siger til sunnfjordingane:

Herrer: Stryn 1 - Førde 1  0-4
Damer: Stryn 2 - Førde 1  1-2

Førde 2 tok 3.plassen i dameklassa medan Vik vart nr 3 i herreklassa. 

Vi gratulerer Stryn, Førde og Vik med medaljar i KM!





Årets Julegavetips frå Stryn Fotball!

Postet av Stryn Fotball den 28. Nov 2023

Kjenner du ein som er glad i lokalfotball? Då har vi julegavetips til deg!

Her kan du få kjøpt 2 flotte bøker om fotballen i Stryn og Sogn og Fjordane:

1) "Fotball i 100 år" - Sogn og Fjordane Fotballkrets si jubileumsbok som tek for seg fotballhistoria til klubbar og krets. Forfattar Stig Roger Eide har gjort ein fantastisk jobb med denne boka! Her finn du historikk, historier frå fotballbanene rundt omkring, statistikk og bilder frå samtlege fotballbaner i Sogn og Fjordane Fotballkrets.
Pris: kr 300,-

2) "100 år med opplevingar" - Stryn Fotball si jubileumsbok i samband med 100-års feiringa i 2022. Forfattar Harald Vartdal brukte "heile" 2022 til å samle inn historier og bilder frå spelarar, hendingar, eldsjelar og andre med eit stort hjarte for Stryn Fotball. Resultatet vart denne fantastiske boka om klubben vår! Vi har fortsatt nokre eksemplar igjen - ypperleg julegåve til deg sjølv eller andre!
Pris: kr 200,-

3) "Fotball i 100 år" + "100 år med opplevingar" - pakkepris!
Pris kr 400,- 

Ta kontakt med Stryn Fotball på tlf 99387441, e-post  post@stryn-fotball.com eller stikk oppom kontoret på Stryn Stadion (08.00-1600) dersom du ynskjer å kjøpe ei eller begge bøkene.

Bøkane kan også kjøpast hos Stryn Fotball sin stand på Stryn Torg onsdag 29.11 og fredag 01.12  mellom 14.30-17.00. Då kan du også få kjøpt vår tradisjonsrike julekalender dersom du ikkje allereie har sikra deg den.

 




Kretsens Blå diplom til Rune Ommedal, Roar Haugstveit og Anders Maurset

Postet av Stryn Fotball den 27. Nov 2023

Denne helga var heile fotballfamilien i NFF Sogn og Fjordane samla til Kretsting i Førde. Som vanleg stod adminsitrasjon og styret i fotballkretsen for eit flott arrangement, med ei god blanding av fagleg innhald, Framlegg til avrøysting frå både klubbar og krets, pristudelingar og festmiddag.

Fleire stryningar fekk tildelt diplomar som synleg bevis for god innsats for lokalfotballen. Som kjent fekk Evy Rossetvik tildelt kretsen sitt Gullmerke for særskild stor og lang teneste. I tillegg fekk Rune Ommedal, Roar Haugstveit og Anders Maurset kretsen sitt Blå Diplom for sin mangeårige innsats for Stryn Fotball. Vi gratulerer alle saman med velfortente prisar!

Stryn var også representert på underhaldningsfronten på Kretstinget. Roy Aron Myklebust dukka stadig vekk opp på scena som fleire av sine kjende og kjære figurar, til stor applaus og latter frå salen!

Stryn Fotball vil takke Kretsen og klubbane for nok eit flott Kretsting!





Gullmerke med diplom til Evy Rossetvik

Postet av Stryn Fotball den 27. Nov 2023

Evy Rossetvik frå Stryn vart i  kveld tildelt Kretsen sitt Gullmerke med diplom som fyrste kvinne nokon gong. 

Gullmerke med diplom blir tildelt personar som har særskild stor og lang teneste for NFF Sogn og Fjordane. Tildelinga skjedde under NFF Sogn og Fjordane Fotballkrets sitt kretsting i Førde. 

Tidlegare dagleg leiar i fotballkretsen, Svein Olav Myklebust, fekk Også tildelt prisen på årets Kretsting.

Stryn Fotball gratulerer så mykje!





Fair Play - sertifikat til Stryn Fotball!

Postet av Stryn Fotball den 16. Nov 2023

Stryn Fotball er ein av 12 klubbar i NFF Sogn og Fjordane som no har fått tildelt Fair Play-Sertifikat for 2023! Sertifikatet blir delt ut til klubbar som har sett  Fair Play i fokus og jobba målretta for ein trygg og god fotballkvardag!

Stryn Fotball vil takke alle spelarar, trenarar, lagleiarar, foreldre, tillitsvalgte og ikkje minst Fair-Play utvalet v/Kamilla og Anne Siri! Saman skapar vi trygge og gode fotball-opplevingar for born og vaksne!




God innsats på Førde Cup for J16 og J19!

Postet av Stryn Fotball den 14. Nov 2023

Stryn deltok med 2 lag på Førde Cup i helga, og begge gjorde sine saker meget bra! Både J16 og J19 gjekk vidare til A-sluttspelet frå gruppespel. 

J16 møtte Askvoll 2 i 1/8-finalen som endte med siger 4-0. I kvartfinalen var det Førde som stod på andre banehalvdel og etter nok ein siger (2-0), var det klart for semifinale mot Sogndal. Etter ein jamn kamp måtte det straffekonkurranse for å skille laga, her var sogningane for sterke og tok seg til finalen. Stryn møtte Vik i bronsefinalen. Også her endte det med straffekonk og nok ein gong vart motstanderen for sterke. Dermed 4.plass av totalt 20 lag til Stryn J16.


J19 gjekk til kvartfinalen frå gruppespelet. Her vart det siger 2-0 mot Askvoll/Holmedal og dermed semifinale mot MTG. Nok ein siger (4-1) i semien og Stryn J19 var klar for finalen mot Førde. Finalen endte med knappast mogleg tap (0-1), men likevel ein fin sølvmedalje til Stryn!

Stryn Fotball gratulerer med solid innsats for både J16 og J19! Vi gratulerer også Loen J14 som gjekk heilt til topps i turneringa etter 3-0 siger over Førde i finalen!




Sparebanken Vest med stor gåve til Stryn Fotball på Fotballfesten!

Postet av Stryn Fotball den 7. Nov 2023

Sparebanken Vest har vore ein stor sponsor og bidragsytar til Stryn Fotball i mange år. Fredag  signerte banken ny sponsoravtale på 3 nye år med klubben, noko vi set stor  pris på!

Laurdag kveld kom ei ny gladmelding frå Sparebanken Vest!  Midt under Fotballfesten, foran 80 feststemte medlemmar av klubben overleverte Siri Merete Fure ein gåvesjekk på heile kr 100.000 til Stryn Fotball frå banken! Gåva kom som ei stor overrasking på alle saman, og til stor jubel kunne styreleiar Rune Ommedal ta i mot gåvesjekken frå Fure.
 
 Dei ansatte i SPV Stryn har fått med seg at endringar i Lov om pengespill har medført at vi ikkje får godkjent vårt tradisjonsrike Rabattlotteri i 2023, noko som naturleg nok medfører tapte  inntekter klubben har budsjettert med. Dei skjønte kva  dette  betyr for oss og stillte då opp med ei meget gledeleg overrasking på laurdagskvelden!

Stryn Fotball vil med dette rette ei stor takk til Sparebanken Vest for gåva, dette kjem godt med! 




Fullt hus, god stemning og mange prisar på Fotballfesten laurdag!

Postet av Stryn Fotball den 7. Nov 2023

Stryn Fotball arrangerte sin årlege Fotballfest på Isehaug Kafeteria laurdag. 80 stk var påmeldt til festen, med andre ord Fullt hus! Her var spelarar, trenarar/lagleiarar frå både senior og aldersbestemt, sponsorar, utvalsmedlemmar, styret med fleire. Middagen var sponsa av Isehaug som varta opp med nydeleg julemat til gjestane.

Sjølvsagt vart det delt ut prisar og her har du ein oversikt over prisvinnarane:

Årets Spelar 2023:

Årets spelar damer: Emma Dorthea Lødemel
Årets spelar herrer:  Vegard Hopland

Vinnarane fekk pokal og gåvekort kr 3.000 gjeve av Ytre-Eide Sport 1. Strynelegenda Per Ytre-Eide var sjølv til stades og delte  ut prisane!

Årets spelar herrer: Vegard Hopland, saman med trenar Jon-Terje Tjellaug og Per Ytre-Eide

Årets spelar damer: Emma Dorthea Lødemel saman med trenar Lise Flægstad og Per Ytre-Eide


Årets unge spelar - SPV talent:

Årets unge spelar - SPV talent damer: Malene Kleppe
Årets unge spelar - SPV talent herrer: Ola Holmlund Ørjasæter

Vinnarane fekk pokal og gåvekort kr 2.500 gjeve av Sparebanken Vest - representert av Siri Merete Fure.

Årets unge spelar - SPV talent damer: Malene Kleppe samane med Lise Flægstad og Siri Merete Fure frå SPV


Årets unge spelar herrer - SPV talent: Ola H. Ørjasæter saman med Sportsleg leiar Øystein Hesjedal og Siri Merete Fure frå SPV

Årets lagspelar:

Årets lagspelar damer: Hanna Tenden
Årets lagspelar herrer: Jan Marius Klepp Brekke

Jan Marius var ikkje til stades under utdelinga. 

Vinnarane fekk pokal og gåvekort kr 1.000 gjeve av XL-Bygg Sølvberg 

Årets lagspelar damer: Hanna Tenden saman med trenar Lise Flægstad

Årets toppscorar:
Årets toppscorar damer: Emma Dorthea Lødemel
Årets toppscorar herrer: Steinar Hauge (Kretsligane)
Årets toppscorar herrer: Simen Reed Hopland (6.div)

Vinnarane fekk pokal og gåvekort kr 1.000 gjeve av Byggtorget Stryn Trelast.



Årets toppscorar damer: Emma Lødemel saman med trenar Lise Flægstad

Årets toppscorar herrer (Kretsligaen): Steinar Hauge saman med trenar Jon-Terje Tjellaug

Årets toppscorar herrer (6.div): Simen Reed Hopland saman med trenar Jon-Terje Tjellaug

Årets trenar - Stian Sandal

Prisen til Årets trenar i Stryn Fotball gjekk i år til Stian Sandal til stor jubel frå salen! Stian trener 2 lag i aldersbestemt fotball og er fast trenar på laurdagstreningane til klubben. Han stiller alltid opp for klubben , også som spelar på Stryn 2 når det trengs! Ein velfortent pris til Stian!

Årets trenar: Stian Sandal saman med sportsleg leiar Øystein Hesjedal


Stryn Fotball vil gjerne takke alle frammøtte som bidrog til ein kjempefin Fotballfest! Takk til alle sponsorane som har støtta oss denne sesongen,! Takk til Ytre-Eide Sport 1, Sparebanken Vest, Byggtorget Stryn Trelast og XL-Bygg Sølvberg for fine prisar til spelarane våre, og ikkje minst takk til Isehaug Kafeteria som stiller med lokale og nydeleg mat til festen!




Teknikkskulen startar opp onsdag15.november!

Postet av Stryn Fotball den 1. Nov 2023

Stryn Fotball sin populære fotballskule for born 7-10 år startar opp onsdag 15.november!
 
 Stad: Strynehallen
 Dagar: Onsdagar  15.30 - 17.00 f.o.m veke 46/2023 t.o.m veke 11/2024.
         
 Alder: 7-10 år (født 2013-2016)
 
 Instruktørteamet består av: Jon-Terje Tjellaug, Eirik Krossen, Hanna Tenden, Rune Ommedal, Johann Sigurdsson, Terje Aahjem, Odd Rune Flo, Tomas Tjellaug
 

Slik melder du bornet ditt på:
Søk opp Spond-gruppa ved hjelp av denne linken: Påmelding Teknikkskulen
Registrer bornet ditt i gruppa, sjekk at min 1 føresatt er registrert som "Foresatt" med tlf og e-post.
 Du vil etter kvart få tilsendt mld om innbetaling av deltakaravgift via Spond.

Pris:
Kr 1.700 for heile perioden
Ved fleire søsken er prisen kr 1.300 for born nr 2 osv.

Vel møtt!

OBS! BEGRENSA ANTALL PLASSAR!





Nordfjord Ekstra startar opp tysdag 14.november!

Postet av Stryn Fotball den 1. Nov 2023

Stryn Fotball sin populære fotballskule startar opp tysdag 14.november!
 
 Stad: Strynehallen
 Dagar: Tysdagar  15.30 - 17.00 f.o.m veke 46/2023 t.o.m veke 11/2024.
         
