Fredagstreningar 2024

Postet av Stryn Fotball den 9. Mai 2024


Nytt aktivitetstilbod

Gjennom vinteren har sportsleg leiar, Øystein Hesjedal, jobba hardt med å få på plass eit tiltak som vi håpar og trur skal videreutvikle Stryn Fotball på ein positiv måte. Vi startar opp med "klubbstyrte" treningar på fredagane, første økt blir i morgon10/5  Eit tilbod for jenter og gutar født 2011-2016. 

Dette er meint for dei som vil trene ei økt utover sine lagsøkter. Ein tar utgangspunkt i Landslagsskolen når ein planlegg øktene og delar spelarane inn i differensierte grupper (tilpassa opplæring til nivå). Vi blander alder og kjønn. 


Oppbygging av økta vil være slik:

  • Oppmøte i kafèen for gjennomgang av økta
  • Prepp / raske bein (15 min)
  • Øvelse med smalt fokus (20 min)
  • Spill mot 2 mål, samme fokusområde som i øvelsen (30 min)


Treningane vil bli planlagt og gjennomført med bruk av eigne eldre spelarar i klubben. Desse blir igjen fulgt opp og veileda av Øystein Hesjedal og Rune Ommedal. Trenarane i dette konseptet er flinke i fotball, men dei har liten erfaring med trenargjerningen. Vi vil difor stille litt krav til oppførsel, fokus og interesse til dei som vel å delta på dette tilbodet.


Vi ynskjer at trenarar og foreldre snakker om fylgjande med sine spelarar/born: 

  1. Vi er på trening for å trene og held fokus mens økta pågår. 
  2. Vi snakker og oppfører oss fint ovanfor kvarandre. 
  3. Vær ein bidragsyter! Gjer andre gode, hjelp til med utstyr m.m.

Vi håpar at dette tilbodet vil være klubbutviklande for både spelarar og trenarar. Alle trenarar og foreldre i klubben er velkomne til å sjå på øktene, og ikkje minst være med i trenerteama hvis de ynskjer det!


Dei som vil være med registrerar seg i Hoopitgruppa: 

https://app.hoopit.io/join/stryn-idrettslag-116030/open/stryn-fotball-fredagstreningar-8-13-ar-644130




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.