- Dei har tatt veldig godt imot meg

Postet av Stryn Fotball den 3. Sep 2023

Mohammad Ali kom til Stryn frå Selje før haustsesongen, og 2006-modellen har allereie spelt 2 kampar og scora 1 mål for Stryn sitt herrelag i Kretsligaen. 

Mohammad er ein ung og ambisiøs spelar, med mange spennande ferdigheiter. Vi tok ein prat med han om bytte av klubb, og ein del andre ting.

Men først haurde vi med trenar Jon Terje Tjellaug om dette nye tilskuddet til spelarstallen.
- Mohammad er eit nytt og friskt tilskot i troppen vår. Ung, ambisiøs, lettbeint og hardtarbeidande teknikar. Veldig spennande spelar som vi er kjempeglade for valde å kome til Stryn og bli ein del av Stryn Fotball. Eg såg Mohammed først for ca 5 år sidan i Selje. Allereie då var det lett å sjå at her er ein gut du kjem til å sjå meir til. Selje har vidareutvikla desse ferdigheitene på ein fin måte. Vi er kjempeglade for at Mohammed valde å kome til Stryn og kombinere fotball og skule. Ein knakande kjekke kar som vi kjem til å få mykje glede av, seier Tjellaug.

Så pepra vi Mohammad med ei del spørsmål, for å bli litt meir kjende med denne unge, blide og sympatiske karen frå Selje.

Kvifor bytta du klubb? Og kvifor vart det Stryn?
- Eg valgte å bytte klubb fordi eg vil satse på fotball, og eg har høyrt at Stryn er ein klubb som er flink å utvikle unge spelarar. Samtidig kjente eg mange i spelargruppa frå før, som Kevin, Sokrates, Emil, Jesper og fleire av dei yngste.

Har det gått fint å kome inn i spelargruppa? Har dei tatt godt imot deg?
- Det har gått kjempefint! At eg var med Stryn på Norway Cup, gjorde at eg vart kjent med endå fleire. Alle har tatt veldig godt imot meg i Stryn.

Mange lurer på om du er oppkalla etter bokselegenda og navnebror Muhammad Ali?
- Ja, det er eg faktisk! Pappa likte veldig godt boksaren, så då vart eg kalla opp etter han.

Kva gjer du på fritida når du ikkje spelar fotball?
- Då trenar eg på gymmen, er med vennar eller spelar FIFA på PlayStation.

Favorittlag og favorittspelar?
- Barcelona og Messi, ingen tvil.

Favorittmat?
- Kylling og ris.

Så litt om dine nye lagkameratar. Kven er den mest jålete?
- Kevin Hoddevik

Den med dårligast humor?
- Cato Gundersen

Den med finast sveis?
- Tomas Tjellaug

Den mest morsomme?
- Mohamed Ahmed.

Dersom du fikk ei papegøye, kva er det første du hadde lært den å seie?
- Darwin Nunez

Hjarteleg velkomen til Stryn Fotball, Mohammad!

Til slutt vil Stryn Fotball takke Selje for konstruktive forhandligar i forbindelse med denne overgangen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.