 Alder: 11-15 år (født 2008-2012)
 
 Instruktørteamet består av: Jon-Terje Tjellaug, Eirik Krossen, Hanna Tenden, Rune Ommedal, Johann Sigurdsson, Terje Aahjem, Odd Rune Flo, Tomas Tjellaug
 

Slik melder du bornet ditt på:
Søk opp Spond-gruppa ved hjelp av denne linken: Påmelding Nordfjord Ekstra
Registrer bornet ditt i gruppa, sjekk at min 1 føresatt er registrert som "Foresatt" med tlf og e-post.
 Du vil etter kvart få tilsendt mld om innbetaling av deltakaravgift via Spond.

Pris:
Kr 1.700 for heile perioden
Ved fleire søsken er prisen kr 1.300 for born nr 2 osv.

Vel møtt!

OBS! BEGRENSA ANTALL PLASSAR!
 
 
 

 




Fotballfredag 3.november på Stryn Stadion!

Postet av Stryn Fotball den 30. Okt 2023

Fredag 3.november er det planleggingsdag på skulane, og då er det perfekt med ein fotballdag på Stryn Stadion!

Fotballfredag startar kl 09.00 og held på til kl 14.00. Instruktørar er spelarar frå våre seniorlag.

Alder: 7-12 år (f 2011-2016)
Pris: kr 300,- inkl brødmåltid med melk/juice
Oppmøte kl 09.00 i cafeen i Basishallen på Stryn Stadion
Henting kl 14.00
Hugs godt med kle.

Påmelding gjer det via linken nedanfor - deltakeravgift kr 300,- betaler de til VIPPS 105182 ved påmelding.
Påmeldingsfrist. onsdag 01.11. kl 21.00

Vi tek forebehold om minimum antall deltakarar for gjennomføring. 

Påmelding gjer de her:
 https://forms.gle/zr4yVMdXLnHFBGvUA 





Julekalenderen er i salg!

Postet av Stryn Fotball den 27. Okt 2023

Stryn Fotball sin tradisjonsrike julekalender er no i salg!
Den er å få kjøpt på følgande stader: 
Ytre-Eide Sport 1
Stryn Gullsmedforretning
Stryn Bokhandel
Stryn Bruktbutikk
Stryn Fotball sitt kontor på Stryn Stadion

Vi vil også ha salg på Stryn Torg nokre utvalgte dagar framover mot jul.

Det er også mulig å ta kontakt med Stryn Fotball på tlf 99387441 eller e-post: post@stryn-fotball.com så kan vi evt sende kalendarar pr post.

Stryn Fotball vil takke alle bedrifter og næringsliv i Stryn  som velvillig støtter oss med flotte gevinstar til Julekalenderen!




Fotballbasaren 2023

Postet av Stryn Fotball den 27. Okt 2023

Søndag 5.november kl. 15.00 vert den tradisjonsrike Fotballbasaren til Stryn Fotball arrangert i Stryn kulturhus.

Komiteen tek i mot gevinstar frå kl. 13.00 i kulturhuset på basardagen.

Vi oppfordrar ALLE til å kome på basaren. Det blir flotte gevinstar, god basarstemning og triveleg selskap!




Fair Play pris til J13/14!

Postet av Stryn Fotball den 19. Okt 2023

I pausen under kampen mellom Stryn og Måløy i 3.div damer tysdag vart det delt ut Fair Play pris til Stryn sitt J13/14 lag! Det var Fair Play ansvarlege i klubben - Anne Siri Vik og Kamilla Nedre-Flo - som stod for den høgtidlege utdelinga.

Jentene har eit godt samhald i laget og har vist gode inkluderande haldningar også ovanfor andre i klubben!  Laget tok også ansvar og på eige initiativ rydda og shina opp garderobar i klubbhuset, noko som har ført til at fleire har fulgt deira eksempel og gjort stadion til ein enda trivelegare plass å være! 

Premien til årets Fair Play lag er ein sosial kveld på klubbhuset med Pizza og brus! Gratulerer med velfortent pris til J13/14! 

Her ser du Stryn J13/14 etter at prisutdelinga tysdag! 




Klart for thrilleravslutning i 3.div damer på søndag!

Postet av Stryn Fotball den 19. Okt 2023

Med Stryn sin siger over Måløy i 3.div damer tysdag er det duka for ein skikkeleg thrilleravslutning når siste runde skal spelast på søndag. 

Stryn kom under 0-1 etter halvtimen spelt mot Måløy etter scoring av Linn-Therese Leirset. Likefør pause utlikninar Stryn ved Emma Dorthea Lødemel. Stryn er det førande laget  og to kjappe scoringar av Sofie Njøten og Lødemel på nytt mot slutten av kampen sørgar for ein fortent 3-1 siger til heimelaget. Njøten si scoring er for øvrig ein meget sterk kandidat til Årets mål på Stryn Stadion! Eit knallhardt skot frå minst 30 meter smell i tverrliggaren og i mål til vill jubel frå både spelarar og publikum!

Resultatet tysdag gjer at avslutningsrunden søndag blir meget spennande! Runden blir spelt slik:
Stryn - Selje/Åheim
Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 - Måløy

Sogndal 2 sikrar seg seriemeisterskapet med siger over Måløy. Med 3 poeng til Stryn over Selje/Åheim og alt anna enn heimesiger i Sogndal er det Stryn som tar gullet og dersom Måløy slår Sogndal 2 og Stryn ikkje vinn sin kamp er det jentene frå kystbyen som kan kalle seg seriemeister i 3.div damer 2023!

Møt opp på Stryn Stadion søndag kl 17.00 og opplev lokalfotball på sitt mest spennande LIVE!

På biletet ser du jublande strynespelarar etter 3-1 siger mot Måløy tysdag. (Foto: Thomas Thaule/Fjordingen)




3 strynejenter på Elite-tiltak i helga!

Postet av Stryn Fotball den 9. Okt 2023

NFF Sogn og Fjordane har i helga delteke med J13 og J14 på eliteturnering på Hamar. Stryn var godt representert på turneringa med Mathea Vik og Solveig Fure på J13 og Kornelia Trøsken på J14.  

J13 starta turneringa med 2 uavgjorte kampar - 1-1 mot NFF Oslo og 0-0 mot NFF Vestfold.  Seinare vart det ny kamp mot NFF Vestfold, denne enda med 2-0 siger og Solveig Fure teikna seg for eit av måla til NFF Sogn og Fjordane!  Siste kamp endte med eit knapt 2-3 tap for NFF Buskerud.

For J14 starta turneringa med ein solid 3-0 siger over NFF Agder. Deretter vart det 0-5 tap for NFF Oslo, 0-0 mot NFF Indre Østland og nytt 0-5 tap for NFF Østfold. 

Det har vore ei kjekk fotballhelg i strålande sol, nye opplevingar og nyttige erfaringar med å møte nye lag, rapporterer jentene!

På biletet ser du alle tre jentene samla: Fv Kornelia Trøsken, Mathea Vik og Solveig Fure. (Foto: Anita Vinsrygg)




Stor fotball-kveld på Stryn Stadion tysdag

Postet av Stryn Fotball den 2. Okt 2023

Tysdag 3.oktober blir ein fin kveld for alle som er glad i lokalfotball! Heile 3 kampar står på menyen og vi har Open kiosk!

Programmet ser slik ut:
17.30   J14 Stryn 1 - Sandane 2
19.00   J14 Stryn 2 - Selje/Flatraket
19.00   6.div herrer: Stryn 2 - Hyen

Vi oppfordrar alle til å ta ein tur til Stadion i morgon, dette blir moro!

NB! Kiosken er open frå 17.30!





Stryn 2 avdelingsvinnar i 6.div avd 4!

Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2023

Stryn 2 har hatt ein strålande sesong i 6.div avd 4, og toppkampen mot Måløy 2 på Skavøypoll Stadion tysdag kveld endte med siger 5-2. Med 2 kampar igjen er det dermed ingen som kan ta frå Stryn 2 sigeren i avdelinga. 

Det var imidlertid heimelaget som kom best i gong og tok leiinga etter 28 min ved Ingar Røsok Kvalheim. Det varte ikkje lenge, 2 min seinare utlikna Saeed Tajik for Stryn 2.
Simen Reed Hopland har vist seg som ein notorisk målscorar i 6.div og scora 3 nye mål i går. Han står dermed på totalt 13 mål på 7 kampar denne sesongen. Tajik vart 2-målsscorar før Kasper Bakke Øvrebø reduserte til 2-5 etter 70 min. 

På biletet ser du glade strynespelarar/trenar etter at avdelingsmeisterskapet var sikra! (Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball)



Seinare i haust skal det spelast kvalik-kampar om opprykk til 5.div mot vinnarane for dei 3 andre avdelingane i 6.div. Vi kjem tilbake til dette når det nærmar seg. 

Stryn Fotball vil også rette ei stor takk til Stig Høynes som velvillig lar oss bruke bileta hans. Han gjer ein fantastisk jobb for fotballen i Sogn og Fjordane fotballkrets! Under ser de nok eit blinkskot frå han. 

                                                                    Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball 




Eit-måls tap for Stryn i 3.div damer

Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2023

Det vart tap med knappast mogleg margin for Stryn når Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 vitja Stryn Stadion tysdag kveld. Gjestane kom best i gong og 2 kjappe scoringar av Kaja Rekkedal tidleg i kampen sørga for at det stod 0-2 før 20 min var spelt.

Stryn kom imidlertid til hektene igjen og 2 scoringar av Malin Eikenes Tjellaug, derav ei på straffe, gjorde at laga gjekk til pause på 2-2. Men sogningane var frampå tidleg i 2.omgong også, Nathalie Høgi gav Sogndal leiinga på nytt berre 6 min etter kvilen. Det vart ikkje fleire scoringar til tross for at Stryn pressa på mot slutten og kampen endte dermed med eit litt surt 2-3 tap.

Arrangementsgruppa til Stryn sørga som vanleg for ei fin ramme rundt kampen, spesiell takk til Jenter 8 år som var med under innmarsjen. (Foto:Thomas Thaule/Fjordingen)




Stryn 2 med ein god dag på Sandane

Postet av Stryn Fotball den 25. Sep 2023

Stryn 2  (G11) har hatt ein røff start på hausten, men mandag kom endelig oppturen. Etter å ha havna bakpå eit par gongar i første omgang så klarte dei å snu kampen med god laginnsats. Denne blide gjengen er Keeper: Alexander, fremste rekke frå v: Håvard, Eirik, Gabriel, Jørgen, Markus. Bakerste rekke frå v: Julian, Aksel, Adrian og Jakob. Vi håpar framgangen fortsett siste tre kampane.




Dugnad og Laurdagstrening

Postet av Stryn Fotball den 23. Sep 2023

Laurdagstreningane er populære blant klubbens yngste spelerar, i dag var ca 25 stykker klare frå morgonen av. Som vanlig var kyndige Stian Sandal ein av instruktørane, her med den eldste gruppa. Nesten halvparten av dei som var med i dag var jenter, kjempebra!


 Odd Rune Flo er også en av instruktørene som regelmessig stiller på tidlig lørdagsmorningane, i dag med ansvar for den yngste gruppa.


Samtidig som lørdagstreninga går, er denne gjengen på dugnad på stadion med nødvendig vedlikehold rundt gamlebana. Dugnadssjæf Torfinn Moen har med seg John Einar Aaberg, Hallvard Leirgulen, Jonn Beines, Olav Tenden, Knut Sandbakk, Arnt Magne Fredheim. Gunnar Lindvik tar vedlikehold på buss.


Olav Tenden i fin driv opp langsida


Ein god blåsar, Arnt Magne, bles reint på innbyttarbenkane før Herrelaget skal spele mot Høyang


Vi ønsker at det skal sjå ordentlig ut på stadion og vi håpar at fleire vil bidra. Det treng ikkje være så mykje. 

  • Kast søpla i dunken.  Det er lov å plukke opp søppel som andre har kasta frå seg og.
  • Parker syklane vekke frå bana / asfaltkanten rundt, vi har ungar som snubla i syklar og skada seg.
  • Sjå over bane / innbyttarbenkar etter trening og kamp, rydd opp.
  • Ta med alle kle / alt utstyr heim
  • Det er lov å seie frå til andre som ikkje ryddar etter seg, men dette skal gjerast på ein respektfull måte.

Klubben = medlemmane, alle har litt eigarskap, så vær litt stolt, ta ansvar, så blir dette bra.


Det kjem seg.






- Vi jobba sokkane av oss

Postet av Stryn Fotball den 23. Sep 2023

Kevin har nettopp heada inn 1-1 mot Høyang (foto: Stig Høynes, haugenfotball.no)

Etter ein nervepirrande kamp, med bl.a. to raude kort, drog Stryn i land 3 poeng etter ein kraftanstrengelse i andre omgang. Målscorarar var dei to Selje-karane Kevin Hoddevik og Mohammad Ali.

Dagens stryning: Ole-Ivan Glosvik Espeland.

