God Jul og Godt Nytt År!

Postet av Stryn Fotball den 22. Des 2023

Nok eit aktivt år i Stryn Fotball er gått! Ca 400 små og store fotballspelarar har nytta det flotte anlegget vi har på Stryn Stadion til trening og kampar med laga sine, og til fri fotball-leik i lag med vener. Akkurat slik vi ynskjer det!

Vi har delteke på cupar, både i nærområdet og litt lengre vekke, med overnatting. Norway Cup vart ei fantastisk oppleving for laga våre i ungdomsfotballen og  Ekebergsletta formeleg krydde av folk med raude gensarar frå Stryn Fotball!
Fleire lag frå barnefotballen har delteke på Hessa Cup i Ålesund og Lerum Cup i Sogndal, og dei aller minste har vore med på Kongleriket Miniputt-turneringane til Kretsen. Stryn United fekk også sin årlege tur til Landsturneringa, denne gongen på Lillehammer. Alle saman har representert heimbygda si og klubben sin på ein fantastisk fin måte, både på og utanfor bana!

I kretsligaen endte vi på 4.plass - bak Eid på 3.plass og suverene Årdal og Fjøra heilt på topp. Stryn 2 vann 6.div avd 4, men i kampen om KM-tittelen vart det tap 1-2 for Anga. I 3.div damer endte Stryn på 2.plass i haustsesongen, bak Sogndal 2/Sogndal FK Damer 2.

Stryn Fotball vil gjerne takke alle spelarar, trenarar, lagleiarar, medlemmar i styret/utval og alle dykk andre som har stilt opp for klubben i året som har gått!

Ei ekstra stor takk til alle våre gode og trufaste sponsorar som gjer det mogleg for oss å oppretthalde den store aktiviteten vi har. 

Vi ynskjer alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År!

Helsing Stryn Fotball



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.