Stryn Fotballs fyrste drømmelag!
Postet av Stryn Fotball den 9. Mai 2023
Søndag utfordra vi laga våre til å bli klubbens fyrste "Drømmelag"! Dette var tydelegvis noko som fenga for 2 dagar seinare har vi fått ikkje berre eitt, men to (!), lag som har tatt utfordringa på strak arm og fått på plass gode og store team rundt laga sine
Etter Sportsleg leiar Øystein sin modell har Jenter 8 år og Jenter 10 år engasjert foreldregruppa og fått på plass hjelpetrenarar, inkluderingsansvarlige, sosialansvarlige og heiagjeng i tillegg til hovudtrenarar og lagleiarar. Godt jobba!
Men vi gjer oss ikkje her! Stryn Fotball har som målsetting at alle laga våre skal få til dette! Ved å bygge eit "Lag rundt laget" gjer ein både jobben enklare for trenarteamet og ein skaper også ei sosial ramme som vil gjere det kjekkare for både born og vaksne, og som vi trur igjen fører til at borna blir lenger i idretten.
Så kven bli neste skal tru?
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stryn Fotball

Heimetap for Stryn i 3.div damer søndag
06.06.2023

Ola tatt ut på G15-landslaget!
06.06.2023

Årsmøte i Stryn T&I
30.05.2023

Tine Fotballskule 2023
24.05.2023

Stryn spratt over Spretten!
20.05.2023

Stryn 2 slo topplaget i nimålsthriller!
19.05.2023