Trenarane Jon Terje Tjellaug og Mats Solheim var svært fornøgde med at alle poenga vart igjen i Stryn.

- Vi er veldig gode dei første 30 minutta. Balltempo, bra bevegelsar, bra valg. Mellom 16-meterane er vi gode. Det manglar fortsatt sluttprodukt i form av mål og endå fleire sjansar, men det skal vi få til. Andre omgong blir prega av det raude kortet til Vegard, men vi løyser det veldig bra. For Mats og meg er dette kanskje den kjekkaste omgangen i år. Gutane gjer det dei skal, og jobbar skjorta og sokkane av seg for kvarandre.  Tidlegare har vi ramla litt saman når vi møter motgang, i dag stod vi i det. Karakter kallar eg slikt, og det er slik eit Strynelag skal sjå ut. Det viser at vi utviklar oss, seier Tjellaug etter kampen. 


Les referat på Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209818/


Stryn - Høyang: 2-1 (1-1)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 23.09.2023

Mål:
0-1 Mentasenote Girmissi (21 min)
1-1 Kevin Hoddevik (29 min)
2-1 Mohammad Ali (74 min)

Stryn:
Karsten Hauge- John-Erlend Bø (Sigve Aabrekk i 3 min), Sigurd Fotland Fænn, Vegard Hopland, Johannes Fredheim - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug (Mohammad Ali i 23 min), Kevin Hoddevik - Ola Ørjasæter (Marcel Kucab i 9 min), Steinar Hauge, Saeed Tajik




Takk til alle som stiller opp!

Postet av Stryn Fotball den 18. Sep 2023

Denne helga er eit godt bevis på at Dugnadsviljen i Stryn lever i aller høgste grad!

Stryn Ping Pong Club har arrangert landets største Oktoberfest med ein enorm dugnadsinnsats frå "heile" bygda vår! Dette set verkeleg Stryn på kartet!

Stryn Fotball har arrangert Kretsligakamp fredag kveld og Kongleriket Miniputt turnering søndag, ikkje like store arrangement men likevel  basert på dugnad. Vi vil takke alle foreldre  i Stryn Fotball som har stilt opp for oss denne helga med kiosksal, kampvertar,. flytting av 3ar baner, parkeringsvakter, sekretariat osv osv! Ekstra stor takk til arrangementansvarlege på Kongleriket, Kamilla og Dorien,  som sørga for ei strålande turnering for dei minste borna  i Nordfjord! 

Vi lar ungdomen representere alle som har stilt opp i helga. På biletet ser de ein glad og flink gjeng frå Stryn G13/14 som velvillig stilte opp på laurdag og hjalp til med rigging av 3ar banene før turneringa!




Kongleriket miniputt 2023

Postet av Stryn Fotball den 17. Sep 2023

Då er vi endelig i gong med eit av årets fotballhøgdepunkt, Kongleriket Miniputt i Stryn

Det tok ikkje lange stunda før sola klatra over Årheimsfjellet og under flotte forhold er lag frå Sandane, Olden, Vikane, Loen, Breimsbygda , Veten/Hardbagg, Hornindal og ikkje minst Stryn i gong med fotballglede og høg aktivitet på Stryn Stadion. 


Tema for denne runden er "Trafikksikre miniputtar"

Kretsen har i samarbeid med Trygg Trafikk ein fotokonkurranse med dette tema, for å delta i denne sender ein inn eit bilde + ein kort rapport om kva ditt lag gjer for å sette fokus på trafikktryggleik.

Sendast til hildegunn.hove@fotball.no frist 6. oktober 2023


Så håpar vi alle har ei kjekk oppleving på Stryn Stadion og etter turneringa så kjører ein forsiktig heim. Husk bilbelte!






Kampoppsett Kongleriket Stryn 17.september

Postet av Stryn Fotball den 15. Sep 2023

Søndag er det klart for Kongleriket miniputt turnering i Stryn! Vi startar kl 10.30 og skal gjennomføre totalt 148 kampar for gutar og jenter 6-9 år! Her finn du kampoppsettet for turneringa:


Kampoppsett Kongleriket Stryn 2023.xlsx





Ola Holmlund Ørjasæter debuterte på landslaget!

Postet av Stryn Fotball den 14. Sep 2023

Strynespelar Ola Holmlund Ørjasæter fekk i dag sin debut på landslaget i G15-kampen mot Sverige i Falun. Ola kom inn som innbyttar etter 64 min i kampen som endte med 2-1 siger til Sverige. 

Søndag er det nye muligheter for Ola og dei andre i landslagstroppen når laga møtes til ny kamp i Falun.

Stryn Fotball gratulerer så mykje med debuten og ynskjer lukke til på søndag!




Guttelaget tilbake på vinnarsporet!

Postet av Stryn Fotball den 13. Sep 2023

Stryn sitt guttelag har hatt ein noko tung start på haustsesongen. Uavgjort mot Eid og tap mot både Vik og Sogndal, var fasit før kveldens kamp mot Måløy.

Men no er gutane definitivt tilbake på vinnarsporet, og publikum fikk virkelig servert mange godbitar under flomlyset på Stryn stadion i kveld. 

Heile fire scoringar av Mohammad Ali og kvar si scoring av Jonas Hopland og Tomas Tjellaug, gjorde at Stryn kan bokføre haustsesongens første tre-poenger. 6-3 vart sluttresultatet.


Stryn sin tropp:

Martinus Myklebust Hesjedal
Marcel Filip Kucab
Oddmund Hauge Otterdal
Tarjei Tøfte Heimlid
Bjørnar Tøfte Heimlid
Jesper Endal Jepsen
Jonas Rand Hopland
Sigve Heggdal Aabrekk
Tomas Eikenes Tjellaug
Oliver Veka Brath
Nftaleim Henok Asfaha
Mohammad Ali
Henrik Hesjedal
Nikolas Ullebø Hool
Theo Sande Tenden





Strynespelarar imponerte på sonetiltak, Enivestserien U13 i Florø

Postet av Stryn Fotball den 10. Sep 2023

Laurdag 9. september var det sonetiltak på for gutar og jenter 13 år i Florø. Sonetiltaket er kampar mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. På jentesida har Sogn vore det beste laget tidlegare, men denne helga, med heile 5 strynejenter på laget, viste Nordfjord seg som det beste laget. Etter først å ha spelt 1-1 mot Sunnfjord, var det eit heiltent Nordfjordlag med 5 Strynejenter frå start som kjempa favoritten ut av stilen, og fekk ein solid 2–0 siger. I siste kamp slo Sogn-Sunnfjord også 2-0, så resultat messig var Nordfjord best denne dagen.

Foto: Hege Guddal

Fv: Merry Abrham, Solveig Fure, Mathea Vik, Alma Svidal, June Guddal Kirkeeide og Henning Haugen (trenar)


På gutesida var Stryn denne gongen representert med Håvard Gjerde Sandal. I første kamp blei det 5-2 tap mot Sunnfjord, medan det i siste kamp blei siger 3-1 mot Sogn. Måltjuven frå Stryn scora scora eit mål i kvar av kampane.





3 poeng, vind og ekstremt gode sveler

Postet av Stryn Fotball den 9. Sep 2023

Ein glad gjeng etter kampslutt i Bremanger, med dei fire målscorarane i front. Håvard Kroken, Sigurd Fotland Fænn, Tomas Tjellaug og Mohammad Ali.


Stryn var i dag ut til vakre Bremanger for å knive om tre poeng i Kretsligaen. 

Eit heiltent heimelag kjempa Stryn ut av stilen frå start, og tok leiinga på ei kontring etter 14 minutt. Etter Bremanger sin friske start, synte Stryn seg som det beste laget. 

Utlikninga kom då Tomas Tjellaug klinka til frå 18 meter, og via ein Bremanger-forsvarar suste ballen i nettmaskene bak keeper.

Resten av omgangen var meir eller mindre eit konstant press mot eit lavtliggande heimelag, og Stryn burde definitivt leia til pause. Mellom anna hadde Vegard Hopland eit frispark i stolpen, og Steinar Hauge ei heading i tverliggaren.

Men Stryn måtte vere tålmodige i relativt sterk vind på Bremanger stadion. 6 minutt etter pause svinga Ole Ivan G. Espeland inn ein presis corner, og Mohammad Ali si heading var like presis.

Første halvdel av andre omgang var Stryn sin beste periode i kampen. Mykje vart avgjort då Tomas Tjellaug sin corner fann Sigurd Fotland Fænn inne i feltet. Sigurd si heading var strålande, sjølv om han i følge seg sjølv kneip igjen augo og håpa på det beste.

Håvard Kroken fastsette sluttresultatet til 1-4 då han utnytta litt panikk i Bremanger sine bakre rekker, og enkelt kunne trille ballen i mål frå 3 meter.

- Det vart ei tålmodighetsprøve for vår del. Vi møter eit kompakt og defensivt heimelag, som vi måtte bruke tid på å opne opp. Til slutt vinn vi fullt fortent, seier ein nøgd trenar Jon Terje Tjellaug etter kampslutt.

Etter kampslutt fikk bortelaget servert kaffi og ekstremt gode sveler. Svelene var smurt inn med smør og sukker. Smaken stod til terningkast 6. Høg klasse. Stryn Fotball takkar Bremanger for kampen, og god servering!


Bremanger - Stryn: 1-4 (1-1)
Kretsligaen, Skavøypoll stadion, laurdag 10.06.2023

Mål:
1-0 Vebjørn Igland Nigardsøy (14 min)
1-1 Tomas Eikenes Tjellaug (22 min)
1-2 Mohammad Ali (51 min)
1-3 Sigurd Fotland Fænn (59 min)
1-4 Håvard Kroken (68 min)

Stryn:
Karsten Hauge- John-Erlend Bø, Sigurd Fotland Fænn, Vegard Hopland, Johannes Fredheim (Marcel Kucab i 19 min) - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug (Jesper Jepsen i 28 min), Jan Marius K. Brekke - Steinar Hauge (Mohamed Ahmed i 10 min), Mohammad Ali (Saeed Tajik i 28 min), Håvard Kroken




Heimesiger for Stryn mot Selje/Åheim

Postet av Stryn Fotball den 4. Sep 2023

Fredag kveld tok Stryn i mot Selje/Åheim i 3.div damer. Det vart ein målrik batalje der Stryn til slutt vann meget fortent 6-2. 

Det var imidlertid bortelaget som scora fyrste målet, allereie etter 4 min sørga Lene Refsnes for at det stod 0-1 på resultattavla. Stryn tok meir og meir over kampen og Emma Lødemel (28 min) og Victoria Bøe Fotland (33 min) sørga for at heimelaget snudde til 2-1 som og var pauseresultatet. 

I andre omgong dominerte Stryn frå start til mål og produserte fine angrep på løpande band. 2 nye scoringar av Lødemel pluss 2 frå Malin Tjellaug trygga heimesigeren, og sjølv om gjestane reduserte til 2-3 etter 60 min var sigeren i realiteten aldri truga. 

Etter at alle laga har spelt 3 kampar ligg Stryn no på 2.plass i 3.div med 4 poeng, bak Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 som toppar med 6 poeng. 




- Dei har tatt veldig godt imot meg

Postet av Stryn Fotball den 3. Sep 2023

Mohammad Ali kom til Stryn frå Selje før haustsesongen, og 2006-modellen har allereie spelt 2 kampar og scora 1 mål for Stryn sitt herrelag i Kretsligaen. 

Mohammad er ein ung og ambisiøs spelar, med mange spennande ferdigheiter. Vi tok ein prat med han om bytte av klubb, og ein del andre ting.

Men først haurde vi med trenar Jon Terje Tjellaug om dette nye tilskuddet til spelarstallen.
- Mohammad er eit nytt og friskt tilskot i troppen vår. Ung, ambisiøs, lettbeint og hardtarbeidande teknikar. Veldig spennande spelar som vi er kjempeglade for valde å kome til Stryn og bli ein del av Stryn Fotball. Eg såg Mohammed først for ca 5 år sidan i Selje. Allereie då var det lett å sjå at her er ein gut du kjem til å sjå meir til. Selje har vidareutvikla desse ferdigheitene på ein fin måte. Vi er kjempeglade for at Mohammed valde å kome til Stryn og kombinere fotball og skule. Ein knakande kjekke kar som vi kjem til å få mykje glede av, seier Tjellaug.

Så pepra vi Mohammad med ei del spørsmål, for å bli litt meir kjende med denne unge, blide og sympatiske karen frå Selje.

Kvifor bytta du klubb? Og kvifor vart det Stryn?
- Eg valgte å bytte klubb fordi eg vil satse på fotball, og eg har høyrt at Stryn er ein klubb som er flink å utvikle unge spelarar. Samtidig kjente eg mange i spelargruppa frå før, som Kevin, Sokrates, Emil, Jesper og fleire av dei yngste.

