Heimesiger for Stryn mot Selje/Åheim

Postet av Stryn Fotball den 4. Sep 2023

Fredag kveld tok Stryn i mot Selje/Åheim i 3.div damer. Det vart ein målrik batalje der Stryn til slutt vann meget fortent 6-2. 

Det var imidlertid bortelaget som scora fyrste målet, allereie etter 4 min sørga Lene Refsnes for at det stod 0-1 på resultattavla. Stryn tok meir og meir over kampen og Emma Lødemel (28 min) og Victoria Bøe Fotland (33 min) sørga for at heimelaget snudde til 2-1 som og var pauseresultatet. 

I andre omgong dominerte Stryn frå start til mål og produserte fine angrep på løpande band. 2 nye scoringar av Lødemel pluss 2 frå Malin Tjellaug trygga heimesigeren, og sjølv om gjestane reduserte til 2-3 etter 60 min var sigeren i realiteten aldri truga. 

Etter at alle laga har spelt 3 kampar ligg Stryn no på 2.plass i 3.div med 4 poeng, bak Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 som toppar med 6 poeng. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.