Sparebanken Vest med stor gåve til Stryn Fotball på Fotballfesten!

Postet av Stryn Fotball den 7. Nov 2023

Sparebanken Vest har vore ein stor sponsor og bidragsytar til Stryn Fotball i mange år. Fredag  signerte banken ny sponsoravtale på 3 nye år med klubben, noko vi set stor  pris på!

Laurdag kveld kom ei ny gladmelding frå Sparebanken Vest!  Midt under Fotballfesten, foran 80 feststemte medlemmar av klubben overleverte Siri Merete Fure ein gåvesjekk på heile kr 100.000 til Stryn Fotball frå banken! Gåva kom som ei stor overrasking på alle saman, og til stor jubel kunne styreleiar Rune Ommedal ta i mot gåvesjekken frå Fure.
 
 Dei ansatte i SPV Stryn har fått med seg at endringar i Lov om pengespill har medført at vi ikkje får godkjent vårt tradisjonsrike Rabattlotteri i 2023, noko som naturleg nok medfører tapte  inntekter klubben har budsjettert med. Dei skjønte kva  dette  betyr for oss og stillte då opp med ei meget gledeleg overrasking på laurdagskvelden!

Stryn Fotball vil med dette rette ei stor takk til Sparebanken Vest for gåva, dette kjem godt med! 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.