Har det gått fint å kome inn i spelargruppa? Har dei tatt godt imot deg?
- Det har gått kjempefint! At eg var med Stryn på Norway Cup, gjorde at eg vart kjent med endå fleire. Alle har tatt veldig godt imot meg i Stryn.

Mange lurer på om du er oppkalla etter bokselegenda og navnebror Muhammad Ali?
- Ja, det er eg faktisk! Pappa likte veldig godt boksaren, så då vart eg kalla opp etter han.

Kva gjer du på fritida når du ikkje spelar fotball?
- Då trenar eg på gymmen, er med vennar eller spelar FIFA på PlayStation.

Favorittlag og favorittspelar?
- Barcelona og Messi, ingen tvil.

Favorittmat?
- Kylling og ris.

Så litt om dine nye lagkameratar. Kven er den mest jålete?
- Kevin Hoddevik

Den med dårligast humor?
- Cato Gundersen

Den med finast sveis?
- Tomas Tjellaug

Den mest morsomme?
- Mohamed Ahmed.

Dersom du fikk ei papegøye, kva er det første du hadde lært den å seie?
- Darwin Nunez

Hjarteleg velkomen til Stryn Fotball, Mohammad!

Til slutt vil Stryn Fotball takke Selje for konstruktive forhandligar i forbindelse med denne overgangen.




Stryn tukta nesten serieleiaren

Postet av Stryn Fotball den 2. Sep 2023

To sentrale figurar for Stryn i dag. Keeper Karsten Hauge var Stryn sin beste spelar, bror Steinar hadde også ein god kamp og scora eit mål (gjer merksam på at dette smilebildet ikkje er frå i dag).

Stryn si startoppstilling i dag, hadde ein snittalder på 17,5 år (!). Det særedeles unge strynelaget var ikkje favoritt mot serieleiar Fjøra, med 13-1 tapet frå vårsesongen friskt i minne.

Likevel var det Stryn som synte seg skarpast før pause. Steinar Hauge avslutta eit fantastisk flott angrep med å kline ballen i nettaket frå 11 meter, og eit minst like flott solomål av Ola Holmlund Ørjasæter sørga for at heimelaget kunne gå til pause med ei voldsomt sterk (og noko overraskande) 2-0 leiing.

Fjøra var definitivt med på notane dei første 45 minutta, men ein god keeper Hauge kombinert med nokre svake avslutningar gjorde at sogndølene måtte gå svært skuffa i garderoben. Strynelaget synte voldsom vilje, og fikk godt betalt.

Andre omgang starta vanskeleg for Stryn, då eit Fjøra-innlegg gjekk via midstoppar Jesper Jepsen og i mål. Resten av omgangen kjempa Stryn litt mot overmakta, og kriga heroisk med nebb og klør for å unngå at alle poenga forsvant til fruktbygda.

Det heldt berre nesten. 6 minutt før slutt sette Malvin Gjerde inn sigersmålet for dei neongule frå Sogndal.

- Dette er eit surt tap. Men vi viser at vi er sterkare enn i vår, og vel å fokusere på prestasjonen. Kjekt å sjå at våre spelarar har tru på eigne ferdigheiter. Vi er tøffe i eige felt, vi har bra tempo i forflytningane både defensivt og offensivt. Vi vågar å spele sjølv om vi har press på oss. I andre omgang blir vi straffa på nokre overgongar i takt med at kreftene tek slutt og dei unødvendige balltapa blir fleire. Uansett er det ingen tvil om at vi kjem til å plukke mykje poeng i haust dersom vi fortset på samme nivå, seier trenar Jon Terje Tjellaug etter kampen.

Les referat, kampfakta og lagoppstillingar frå Fird Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209858/






Knepent bortetap for Stryn i 3.div damer.

Postet av Stryn Fotball den 31. Aug 2023

Onsdag kveld vart den utsatte bortekampen mot Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 spelt. Det endte med eit litt surt 2-3 tap etter at Stryn hadde levert ein god kamp. 

Etter at heimelaget leia 3-1 til pause var det Stryn som scora andre omgongs einaste mål og det endte dermed med knappast mogleg tap. Storscorar Emma Lødemel scora begge Stryn sine mål.

På biletet ser vi Hege-Renate Glosvik Espeland, ein av Stryn sine meir rutinerte spelarar på eit ganske så ungt lag. Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball.




Stryn 2 fossar vidare i 6.div!

Postet av Stryn Fotball den 30. Aug 2023

Stryn 2 tok sin fjerde strake siger i 6.div når Eid 2 vart slått 5-1 tydag kveld!

Kampen var ikkje meir enn 6 minutt gammal når ein eidaspelar var uheldig å sette ballen i eige mål og heimelaget tok føringa med 1-0. Men Stryn 2 ville ha fleire mål og scoringar av Vegard Sæten Hopland og Jan Marius Klepp Brekke sørga for ei komfortabel 3-0 leiing til pause.

I andre omgong var det ein annan Hopland som kom i fokus, Guttespelar Jonas Rand Hopland auka til både 4 og 5-0 i løpet av ein 15 minutts periode. Eit trøstemål på overtid for gjestane fastsatte resultatet til 5-1 og ein fullt fortent heimesiger. 

Stryn 2 har no ei luke på 6 poeng ned til Måløy 2 - som har ein kamp mindre spelt. Det blir ein spennande haust på Stryn Stadion!

På biletet ser vi tomålsscorar Jonas Rand Hopland (Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball)


 




Ola med for Norge G15!

Postet av Stryn Fotball den 30. Aug 2023

Norge G15 skal spele dobbeltlandskamp mot Sverige i Falun i perioden 12. - 17. september.

Ola Holmlund Ørjasæter frå Stryn er med i troppen!

Stryn Fotball gratulerer med uttaket, og ynskjer lukke til på samlinga og kampane mot Sverige!

Tropp G15-landslaget:

Einar Bøe Fauskanger - Haugesund 
Bernard Eide - Brommapojkarna
Jesper Johnsson Solberg - Fredrikstad 
Henrik Haraldsen - Start
Aksel Olausson Tveit - Viking 
Faveur Ndayizeye - Molde 
Jesper Renhusløkken - Vålerenga 
Fredrik Dørrum Berg - Rosenborg 
Leon Dahlstrøm - Skeid
Suleiman Osman - Stabæk 
William Valenza - Haugesund 
Herman Sjåvik Opsahl - Kristiansund 
Elias Johnsson Solberg - Fredrikstad 
Philip Holseter-Karlsen - Eik Tønsberg
Mostafa Najafzadeh - Vålerenga
Elion Krosa - Odd 
Ola Holmlund Ørjasæter - Stryn 
Szabolcs Buki - Stabæk 
Richard Alexsander Ferrington - Stabæk 
Wahib Fadil - Vålerenga


Les om uttaket på fotballforbundet sine sider her:
https://www.fotball.no/landslag/norge-gutter-15/2023/g15-tropp-til-sverige-kamper/




Fleire lag frå Stryn på Hessa Cup i helga!

Postet av Stryn Fotball den 29. Aug 2023

Stryn stilte med 4 lag på Hessa Cup i helga, både J13, J12, G11 og G10 hadde tatt turen til Ålesund og den populære og tradisjonsrike cupen for born og ungdom.

Laga rapporterer om ei strålande helg med godt utbytte både sportsleg og sosialt. J13 spelte seg heilt fram til semifinalen i si klasse, der vart Sula Sportsklubb diverre litt for sterke og det endte med 0-1 tap for strynejentene etter ein jamn kamp.

Stryn Fotball takkar alle spelarar, trenarar og foreldre/supportarar for god innsats på Hessa Cup!!!

Under ser de lagbilde av J13.








Bortetap for Stryn og Jon-Terje i Kretsligaen

Postet av Stryn Fotball den 28. Aug 2023


Etter ein god start på haustsesongen vart det tap 2-5 for Stryn borte mot Førde 2 i Kretsligaen på søndag.

Det starta imidlertid godt for Stryn når nykommar frå Selje IL - Mohammad Ali - satte inn 0-1 etter 25 min i sin fyrste seniorkamp i strynedrakta. Heimelaget snudde kampen før pause og 2 scoringar mot slutten av fyrste omgong satte pauseresultatet til 2-1. 

Førde 2 auka leiinga like etter pause før Vegard Hopland reduserte til 2-3 på straffe og sørga for ny spenning i kampen. To nye Førde 2 scoringar siste kvarteret sørga imidlertid for 5-2 og heime siger.

Trenar Jon Terje Tjellaug var naturleg nok skuffa etter tapet i Sunnfjord.

- Det vart ein tung kamp mot Førde 2 dessverre. Vi byrjar kampen godt, og har god kontroll. Skaper litt offensivt. Mohammad har ei farleg  heading, Tomas har eit tverliggarskot, og vi har eit par andre sjansar. Så går vi opp til 1-0 etter 28 minutt, og eg tenker og trur dette skal roe oss ned litt. Fram til då har det vore bra energi i laget. Førde utliknar til 1-1, og etter dette har vi vår tyngste periode. Her er vi nr 2 på det meste. Førde står høgt, mann vs mann, det klarar vi ikkje handtere. Blir nokre ballmiss og farlege situasjonar av dette. Dei vinn duellane og brukar fysikken sin som vi ikkje klarar matche. Vi blir for få som bidreg med prat, duellkraft og offervilje. Her har vi den største utfordringa vår, korleis ta tak og løfte oss i dei dårlege periodane. I andre omgang tek vi meir tak i ballen igjen, og spelar Førde 2 lave. Vi skapar ikkje nok i forhold til kor mykje vi har ball. Der er Førde 2 dødeleg effektive og scorar på det dei har. På 3-2 er vi nær utlikning, og kampen står og vippar. Den vippar i Førde sin favør dessverre. Vi krummar nakken, trenar godt komande veke og gjer oss klare for kamp igjen på laurdag, er Jon Terje si analyse etter kampen.

Neste laurdag er det altså ny heimekamp i Kretsligaen når serieleiar Fjøra kjempå besøk.

 Strynetrenaren håpar på mykje folk og god stemning! 




Ny storsiger for Stryn 2

Postet av Stryn Fotball den 23. Aug 2023

Geir Inge Rake og Stryn 2 har fått ein kanonstart på haustsesongen! 

Etter 4-0 heime mot Haugen forrige veke var det tysdag klart for bortekamp mot Flatraket/Selje 2 i 6.div avd 4. Det tok nesten ein heil omgong før fyrste scoring, men Simen Reed Hopland sørga for at Stryn 2 kunne ta pause med 1-0 leiing med si nettkjenning like før pause.

Stryn 2 fortsatte presset etter kvilen og scoringar av Saeed Tajik, Johannes Fredheim og Mohamed Said sørga for at gjestane leia 4-0 før Hopland vart 2-målsscorar og fatsatte sluttresultatet til 0-5 etter 82 min. 

Fortent siger til Stryn 2 som fortsatt tronar øverst på tabellen med 3 poeng ned til Måløy 2 på andre plass. 

                              Johannes Fredheim fekk med seg både scoring og gult kort heim frå Flatraket tysdag kveld. 




Målrik poengdeling mellom Stryn og Måløy i 3.div damer.

Postet av Stryn Fotball den 21. Aug 2023

Stryn og Måløy starta haustsesongen på fredag med ein målrik kamp på Stryn Stadion.

Stryn kom best i gong og etter 30 min stod det 3-0 til heimelaget på resultat-tavla, etter scoringar av Emma Lødemel og Malin Tjellaug. Gjestane kjempa seg inn att i kampen og i løpet av dei siste 15 min av 1.omgong sørga Linn Therese Leirset og Eli Sofie Skjølberg (2) for ei forrykande opphenting slik at stillinga til pause var 3-3.

Stryn hadde føringa i 2.omgong og eit kanonskot frå  Sofie Njøten etter omlag 20 min sendte heimelaget i føringa på ny. 
Det såg ut som om alle 3 poenga skulle bli igjen i bygda men 1 min før full tid utlikna gjestane igjen, denne gongen ved Stine Reite. Dermed endte det med poengdeling i ein kamp Stryn burde vunne. 


På biletet: Emma Lødemel scora 1 mål, hadde assist på 2 og vart kåra til "Dagens stryning". Prisen er eit gåvekrot gjeve av Isehaug Kafeteria og ein plakett gjeve av Fluor Lux!




Fair Play - prisen til Kristian Hansen

Postet av Stryn Fotball den 20. Aug 2023

I pausen på Kretsligakampen mellom Stryn og Sandane på laurdag vart det utdelt Fair Play pris til Kristian Hansen. Nedanfor ser de grunngjevinga for prisen:

 

"Kristian Hansen tildeles Fair-Play prisen Sommer 2023 for den jobben han har gjort for å skape engasjement og samhold i Stryn Fotball under Norwaycup 2023

 

Kristian la ned eit stort arbeid med organisering i forkant og under turneringa som bidrog til at dette vart ein svært positiv opplevelse for alle Strynelaga som deltok samt foreldre / familie som var med.

