Stryn tukta nesten serieleiaren

Postet av Stryn Fotball den 2. Sep 2023

To sentrale figurar for Stryn i dag. Keeper Karsten Hauge var Stryn sin beste spelar, bror Steinar hadde også ein god kamp og scora eit mål (gjer merksam på at dette smilebildet ikkje er frå i dag).

Stryn si startoppstilling i dag, hadde ein snittalder på 17,5 år (!). Det særedeles unge strynelaget var ikkje favoritt mot serieleiar Fjøra, med 13-1 tapet frå vårsesongen friskt i minne.

Likevel var det Stryn som synte seg skarpast før pause. Steinar Hauge avslutta eit fantastisk flott angrep med å kline ballen i nettaket frå 11 meter, og eit minst like flott solomål av Ola Holmlund Ørjasæter sørga for at heimelaget kunne gå til pause med ei voldsomt sterk (og noko overraskande) 2-0 leiing.

Fjøra var definitivt med på notane dei første 45 minutta, men ein god keeper Hauge kombinert med nokre svake avslutningar gjorde at sogndølene måtte gå svært skuffa i garderoben. Strynelaget synte voldsom vilje, og fikk godt betalt.

Andre omgang starta vanskeleg for Stryn, då eit Fjøra-innlegg gjekk via midstoppar Jesper Jepsen og i mål. Resten av omgangen kjempa Stryn litt mot overmakta, og kriga heroisk med nebb og klør for å unngå at alle poenga forsvant til fruktbygda.

Det heldt berre nesten. 6 minutt før slutt sette Malvin Gjerde inn sigersmålet for dei neongule frå Sogndal.

- Dette er eit surt tap. Men vi viser at vi er sterkare enn i vår, og vel å fokusere på prestasjonen. Kjekt å sjå at våre spelarar har tru på eigne ferdigheiter. Vi er tøffe i eige felt, vi har bra tempo i forflytningane både defensivt og offensivt. Vi vågar å spele sjølv om vi har press på oss. I andre omgang blir vi straffa på nokre overgongar i takt med at kreftene tek slutt og dei unødvendige balltapa blir fleire. Uansett er det ingen tvil om at vi kjem til å plukke mykje poeng i haust dersom vi fortset på samme nivå, seier trenar Jon Terje Tjellaug etter kampen.

Les referat, kampfakta og lagoppstillingar frå Fird Live her:
https://www.firda.no/fotball/live/match/1/691841/2209858/




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.