Klart for thrilleravslutning i 3.div damer på søndag!

Postet av Stryn Fotball den 19. Okt 2023

Med Stryn sin siger over Måløy i 3.div damer tysdag er det duka for ein skikkeleg thrilleravslutning når siste runde skal spelast på søndag. 

Stryn kom under 0-1 etter halvtimen spelt mot Måløy etter scoring av Linn-Therese Leirset. Likefør pause utlikninar Stryn ved Emma Dorthea Lødemel. Stryn er det førande laget  og to kjappe scoringar av Sofie Njøten og Lødemel på nytt mot slutten av kampen sørgar for ein fortent 3-1 siger til heimelaget. Njøten si scoring er for øvrig ein meget sterk kandidat til Årets mål på Stryn Stadion! Eit knallhardt skot frå minst 30 meter smell i tverrliggaren og i mål til vill jubel frå både spelarar og publikum!

Resultatet tysdag gjer at avslutningsrunden søndag blir meget spennande! Runden blir spelt slik:
Stryn - Selje/Åheim
Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2 - Måløy

Sogndal 2 sikrar seg seriemeisterskapet med siger over Måløy. Med 3 poeng til Stryn over Selje/Åheim og alt anna enn heimesiger i Sogndal er det Stryn som tar gullet og dersom Måløy slår Sogndal 2 og Stryn ikkje vinn sin kamp er det jentene frå kystbyen som kan kalle seg seriemeister i 3.div damer 2023!

Møt opp på Stryn Stadion søndag kl 17.00 og opplev lokalfotball på sitt mest spennande LIVE!

På biletet ser du jublande strynespelarar etter 3-1 siger mot Måløy tysdag. (Foto: Thomas Thaule/Fjordingen)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.