 

Kristian la godt til rette for at ein samla Stryn som klubb på tvers av laga/kulla, og det merkast godt når Strynelaga spelte kamp med god støtte frå alle dei raude på sidelinja.

 

  • Kristian organiserte flagg og tilbud om og bekledning til spelerar / støtteapparat / supporterar som gjorde Stryn godt synlig på Ekebergsletta.
  • Kristian organiserte sosialkveld på Sognsvann for alle laga / støtteapparat / supporterar, med 200+ deltagere, så vart det ein suksess med grilling og bading.
  • Med god og oppdatert informasjon under turneringa la han til rette for at fleire kunne følge dei forskjellige laga på kamp, spesielt når det oppstod forsinkelser / endringer i kamptidspunkt i forbindelse med sluttspel. Dei som ikkje hadde anledning til å reise på NC sjølve sette stor pris på oppdateringane underveis.

 

Kristian var med å profilere Stryn på en positiv måte, noko som fremmer engasjement og samhold i klubben på tvers av kull / lag.

 Stryn Fotball gratulerer med velfortent pris!"

På biletet ser de Kristian Hansen saman med sportsleg leiar Øystein Hesjedal som delte ut prisen (Foto: Stryn Fotball)




Storsiger mot Sandane!

Postet av Stryn Fotball den 19. Aug 2023

Her ser vi Håvard Kroken, Saeed Tajik og Johannes G. Tenden (delvis skjult) i duell med nokre sandensarar (foto: Sigrid Heggestad, Fjordingen).

Stryn har starta haustsesongen i Kretsligaen på best mulig måte, og har så langt plukka 6 av 6 poeng mot Jølster (B) og i dag heime mot Sandane.

For ei veke sidan vann Stryn 4-1 borte mot Jølster. Målscorarar då var Ole Ivan G. Espeland (2), Vegard Hopland og Håvard Kroken.

I dag kom Sandane på besøk til Stryn stadion. Sandane som slo Stryn 4-1 på heimebane i vår. Stryn var revansjesugne, og fullførte kampen med stil. Total dominans i begge omgangar, og resultattavla stoppa til slutt på 6-1.

Ola Holmlund Ørjasæter vart kåra til dagens stryning. Han var svært delaktig i dei fire måla før pause, og synte mykje bra frå sin posisjon på venstrekanten.

Trenar Jon Terje Tjellaug var naturleg nok ein fornøgd mann etter kampslutt.

- Det var ein godt gjennomført kamp frå vår side. Etter 16. mai har vi no spelt 7 kampar, der vi har vunne 6. Vi ser utvikling i det offensive spelet, og det er alltid kjekt å score mykje mål. Full kontroll i dag, og vi klarer å stå kampen ut med bra balltempo og god bevegelse. Mange gode prestasjonar og gode valg. Det gjenstår litt på siste tredjedel fortsatt, men det jobbar vi med. Samstundes er det gledeleg at vi no har større bredde i spelarstallen, med fleire ulike ferdigheiter.

Les referat frå Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209857/


Stryn - Sandane: 6-1 (4-1)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 19.08.2023

Mål:
1-0 Saeed Tajik (30 min)
2-0 Ole Ivan G. Espeland (32 min)
3-0 Saeed Tajik (40 min)
4-0 Jesper Endal Jepsen (42 min)
4-1 Hallvard Bjotveit (45 min)
5-1 Håvard Kroken (51 min)
6-1 Sjølvmål (87 min)


Stryn:

  • 12 Karsten Hauge
  • 2 Johannes Fredheim
  • 3 Jesper Endal Jepsen
  • 5 John-Erlend Bø
  • 20 Vegard Sæten Hopland
  • 7 Ole-Ivan Glosvik Espeland
  • 16 Tomas Eikenes Tjellaug
  • 17 Saeed Tajik
  • 19 Håvard Kroken
  • 15 Steinar Hauge
  • 18 Ola Holmlund Ørjasæter

Innbyttarar:

  • 1 Kjell August Ytre-Eide (inn for K.Hauge i 11 min)
  • 4 Sigurd Fotland Fænn (inn for Jepsen i 38 min)
  • 6 Kevin Hoddevik (inn for Tjellaug i 33 min)
  • 8 Marcel Filip Kucab (inn for Fredheim i 25 min)
  • 9 Johannes Garlid Tenden (inn for Ørjasæter i 38 min)
  • 14 Jan Marius Klepp Brekke (inn for S.Hauge i 25 min)





Stryn 2 suverene mot Haugen

Postet av Stryn Fotball den 19. Aug 2023

Petter Hammer spelte midstoppar i ca 50 minutt. Han var likevel med i dei fleste angrep, og scora bl.a. eitt mål. (foto: Stig Høynes, haugenfotball.no)

Stryn 2 - Haugen 4-0. Stryn 2 starta haustsesongen torsdag kveld, på heimebane mot Haugen. Med ein usedvanlig artig mix av ungt og gamalt, burde firemålssigeren vore større.

Sjå ei vøle med fantastiske bilder på haugenfotball.no her:
https://www.haugenfotball.no/fakta230817stryn2haugen.htm

Stryn 2 - Haugen: 4-0 (2-0)
6.div avd 4, Stryn stadion, torsdag 17.08.2023

1-0 Alexander Stefan Ekström (20 min)
2-0 Petter Hammer (44 min)
3-0 Johannes Fredheim (64 min)
4-0 Jon-Terje Tjellaug (92 min)

Stryn 2 sin tropp:

  • 1 Kjell August Ytre-Eide
  • 3 Emil Lindvik Aaning
  • 7 Stian Sandal
  • 11 Johannes Fredheim
  • 20 Petter Hammer
  • 5 Alexander Stefan Ekström
  • 10 Jon-Terje Tjellaug
  • 32 Jan Marius Klepp Brekke
  • 32 Erick Vhiestrox Medina
  • 39 Dan-Marius Glosvik Espeland
  • 2 Saeed Tajik
  • 9 Rasmus Skaare Tjellaug
  • 20 Frank Hool
  • 25 Marius Sunde Haugen
  • 33 Kevin Hoddevik





Stryn 2 spelar i kveld kl 19!

Postet av Stryn Fotball den 17. Aug 2023

Stryn 2 (senior) skulle opprinneleg spele heime mot Haugen tirsdag kl 19.

Denne kampen vart utsatt, og går av stabelen i kveld (torsdag 17.august) kl 19.

Velkomne til Stryn stadion, og eit durabeleg oppgjer i 6.divisjon!

Det går rykter om at nokre strynelegender skal i aksjon, så dette kan bli ein skikkelig godbit.





J13/14 til Finale i B-sluttspelet!

Postet av Stryn Fotball den 3. Aug 2023

Stryn J13/14 vann semifinalen mot Kongsberg IF med 5-1 i ettermiddag. Det betyt at dei er klar for finale i morgon. Motstander er IL Trond og kampen starter kl 13.30!

Stryn Fotball ynskjer jentene og trenerteamet lykke til! 




Sluttspel Norway Cup

Postet av Stryn Fotball den 2. Aug 2023

Innleiande runder i Norway Cup er unnagjort og det er klart for sluttspel! Her er ein oversikt over laga til Stryn Fotball sine kampar i sluttspelet. Vi vil oppdatere med resultat undervegs.

Onsdag 2.august:

11.20 G13 Stryn - Lom IL  12-0 B-1/32
12.15 J17  Stryn - Sunndal IL Fotball 2-0 A-1/16
15.00 G15/16 Stryn - Lambertseter IF 0-5  A-1/8
15.30 G16 Hødd IL 2 - Stryn  0-5  A-1/32
18.00 J13/14 Stryn - Surnadal IL  4-1  B-1/8
19.40 G14 Stryn - Sotra Sportsklubb Rød  4-3 (straffer) A-1/32 

Torsdag 3.august:
08.50 G13 Rosseland BK 2 - Stryn  0-2  B-1/16
10.00 J13/14 Seljord - Stryn  1-6  B-1/4
11.20 G14 Stryn - Strindheim IL 2   5-0  A-1/16 
11.30 G17 Stryn - Askim Fotball  2-4  A-1/16
13.00 G13 Stryn - Kjøkkelvik IL/IOlsvik 1 2-1  B-1/8
14.40 G14 Dallas Texans Soccer Club Hassan - Stryn  5-0 A-1/8
15.00 J13/14 Kongsberg IF - Stryn  1-5  B-1/2
15.15 G16 Stryn - Leknes Fotballklubb  0-1  A-1/16 
17.15 J17 Molde FK - Stryn  4-0 A-1/8
18.00 G13 Træff - Stryn  1-0 B-1/4

Fredag 4.august:
13.30 J13/14 IL Trond - Stryn  3-0 B-Finale




Oppdatering frå Norway Cup 2023

Postet av Stryn Fotball den 31. Jul 2023

Stryn Fotball stiller med 7 lag i Norway Cup i 2023 - noko som er eit rekordstort antall lag frå klubben vår.  Vi er no godt ut i dag 2 av turneringa og her er ei lita oppsummering så langt:

Gutar 13 år (9ar):
Stryn fekk ein kanonstart i denne klassa med heile 7-1 siger over Ullern IF på søndag. Kamp nr 2, mot Pors IF måndag, endte imidlertid med 2-6 tap, men gutane er fortsatt med i kampen om å nå A-sluttspelet og møter IFAC frå Mexico tysdag kl 12.10.

Gutar 14 år:
To sigrar og 6 poeng etter dei 2 fyrste kampane (3-1 over Blindheim IL 4-1 over SF Grei) gjev gode muligheter for A-sluttspel også her. Uavgjort mot Kolbotn IF 2 i morgon kl 13.00 vil sikre 16-dels finale.

Jenter 13/14 (7ar):
Også det yngste jentelaget vårt kom godt i gong med turneringa. Fyrstekamp i dag mot Kopervik IL endte med 6-2 siger til Stryn. Ny kamp kl 17.00 i ettermiddag mot Sociedade Hipica Campinas frå Brasil. 

Gutar 15/16 (7ar):
Storsigar også for 7ar-laget i G15/16-klassa. Søndag kveld vann Stryn 9-2 over SK Haugar- Dagens motstandar kl 18.00 - Malvik/Hommelvik - vann også sin fyrste kamp så det er duka for eit spennande oppgjer i kveld.

Gutar 16 år: 
Svensk motstand i fyrste kamp i turneringa, og det var Söder United FC som stakk av med 3 poeng og 6-0 søndag morgon.  3-0 over Raufoss Fotball 2 i dag gjer at ein fortsatt er fullt med i kampen om a-sluttspelet når ein møter Lørenskog i siste gruppekamp kl 14.30 tysdag. 

Gutar 17 år:
Kveldskamp søndag for Stryn G17 mot Strindheim IL endte med 8-0 siger! I kveld står Elverum Fotball på motsatt halvdel kl 19.00 før gruppespelet vert avslutt tysdag kl 16.30 mot Os TF.


Jenter 17 år:
Tøff start på turneringa for Stryn J17 med 0-5 for Bjerke søndag. 17.45 er det muilghet for revansj når jentene møter Utleira IL 1. I tillegg gjenstår 2 kampar tysdag så det er fortsatt gode muligheter til A-sluttspel også her. 

Stryn Fotball ynskjer alle lukke til vidare i turneringa!

Det er mange stryningar i Oslo denne veka. 7 lag frå Stryn Fotball med spelarar, støtteapparat og supporterar viser godt igjen på Ekebergsletta og andre kamparenaer!




Følg Stryn sine lag under Norway Cup!

Postet av Stryn Fotball den 24. Jul 2023

Stryn Fotball sender heile 7 lag til Norway Cup i år:
Jenter 13/4 (7er)
Jenter 17 (11er)
Gutar 13 (9er)
Gutar 14 (11er)
Gutar 15/16 (7er)
Gutar 16 (11er)
Gutar 17 (11er)

Kampane startar komande søndag, og først ut er G15/16 og G16.
Søndag kl 10 skal to strynelag i aksjon. G15/16 møter Haugar, mens G16 møter Söder United FC (Sverige).

Etter dette går det slag i slag, med innleiande kampar søndag, mandag og tirsdag.

Om du vil følge med på laga sine eigne oppdateringar, bli gjerne med i denne Facebook-gruppa:
https://www.facebook.com/groups/597609082457892

Kampoppsett og resultat finn du også på Norway Cup sine sider her:
https://norwaycup.cups.nu/2023,nb/result/search/stryn

Stryn Fotball ynskjer alle 7 laga lukke til under Norway Cup!




Tine Fotballskule 2023

Postet av Stryn Fotball den 4. Jul 2023

Forrige veke arrangerte Stryn Fotball TINE Fotballskule for andre gong! 75 born i alderen 7-12 år deltok og spelarar frå herre- og damelaga våre stilte som instruktørar.

Det vart 4 dagar med mykje fotball, sosialt samvær og kanskje fekk ein seg nokre nye venner også i løpet av veka.

Takk til alle deltakarane og instruktørane for ei flott veke! Her er gjengen samla med diplomar som synleg bevis på fullført TINE Fotballskule, (Foto: Stryn Fotball)




Tine Fotballskule 2023

Postet av Stryn Fotball den 25. Jun 2023

Måndag brakar det laust med Tine Fotballskule på Stryn Stadion!
75 born er påmeldt og spelarar frå seniorlaga våre stiller som instruktørar!
Vi starter måndag kl 10.00 med utdeling av t-skjorter og sekkar frå Tine! 
Dette blir moro:-)




Stryn 2 tukta Hornindal - so vidt!

Postet av Stryn Fotball den 21. Jun 2023

På bildet ser vi Runar Tvinnereim med ei sugande takling på John-Erlend Bø (Foto: Thomas Thaule, Fjordingen).


Toppoppgjeret i 6.divisjon lokka mange stryningar og honndøler til Stryn stadion tirsdag. Denne godbiten vart altså prioritert foran landskampen på TV. Det er triveleg.

Første omgang vart eit lite antiklimaks. Hornindal låg lavt og kompakt, noko Stryn 2 ikkje fann særleg ut av. Ingen av laga skapte store sjansar dei første 45 minutta.

Hornindal heldt fram med å prioritere det defensive også etter pause, men etter kvart opna det seg meir opp for Stryn 2. Litt betre balltempo og meir bevegelse, gjorde at sjansane kom. Men det gjorde ikkje måla, til tross for stolpeskot og redning på strek.

Stryn 2 fikk frispark på ca 19 meters hald langt på overtid. Jørgen Trøsken har synt seg farleg i slike situasjonar før, og heile 7 minutt etter ordinær tid klinte han frisparket i nettmaskene bak ein sjanselaus keeper Kristoffer Grodås. 

Like etter dette slo Hornindal eit langt frispark inn i Stryn 2 sin 16-meter, og det vart fullstendig kaos. Bortelaget fikk 2-3 sjansar til å få ballen over streken, men keeper Kjell August Ytre-Eide og eit par andre stryningar klarte med nød og neppe å hindre baklengs.

Ein fortent siger til Stryn 2, som tek ferie på tabelltopp!

Les referat frå Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/692479/2268276/

Les om kampen i Fjordingen her:

https://www.fjordingen.no/sport/i/veG6Xj/stryn-stengde-kiosken-og-hornindal-stengde-nesten-maalet


Stryn 2 - Hornindal: 1-0 (0-0)
6.div avd 4, Stryn stadion, tirsdag 20.06.2023

Mål:
1-0 Jørgen Trøsken (90 + 7 min)

Stryn sin tropp:

  • 1 Kjell August Ytre-Eide
  • 4 Emil Lindvik Aaning
  • 8 Jørgen Trøsken  
  • 32 Sokrates Ullebø Hool
  • 39 Cato Sæten Gundersen 
  • 2 John-Erlend Bø
  • 5 Sondre Erdal
  • 6 Erick Vhiestrox Medina
  • 39 Sander Sande Tenden
  • 42 Dan-Marius Glosvik Espeland
  • 3 Mohamed Ahmed Ahmed Said
  • 7 Alexander Stefan Ekström
  • 9 Rasmus Skaare Tjellaug
  • 10 Tarjei Tøfte Heimlid
  • 20 Vegard Sæten Hopland
  • 41 Ola Holmlund Ørjasæter


Hornindal sin tropp:

  • 12 Kristoffer Grodås
  • 4 Elias Helset
  • 7 Eskil Nordang Seljeset
  • 13 Trygve Myrold
  • 35 Runar Stensaker Tvinnereim 
  • 10 Sander Misund Haugen
  • 14 Emil Haugen-Sebastian
  • 18 Lukas Olai Lødemel
  • 31 Martin Aaland 
  • 27 Lars Midthjell Gjørven
  • 33 Jakob Sæther
  • 1 Andreas Sollid
  • 6 Endre Lødemel
  • 9 Chrisander Lødøen Øen
  • 15 Magnus Midthjell Gjørven
  • 25 Håvard Sollid
  • 29 Mathias Espe Lødøen
  • 34 Aksel Kornelius Sollid Seljeset





Hold på hatten! Stryn 2 møter Hornindal i kveld kl 20.

Postet av Stryn Fotball den 20. Jun 2023

Kven skal ta ferie på tabelltoppen? Svaret får du i kveld. Eit durabeleg lokaloppgjer er i emning. Toppkamp i 6. divisjon. I kveld brakar naboane Stryn 2 og Hornindal saman på Stryn stadion kl 20.00.

Stryn 2 toppar tabellen med 18 poeng, Hornindal er to poeng bak. Dette blir ein thriller!

Skal Dagmund Evebø og Gunnar Grodås klare å senke gamleklubben?

Skal alle dei tidlegare strynespelarane, med brøytebilen Lars Gjørven (bildet) og granittblokka Endre Lødemel i spissen, ta tre poeng på Stryn stadion?
Blir evigunge Svein Olav Solum med i troppen til Hornindal?
Klarar dommar Muhamet Barla å halde styr på dei to laga?

Svara får du på Stryn stadion i kveld, kampstart kl 20.00.

Vi ynskjer Hornindal hjarteleg velkomne! 

(Alle bilder: Stig Høynes, haugenfotball.no)




- Eit ærleg forsøk, og positive tendensar

Postet av Stryn Fotball den 18. Jun 2023

John-Erlend Bø og Kevin Hoddevik gratulerer Steinar Hauge med 1-0 scoringa. Bilde: Stig Høynes, haugenfotball.no

Det vart ein meir forrykande kamp enn venta, i varmen på Stryn stadion på laurdag. Stryn tok tidleg leiinga, men topplaget Årdal snudde kampen utan at dei fikk rista av seg eit heiltent heimelag.

Spenninga heldt seg heilt til sluttsignalet kom 6-7 minutt på overtid, og Stryn stod då igjen med null poeng og eit 3-4 tap. Likevel var dette ein god kamp av Stryn, og trenar Jon-Terje Tjellaug har nok vore lenger nede etter eit tap enn denne gang.

- Dette var ein kamp som kunne bikka i vår fordel med litt flyt. Vi gjær eit ærleg stykke arbeid, og det er nesten godt nok til å slå topplaget i Kretsligaen. Eg er nøgd med viljen og innsatsen, og at vi scorar 3 mål. Samtidig slepp vi ikkje inn noko på dødball, vi er tøffe i eige felt. Sjølvsagt er der ting å jobbe med, som å vinne fleire andreballar, men vi tek med oss mykje positivt frå denne kampen, sa Tjellaug etter kampslutt.


Vegard Hopland spelte ein god kamp i midtforsvaret, og vart kåra til dagens stryning. Bilde: Stig Høynes, haugenfotball.no


Jon-Terje og Mats med nøyaktig samme caps! Dette var neppe avtalt på førehand. Bilde: Stig Høynes, haugenfotball.no

Sjå fleire bilder frå kampen på haugenfotball.no her:
https://www.haugenfotball.no/fakta230617strynardal.htm

Les Firda Live-referatet her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209815/


Stryn - Årdal: 3-4 (1-1)
Kretsligaen, Stryn stadion, laurdag 17.06.2023

Mål:
1-0 Steinar Hauge (5 min)
1-1 Joachim Furset (34 min)
1-2 Truls Hovland (50 min)
1-3 Truls Hovland (54 min)
2-3 Saeed Tajik (55 min)
2-4 Julian Lægreid (81 min)
3-4 Steinar Hauge (90 + 2 min)

Stryn:
Christian Strand - John-Erlend Bø, Jesper E. Jepsen, Vegard Hopland (Cato Gundersen i 8 min), Sondre Erdal - Ole-Ivan Glosvik Espeland (Jan Marius Brekke i 32 min), Kevin Hoddevik, Tomas Eikenes Tjellaug (Håvard Kroken i 45 min) - Saeed Tajik, Steinar Hauge, Hubert Wdowiak.

Ubenytta innbyttarar: Kjell August Ytre-Eide, Emil Aaning, Vegard Guddal, Mohamed Ahmed.






Hauge sikra fjerde sigeren på rad!

Postet av Stryn Fotball den 11. Jun 2023

Saeed Tajik og Håvard Kroken stormar til for å gratulere Steinar Hauge med det som vart matchvinnerscoringa mot Måløy. Fornøgde gutar! Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

- Sjølv om det vart resultatmessig tett og oppjaga på slutten, var dette 3 veldig fortjente poeng. Eg er fornøgd med mykje i dag, og spesielt den viljen spelarane syner for å vinne kampen. Vi jobbar knallhardt for å sikre sigeren. Så må vi fortsette å jobbe med bevegelsar og balltempo på siste tredjedelen av bana. No gler vi oss til å møte serieleiar Årdal i siste seriekamp før sommarferien, var oppsummeringa til ein nøgd og letta trenar Jon-Terje Tjellaug.

Sjå fleire nydeleg bilder frå kampen på haugefotball.no her:
https://www.haugenfotball.no/fakta230610maloystryn.htm

Her er referatet frå Firda Live:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209869/


God stemning i garderoben etter kampslutt!


Måløy - Stryn: 1-2 (1-1)
Kretsligaen, Skavøypoll stadion, laurdag 10.06.2023

Mål:
1-0 Bastian Djuvik (6 min)
1-1 Vegard Hopland (str. 35 min)
1-2 Steinar Hauge (71 min)

Stryn:
Christian Strand - John-Erlend Bø, Jesper E. Jepsen, Jørgen Trøsken, Johannes Fredheim (Marius K.Lødemel i 11 min) - Ole-Ivan Glosvik Espeland (Sondre Erdal i 19 min), Kevin Hoddevik, Tomas Eikenes Tjellaug - Saeed Tajik (Mohamed Ahmed i 6 min), Vegard Hopland (Håvard Kroken i 45 min), Steinar Hauge.

Ubenytta innbyttarar: Martinus Hesjedal, Cato Gundersen, Emil Aaning.




G12: - Krutsterk innsats av gutane!

Postet av Stryn Fotball den 9. Jun 2023

Bak frå venstre: Eirik Skaare, Yamen Persson, Christian Frøyset, Julian Sandal, Mohamad Alubaani og Rowan Mustafa. Framme frå venstre: Erik-August Flo-Thorsdal, Herman Konstali-Lødemel, Liam Krossen og Endre Øvreberg.

Torsdag kveld var det eine G12-laget på tur til Måløy, for å spele ein, i utgangspunktet, vanskeleg bortekamp.

Men dei unge og lovande strynegutane varta opp med storspel! Raudtrøyene vann komfortabelt denne vakre sumarkvelden, og trenaren var stolt av gutane etter kampslutt.

- Krutsterk innsats av gutane! Mange fine lagmål, og full kontroll i forsvar. Ein av dei beste kampane for sesongen, mot eit godt Måløy lag, var trenar Stian Sandal si lystige oppsummering.

Gratulerer med seieren, til ein herleg gjeng!




Solid bortesiger for Stryn

Postet av Stryn Fotball den 9. Jun 2023

Stryn tok ein sterk bortesiger mot Måløy i 3.div damer torsdag kveld!

Heimelaget låg før kampen på andreplass i 3.div med 16 poeng, likt med serieleiar Førde. Stryn var imidlertid revansjelystne etter ein litt svak poengfangst siste 3 kampane og tok tak frå start. Etter 2 kjappe scoringar av storscorar Emma Lødemel stod det 0-2 i målprotokollen etter 12 spelte minutt.

Stryn fortsatte trøkket og eit langskot frå Malin Tjellaug etter 40 min sikra 3-0 leiing til pause.

I andre omgong kontrollerte Stryn sigeren inn. Det vart ingen fleire scoringar og dermed klatra Stryn opp til 3.plass på tabellen.

På biletet ser vi jublande strynespelarar og trenarar etter kampen! (Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball)

 




Heimetap for Stryn i 3.div damer søndag

Postet av Stryn Fotball den 6. Jun 2023

 

 

Stryn tapte 0-4 heime for Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 søndag ettermiddag. Gjestane opna friskt og allereie etter 10 min stod det 0-2 på måltavla. Sogndal var klart best i 1.omgong og dette var også stillinga til pause. 

Heimelaget heva seg i andre omgong og hadde fleire muligheter til redusering utan å få uttelling. I staden var det Sogndal 2 som kontra inn 0-3 etter at dei fekk avklara ein corner til Stryn. 10 min før full tid fastsatte Kaja Frøyd sluttresultatet til 0-4.

På biletet ser vi midtstoppar Maria Kleiv Jensen som vart kåra til "Dagens stryning" og vann med det gåvekort på Isehaug Kafeteria og plakett gjeve av Fluor Lux!




Ola tatt ut på G15-landslaget!

Postet av Stryn Fotball den 6. Jun 2023

Equinor talentleir i Porsgrunn er frå 24. til 28. juni. I forbindelse med det, er Ola Holmlund Ørjasæter tatt ut i troppen til G15-landslaget!

Ola har vore mykje skadeplaga det siste året, og har vore svært tålmodig før han gradvis har auka kamp-belastninga utover våren. No er han skadefri og fit for fight, og er belønna med ein landslagsplass!

Stryn Fotball gratulerer med uttaket, og ynskjer lukke til på samlinga!

Tropp G15-landslaget:

Eryk Lukaszka - Bodø/Glimt
Matteus Nguyen - Brann
Nicholas Wik - Brann
Sebastian Ademola - Brighton
Oliver Sigernes - FC Zurich
Philip Holseter-Karlsen - Eik Tønsberg
Jesper Johnsson Solberg - Fredrikstad
Lukas Holter Busterud - HamKam
Markus Østerud - HamKam
Olav Mengshoel - HamKam
Einar Bøe Fauskanger - Haugesund
William Valenza - Haugesund
Henrik Haraldsen - Start
Kasper Vangen - Bjarg
Herman Sjåvik Opsahl - Kristiansund
Elion Krosa - Odd
Fredrik Dørrum Berg - Rosenborg
Lamin Huchard Nije - Sandefjord
Leon Dahlstrøm - Skeid
Richard Alexsander Ferrington - Stabæk
Szabolcs Buki - Stabæk
Suleiman Osman - Stabæk
Ola Holmlund Ørjasæter - Stryn
Aksel Olausson Tveit - Viking
Magnus Oftedal - Viking
Jesper Renhusløkken - Vålerenga
Wahib Fadil - Vålerenga

Les om uttaket på fotballforbundet sine sider her:
https://www.fotball.no/barn-og-ungdom/landslagsskolen/2023/uttak-equinor-talentleir-gutter2/





Årsmøte i Stryn T&I

Postet av Stryn Fotball den 30. Mai 2023




Tine Fotballskule 2023

Postet av Stryn Fotball den 24. Mai 2023

Har du fortsatt ikkje meldt deg på Tine Fotballskule i Stryn? 
Det er framleis ledige plassar.
Nedanfor finn du påmeldingsskjema og link til info om Tine Fotballskule.

Når: 26.06-29.06 frå 10.00-15.00
Alder: 7-12 år (født 2011-2016)
Stad: Stryn Stadion
Pris: kr 1.200,- (Søskenmoderasjon: kr 900,- for born nr 2)
Påmeldingsfrist: 01.06.23

Link til påmeldingsskjema:
Her finn du meir info om Tine Fotballskule:



Stryn spratt over Spretten!

Postet av Stryn Fotball den 20. Mai 2023

Stryn gjennomførte ein uhyre sterk bortekamp i dag, og det var ein glad gjeng som kunne juble etter kampslutt. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.

Jon-Terje Tjellaug var glad og letta etter den imponerande 3-poengaren.
- Dette fortente spelarane våre. Eg er imponert av at dei har stått i nokre tunge opplevingar, og reiser seg på denne måten. Vi har fokus på utvikling, og tok nye steg i dag. I dag var vi betre og meir tålmodige med ball, og får etterkvart store rom å spele i som vi klarar å utnytte. Skryt til ALLE spelarane. Innsatsen ligg i botnen. I dag er vi der vi skal vere, og dei fullfører 100% sjølv om det er blytungt for enkelte mot slutten. Det er akkurat slik det skal vere.

3 poeng i dag gjorde at Stryn spratt over Studentspretten på tabellen.

Hubert Wdowiak scora hat-trick i dag! Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.


Jubel i garderoben, og vi ser at Stig Høynes er tett på der det skjer.

Sjå fleire bilder frå kampen her: https://www.haugenfotball.no/fakta230520studentsprettenstryn.htm


Studentspretten - Stryn:1-4 (0-1)

Kretsligaen, Fosshaugane Campus, laurdag 20.05.2023

Mål:
0-1 Hubert Wdowiak (45 min)
1-1 (61 min)
1-2 Hubert Wdowiak (66 min)
1-3 Steinar Hauge (77 min)
1-4 Hubert Wdowiak (90 min)

Stryn:
Kjell August Ytre-Eide, John-Erlend Bø, Jesper E. Jepsen, Jørgen Trøsken, Johannes Fredheim, Ole-Ivan Glosvik Espeland, Kevin Hoddevik, Tomas Eikenes Tjellaug, Ola Holmlund Ørjasæter, Hubert Wdowiak, Steinar Hauge.

Benytta innbyttarar:
Mohamed Ahmed, Jan Marius K. Brekke, Sander S. Tenden og Cato Gundersen.


Inge Arne Bøe var stødig bussjåfør til Sogndal i dag. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.




Stryn 2 slo topplaget i nimålsthriller!

Postet av Stryn Fotball den 19. Mai 2023

Stryn 2 låg under 2-4, men ei meisterleg opphenting sørga for at alle poenga vart igjen i Stryn. Då var det ein glad gjeng i garderoben etter kampslutt!

Johan Teigum-Ytreeide var sikker frå straffemerket to gongar mot Svelgen/Bremanger 2. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.

8 minutt før slutt utlikna Oliver Bjørkedal Eide til 4-4! Det var Oliver si første scoring på seniornivå. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.

Like før slutt vart kampen avgjort. Ein presis corner av Johan Teigun Ytreeide vart stanga i mål av Sokrates Ullebø Hool. Dermed scora også Sokrates sitt første mål på seniornivå. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.

Sokrates var ein glad matchvinner etter kampslutt. Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no.


Etter fire serierundar, er det tre lag som har kapra 9 poeng i toppen av tabellen. Svelgen/Bremanger 2, Stryn og Haugen. Artig å merke seg at to av dei 3 sigrane til Stryn 2 er mot dei to andre topplaga.

Les referat frå Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/692479/2268252/

Fleire bilder her: https://www.haugenfotball.no/fakta230518stryn2svelgenbremanger2.htm



Stryn 2 - Svelgen/Bremanger 2:  5-4 (2-2)
6.div avd 4, Stryn stadion, torsdag 18.05.2023

Mål:
1-0 Vegard Sæten Hopland (14min)
1-1 (16 min)
1-2 (26 min)
2-2 Johan Teigum-Ytreeide (straffe, 30 min)
2-3 (53 min)
2-4 (60 min)
3-4 Johan Teigum-Ytreeide (straffe, 66 min)
4-4 Oliver Bjørkedal Eide (82 min)
5-4 Sokrates Ullebø Hool (89 min)

Stryn sin tropp:

  • 1 Kjell August Ytre-Eide 
  • 5 Hans Teodor Opsahl Haugen
  • 36 Mohamed Ahmed Ahmed Said
  • 37 Kristian Kobela
  • 41 Cato Sæten Gundersen
  • 42 Dan-Marius Glosvik Espeland
  • 3 Filip Roksvåg Leirgulen
  • 7 Jesper Endal Jepsen
  • 9 Tarjei Tøfte Heimlid
  • 10 Sander Sande Tenden
  • 39 Johan Teigum-Ytreeide   
  • 6 Sokrates Ullebø Hool 
  • 8 Oliver Bjørkedal Eide 
  • 32 Vegard Hopland
  • 29 Erick Vhiestrox
  • 36 John Erlend Bø
  • 11 Jon-Terje Tjellaug





Laurdagstrening i godveiret

Postet av Stryn Fotball den 13. Mai 2023

Stryn fotball har igjen rulla i gong laurdagstreninga. Dette er eit gratistilbud for alle ungar, 6 år og eldre som har lyst å spele fotball. Denne laurdagen var det 45 ungar på plass, i alderen 6-13 år. Økta blei leia av trenarane Stian Sandal, Lars Fredrik Sandbakk, Siri Fure og Rune Ommedal, som hadde utespelarane, medan Eirik Krossen og Roar Haugstveit køyrde ei eiga keeper økt.

 

I denne økta blir ein blanda både mellom kjønn og alder, og ungane tykkjer det er kjekt å spele med andre enn kva ein brukar å gjere på lagstreningane.  

Målsetninga for økta er at ein skal ha det kjekt, og at kvar enkel spelar skal få så mange touch på ballen som mulig. Det er derfor mykje øvingar med kvar sin ball. I speldelen spelar vi smålagsspel, få spelarar på kvart lag gjer at alle blir involverte i spelet og er mykje borti ballen.


 


På keeperdelen var det ti keeperar, alle godt fokukserte og ivirige. Vi trur dei syns det var kjekt og at det frista til gjentagelse. Det frista i alle fall trenarane så det blir heilt sikkert fleire økter.


Økta blei som alltid avslutta med ein god dose frukt til alle.

Ungane kosa seg, trenarane kosa seg, og neste laurdag er det plass til endå fleire som har lyst å spele fotball.

God helg




Hanna Tenden teken ut til årets UEFA B-lisens!

Postet av Stryn Fotball den 10. Mai 2023

Hanna Tenden frå Stryn Fotball er teken ut til å delta på NFF sitt UEFA B-lisens kurs som startar i august i år. I tillegg til at ho spelar på Stryn sitt damelag er ho også Trenerrettleiar for jentefotballen i klubben. No ynskjer ho å styrke fagkunnskapen i trenaryrket og vi gratulerer med uttaket!

Også Jannike Henden Hagen (Eid), Henning Haugen (Eid) og Kathrine Bolseth (Sogndal) er tekne ut til kurset.




Stryn Fotballs fyrste drømmelag!

Postet av Stryn Fotball den 9. Mai 2023

Søndag utfordra vi laga våre til å bli klubbens fyrste "Drømmelag"! Dette var tydelegvis noko som fenga for 2 dagar seinare har  vi fått ikkje berre eitt, men to (!), lag som har tatt utfordringa på strak arm og fått på plass gode og store team rundt laga sine

Etter Sportsleg leiar Øystein sin modell har Jenter 8 år og Jenter 10 år engasjert foreldregruppa og fått på plass hjelpetrenarar, inkluderingsansvarlige, sosialansvarlige og heiagjeng i tillegg til hovudtrenarar og lagleiarar. Godt jobba!

Men vi gjer oss ikkje her! Stryn Fotball har som målsetting at alle laga våre skal få til dette! Ved å bygge eit "Lag rundt laget" gjer ein både jobben enklare  for trenarteamet og ein skaper også ei sosial ramme som vil gjere det kjekkare for både born og vaksne, og som vi trur igjen fører til at borna blir lenger i idretten.

Så kven bli neste skal tru?




Tine Fotballskule

Postet av Stryn Fotball den 9. Mai 2023

Har du fortsatt ikkje meldt deg på Tine Fotballskule i Stryn? 
Det er framleis ledige plassar.
Nedanfor finn du påmeldingsskjema og link til info om Tine Fotballskule.

Når: 26.06-29.06 frå 10.00-15.00
Alder: 7-12 år (født 2011-2016)
Stad: Stryn Stadion
Pris: kr 1.200,- (Søskenmoderasjon: kr 900,- for born nr 2)
Påmeldingsfrist: 01.06.23

Link til påmeldingsskjema:
Her finn du meir info om Tine Fotballskule:





Stryn United med 2 pokalar på Laurdagsturnering i Ulsteinvik

Postet av Stryn Fotball den 8. Mai 2023

Laurdag arrangerte Hødd United Laurdagsturnering på Høddvoll i Ulsteinvik! Stryn United stilte med 8 spelarar og ein solid heiagjeng! Vi var påmeldt i 2 klassar, "Rolig" og "Racer" så det var eit tøft kamp-program. 

I "Racer"-klassen møtte vi god motstand av Kristiansund og Guard og begge kampane endte med tap etter god innsats og mange flotte scoringar og redningar. Då vi var litt knapt med spelarar til 2 lag fekk vi låne nokre spelarar frå våre venner i Hødd United i fyrste kampen i  "Rolig"-klassen. Etter to innleiande kampar mot Kristiansund og Hødd var vi klare for finale mot Kristiansund. Finalen vart ein skikkeleg spennande kamp med mange flotte scoringar, og til slutt måtte kampen avgjerast på straffekonkurranse. Etter at begge lag hadde tatt 3 straffer var stillinga 1-0 til Stryn United og vi kunne endeleg motta vår aller fyrste pokal!

På biletet ser vi heile troppen etter at vi har motteke pokalen og er klare for bankett:


Etter turneringa var det klart for bankett i Klubbhuset på Høddvoll! Her var det program og musikk av Fjøresteinane. Under banketten skulle det også delast ut Fair Play pris til eit av laga på turneringa. Og jubelen var stor i Stryneleiren når turneringsleiar Fatima Myrseth annonserte at vinnar av Fair Play prisen var Stryn United! Vi kunne dermed sete oss i bilane og reise fornøgde heim att med ikkje mindre enn 2 pokalar!

På biletet ser vi Magne Birger som var vår representant til å hente pokalen:


Vi vil gjerne få takke Hødd United for eit strålande arrangement og ein fantastisk fin dag i Ulsteinvik! Vi følte oss veldig velkomne og tatt vare på heilt frå vi kom til Stadion og vi reiste igjen! 
Trenaren vil også gjerne få takke spelarane på Stryn United, ein fantastisk kjekk gjeng å reise på tur med og gode representantar for Stryn Fotball!




Foreldremøte 7-12 år

Postet av Stryn Fotball den 7. Mai 2023

Torsdag arrangerte Stryn Fotball felles foreldremøte for Barnefotballen 7-12 år på Stryn Vidaregåande Skule.

Etter litt info frå Stryn Fotball snakka Eirik Krossen (7-9 år) og Jan Tore Sunde (10-12 år) litt om korleis det er å vekse opp i Stryn i dag, og korleis Politiet i Stryn jobber opp mot born/ungdom i bygda..
Derette var det sportsleg leiar, Øystein Hesjedal, sin tur. Han presenterte sitt "Drømmelag", med sine tankar om kor viktig det er at foreldra engasjerer seg  og tar eigarforhold i fotballlaga til borna sine. Eit fotball-lag treng meir enn 2 trenarar og lagleiar for å lage gode sosiale rammer. 

Kanskje vi i år får vårt fyrste "Drømmelag" i Stryn Fotbvall? Og kva lag blir i så fall det? Vi veit at nokre lag allereie er i gong med rekrutteringa, og håper fleire av laga våre tar utfordringa. 

På biletet ser vi Øystein som er godt i gang med å presentere Drømmelaget.  




Vi startar opp lørdagstreningane førstkommande lørdag

Postet av Stryn Fotball den 3. Mai 2023

Vi startar opp lørdagstreningane førstkommende lørdag 10-11:30.

Mange skal nok delta på Kongleriket i Loen, men kanskje nokon treng ein siste finpuss på forma før dei spelar kamp?

For dei kulla som ikkje spelar kongleriket er det berre å pusse fotballskoa og møte opp.





Sterk borteseier i Svelgen

Postet av Stryn Fotball den 1. Mai 2023

Etter to tap, varta Stryn 2 smågutter opp med ein solid kamp borte mot Svelgen søndag. Stryn gjekk rett i strupa på Svelgen og før det var gått 30 sekund satte Marius ballen i nota. Zelim fulgte opp med to strake. Svelgen sin kretslagskeeper varta opp med fleire gode redningar og dei er nok glade det kun stod 1-3 til pause. Kaptein Dennis styrte stryneskuta stødig frå miststopparplass og seieren var vel aldri trua. Mål i andre omgang ved Didrik, Mohammed 2 og Eirik gjorde at kampen enda 3-7. Fantastisk laginnsats der alle hadde dagen. bfv: Dennis, Boye, Elias, Henrik, Ådne, Nicolai, Zelim, ffv: Magnus, Marius, Grady, Didrik, Eirik, Mohamed, Chrispe.




Ei røff veke

Postet av Stryn Fotball den 24. Apr 2023

Veke 16 vart ei røff veke resultatmessig for laga våre i senior og ungdomsfotballen, men vi ser framover og oppover.


Denne veka er det mykje bortekampar, men vi har følgande godbitar på stadion:

  • Onsdag 18:00 G11: Stryn 2 - Hornindal. Klarer trener Siri å temme bohemane og vilbassane på G11 og få dei til å fungere som eit lag?
  • Torsdag 18:00 J12:  Stryn - Eid, tøft lokalderby i J12-klassen.  Har vi taket på Eid? 
  • Torsdag 18:00 G12: Stryn 2 - Sandane. Eit fintspelande G12 møter Sandane, men held det å spele fin fotball? Ror dei denne i land?

For å få svar på dette må de ta turen på stadion, vi fører nemlig ikkje resultat i barnefotballen. Uansett, kom å sjå, hei på laga, gjerne litt på dommarane og. Vi har ein flott gjeng som dømmer, det er viktig å ta vare på dei.


  • Søndag 15:00 Kretsligaen Stryn - Førde 2, Førde 2 har som Stryn 3 poeng etter to rundar, begge lag er nok sugne på ein 3 poenger. Klarer gutta denne?

Ein kan sjølvsagt oppdatere seg via Firda Live, underhaldande nok det, men fotball er best live (sorry Frank). Vi håpar flest mogleg tar turen og støttar laget.


MRK! Alle under 18 år går gratis på kamp.










Knepent tap mot seriefavoritten

Postet av Stryn Fotball den 21. Apr 2023

Stryn sitt damelag serieopna i kveld heime mot seriefavoritt Førde. Det enda med eit knepent 2-3 tap.

Allereie etter ca 5 sekund sjokkopna sunnfjordingane, etter scoring av Kaja Johannesen Skrede. Til tross for denne kalddusjen, slo strynedamene fort tilbake.
Først fekk Gunnalug Tenden eit skot blokkert, men etter 11 minutt kom Stryn sitt aller første seriemål i 2023. Og for ei kanon!
Malin Eikenes Tjellaug klinka til frå 27-28 meter, og ballen fauk i nettmaskene utan sjanse for keeper!

Resten av omgangen var jamnspelt, der begge lag hadde sina sjansar. Like før pause kontra gjestane, og Inga Hoff scora aleine med keeper.
Like etter pause auka Førde leiinga på nok ei kontring. Og igjen var det Inga Hoff som scora. Dermed 1-3, og alt tyda på at Førde skulle cruise inn ein komfortabel seier.

Men Stryn jobba seg inn i kampen, og mellom anna klinka Emma Dorthea Lødemel ballen i tverliggaren.

Etter 69 minutt fekk Stryn corner, som Malin Eikenes Tjellaug svinga inn i feltet. Der dukka Emma Dorthea Lødemel opp, og heada ballen kontant i mål!
2-3 og ei svært nervepirrande avslutning vart det. Sjølv om Stryn hadde eit par sjansar til å utlikne, ville det seg ikkje.

- Kjekt å vere i gang igjen. Surt med to kjappe mål i starten av kvar omgang, men eg syns vi står godt mot eit bra Førde-lag. Og vi viste absolutt at vi også har ein del å kome med. Vi heng ikkje med hovudet etter denne kampen, og ser framover mot neste. Kjekt med god stemning på stadion!, sa Malin Eikenes Tjellaug etter kampen.

Trenar Lise Flægstad var naturleg nok ikkje nøgd med null poeng, men fann likevel ein god del å glede seg over etter Førde-kampen.

- Det blei eit surt og knepent tap. Vi er ikkje påskrudd frå start, og får eit superraskt mål i mot. Det samme skjer i andre omgang. Vi har ein veldig varierande prestasjon i første omgang, så der har vi ein del å gå på. Vi gjer ein god andre omgang og er då heilt på nivå med Førde. Vi er generelt godt nøgde med det vi presterer og jentene gjorde ein kjempeinnsats!, er trenar Lise si oppsummering.

Les meir om kampen på Firda Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/692647/2268423/

Ein lokal jury kåre Malin Eikenes Tjellaug til Dagens Stryning 
Som Dagens Stryning, fekk Maling gåve kort frå Isehaug Kafeteria, og ein plakett spons av Fluor-Lux. 

 




Guttelaget med uavgjort i første seriekamp

Postet av Stryn Fotball den 19. Apr 2023

Hovedtrenar for Stryn G15/17 i år er Einar Dons Brath.

Jevnaker sin tidlegare kaptein var fornøgd med store delar av kampen mot Måløy.

- Vi har grei kontroll før pause, utan at vi nødvendigvis spelar ein gnistrande omgang. Andreomgangen er virkelig god av oss, fram til Måløy reduserer til 3-1. Etter dette blir vi stressa, samtidig som Måløy får trua på poeng. Urutinert av oss å sleppe dei inn i kampen slik, men samtidig er dette noko vi skal lære av, oppsummerer Einar etter kampslutt. 

Stryn stadion 19.04.2023 kl 19, G15/17 avd 2 vår:

Stryn 1 - Måløy 1: 3-3 (1-0)

Kampfakta:
1-0 Ola Holmlund Ørjasæter (5 min)
2-0 Johannes Roset-Hansen (60 min)
3-0 Oliver Bjørkedal Eide (71 min)
3-1 (76 min)
3-2 (78 min)
3-3 (83 min)

Tropp:

  • 1 Karsten Hauge
  • 5 Oliver Bjørkedal Eide 
  • 8 Sokrates Ullebø Hool
  • 9 Ola Holmlund Ørjasæter 
  • 12 Nftaleim Henok Asfaha
  • 16 Georg Hopland
  • 19 Sigve Heggdal Aabrekk
  • 22 Marius Konstali-Lødemel
  • 24 Johannes Roset-Hansen 
  • 26 Tomas Eikenes Tjellaug
  • 28 Vegard Guddal
  • 30 Oliver Veka Brath
  • 44 Oddmund Hauge Otterdal
  • 45 Tarjei Tøfte Heimlid





Endeleg er vi i gong

Postet av Stryn Fotball den 19. Apr 2023

Leiaren har ordet:

Som nyvald styreleiar er eg både spent og audmjuk for oppgåva. Fotball betyr mykje for mange, og det engasjera, det skal lokalfotballen og gjere. Sesongen er no i gong, og det er kjekt å sjå alle som er ute på bana frå 6 år til senior, jenter og gutar. Det er det viktigaste vi driv med.


Styret har mange ting ein har lyst å få til, noko kan ein få til på kort sikt, andre ting er lenger prosjekt.  

Vi ynskjer å bli betre på er kommunikasjon, derfor rullar vi no ut ei ny heimeside. Den er ikkje perfekt, men den er god nok til at vi lanserar den. Vi jobbar fortsatt med formatet og tar gjerne imot konstruktive innspel.  Dette blir plattforma ein kan finne ferske nyheiter, informasjon om treningstider, kampplanar osv. Vi har lagt til tabellane for Stryn damer og Stryn herrer, vi veit det har vore sakna hos enkelte. Vi håpar de blir fornøgd med sida. 

Vi ser at dei kulla med eit større støtteaparat rundt seg fungerar godt og det vil vi rette fokus mot. Vi treng foreldra til mange roller rundt laga, men viktigaste oppgåva er oppdragelse, og der treng vi heile landsbyen med oss.  Er ein mange som  delar på oppgåvene, blir det ikkje mykje på kvar enkelt, men også ein kjekk arena og være på.  Derfor ønskjer vi fleire foreldre som engasjerar seg. 

Så ei oppfordring, alle må huske å sjå på logoane ein har på drakta. Dette er lokale bedrifter som sponsar Stryn Fotball, bruk dei og handle lokalt. 

No er det berre å gje gass, i løpet av 8 veker, skal vårsesongen gjennomførast. 


Glede - ENGASJEMENT - Gode opplevingar.


Rune




Vi er klare til kamp

Postet av Stryn Fotball den 19. Apr 2023

Foto: Thomas Thaule - Fjordingen


Vi er klare til kamp! 

I år har J17 og damelaget blitt slått sammen til ett lag. Vi er nå en god blanding av unge og mer rutinerte spillere. Fokuset vårt har vært å få til en stor og stabil treningsgruppe – det har vi nå klart. Den siste tida har vi vært mellom 15 og 20 spillere på trening. Det har ført til kjekke treninger.

Damelaget er en herlig gjeng med jenter som er inkluderende, støtter hverandre og har det kjekt i lag. Og så klart masse godt humør – som kommer fram i garderoben, på bana og utafor bana! Det er mye fnising og prat om gutter på vei til og fra kamp – og det er akkurat slik det skal være. Nå gleder vi oss til seriestart hjemme mot Førde på fredag og håper mange tar til Stryn stadion for å heie på oss.


Lise, trenar Stryn Damer

Kampstart 19:00












Tine Fotballskule 2023

Postet av Stryn Fotball den 6. Apr 2023

Stryn Fotball skal også i 2023 arrangere Tine Fotballskule!

Nedanfor finn du påmeldingsskjema og link til info om Tine Fotballskule.

Når: 26.06-29.06 frå 10.00-15.00

Alder: 7-12 år (født 2011-2016)

Stad: Stryn Stadion

Pris: kr 1.200,- (Søskenmoderasjon: kr 900,- for born nr 2)

Påmeldingsfrist: 01.06.23

Link til påmeldingsskjema:

Påmelding

Her finn du meir info om Tine Fotballskule:

Tine fotballskole